Oppgåver om seksuelle rettar
Gå saman i grupper og lag ein plakat om dei seksuelle rettane. De kan dele klassen i grupper og velje om kvar gruppe skal presentere ein eller fleire rettar.
Forslag: Lag ein jury og ein plakatkonkurranse i klassen eller på skulen. Skann vinnar-plakaten og legg han ut på nettsida til skulen. Bli ein føregangsskule på å bevisstgjere kvarandre på dei seksuelle rettane.
Seksuelle rettar har det til felles med menneskerettane at dei er universelle. Seksuelle rettar gjeld for deg, anten du er sjuk eller frisk, fordi ønske om nærleik, kjærleik og eit seksualliv er eit grunnleggjande behov hos alle menneske uansett livssituasjon. Seksuelle rettar inneber at kvar person, utan diskriminering, utan tvang eller vald, kan oppnå det høgaste nivået av helse med tanke på seksualitet.
Diskuter i grupper
Kva for seksuelle rettar tenkjer de er viktigast for ungdom i dag?
Kva kan de gjere for at dykkar eigne og andre sine seksuelle rettar skal bli tekne vare på?
Diskuter om dei seksuelle rettane til ungdommar blir varetekne på ein god måte i Noreg i dag. Finn argument både for og mot.
Kva kan staten gjere for at dei seksuelle rettane skal bli endå betre varetekne i Noreg og verda? Skriv minst tre konkrete forslag.
Ein av dei seksuelle rettane dine gir deg rett til gratis diagnose og behandling av mellom anna kjønnssjukdommar, men har du smitta nokon, har du òg plikt til å gå til lege og bidra til smittesporing.
Kva kan vi bruke for å verne oss mot smitte for å hindre seksuelt overførbare infeksjonar?
Kva trur de er dei vanskelegaste utfordringane med å få til ei god smittesporing av kjønnssjukdommar?
Korleis kan vi snakke om smittesporing på ein respektfull og god måte? Gi konkrete døme.
- Tenk deg at du skal lage ein kampanje for smittesporing blant ungdom. Kva ville du valt å fokusere på? Grunngi svaret.
Relatert innhald
Ifølgje dei seksuelle rettane har alle rett på eit meiningsfullt, sjølvstyrande og sunt seksualliv.