Hopp til innhald
Oppgåve

Podkast: På besøk hos grøne gründerar

Northern Playground seier sjølv at kleda deira ikkje er berekraftige, og oppmodar oss til å kjøpe mindre og leike meir. Dei har også uttalt at dei ønsker å endre klesbransjen. No skal vi få høyre kva gründeren Jo Egil Tobiassen tenker om berekraft og sirkulær økonomi.

Oppgåver før du lyttar

Diskuter med ein medelev, eller skriv ned for deg sjølv svar på dei følgande spørsmåla:

  1. Kva er berekraftig utvikling?

  2. Kva ligg i omgrepet sirkulær økonomi, og kva er avfallspyramiden?

  3. Kva bør aktørar i klesbransjen gjere for å bli ein del av ei berekraftig utvikling? Tenk på heile livsløpet til eit klesplagg når du svarer på dette.

  4. Kva er grønvasking, og korleis kan aktørar i klesbransjen grønvaske? Kva må dei gjere for å unngå grønvasking?

Lytt til podkasten

Økologisk konsept med grøn by på jorda. Foto.

Grøne gründerar

I denne episoden skal vi besøke Jo Egil Tobiassen i Northern Playground. Dei reklamerer med at vi må kjøpe mindre. Kva gjer Jo Egil og Northern Playground for å bli mest mogleg berekraftige?

0:00
-0:00
Podkast: Både Og AS / CC BY-SA 4.0

Oppgåver etter du har lytta

  1. Omtrent kor stor del av klimagassutsleppet i verda kjem frå klesbransjen?

  2. Kva er målet til Northern Playground, og korleis ønsker dei å bidra til å gjere verda meir berekraftig?

  3. Kva er utfordringa med UFF og Fretex?

  4. Kvifor meiner Jo Egil at Northern Playground aldri vil drive med grønvasking?

  5. Kvifor har Northern Playground datostempling i jakkene sine?

Diskusjonsoppgåver

  1. Jo Egil seier at klesbransjen er bygd opp på ein idiotisk måte. Kva meiner han med det?

  2. Kva meiner du vil vere dei tre viktigaste tiltaka for å gjere klesbransjen meir berekraftig?

  3. Er du villig til å betale meir for klede av betre kvalitet? Og kva skal til for at du kjøper færre klede?

  4. Les artikkelen om grønvasking, og diskuter om det er fare for at Northern Playground kan drive med grønvasking, sjølv om dei ikkje seier at dei er berekraftige.

  5. Kva meiner du: Bidreg Northern Playground til å gjere klesbransjen og verda litt meir berekraftig? Kvifor, eller kvifor ikkje?

  6. Jobb saman i mindre grupper. Tenk på dei tre dimensjonane ved berekraftig utvikling og heile livsløpet til klede. Lag ei liste med ti punkt som de meiner vil vere viktige for å gjere klesbransjen meir berekraftig.