Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Jakta på grønvaskarar

No skal de ut på jakt og avsløre bedrifter som driv med grønvasking. Kva finn de?

Villeiande grønvasking

Dersom ei bedrift lagar villeiande marknadsføring og prøver å verke meir berekraftig og miljøvennleg enn ho eigentleg er, kallar vi det grønvasking. Grønvasking betyr enkelt sagt at bedrifter lurer oss til å tru at dei er betre enn dei er. Om grønvaskinga er grov, kan bedrifta bli dømd etter marknadsføringslova sin § 7 som handlar om villeiande handlingar.

Reklamefilmen God natt (Statoil, 2011)

Då Statoil (no Equinor) kom med reklamefilmen God natt i 2011, meinte nokon at dei burde bli dømde etter marknadsføringslova. Statoil meinte filmen ikkje var villeiande, men at han tok utgangspunkt i fakta. Reklamen framstiller det å leite etter olje som ei spennande skattejakt og illustrerer det med å bruke ei god natt-historie.

Sjå reklamefilmen God natt og vurder om dette er grønvasking eller ikkje. Kunne ein ha laga ein slik reklamefilm i dag?

Oppgåve

Bruk grønvaskingsplakaten og dra på jakt på nettet. Klarer de å finne døme på grønvasking knytte til kvart av dei ti punkta?

  • Fordel gjerne punkta mellom dykk.

  • Ta skjermutklipp av det de finn.

  • Lag ei felles samling av alle døma på den digitale plattforma de bruker.

  • Gå gjennom kva de har funne i fellesskap til slutt, og diskuter dei ulike døma. Kvifor er dette grønvasking? Finst det argument for at det ikkje er grønvasking?

Eit reklameskilt med bilete av eit fly og teksten: "Vi har ingen plan for å redusere utslepp, men vi har mange grønvaskingsreklamar". Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

Forbrukartilsynet har utarbeidd ein eigen rettleiar for korleis berekraftspåstandar kan, og ikkje kan, brukast i marknadsføring av varer og tenester.

CC BY-SASkrive av Hans Græsli.
Sist fagleg oppdatert 17.03.2022

Læringsressursar

Klesbransjen