Hopp til innhald
Du er no inne i ein læringssti

Introduksjon

CC BY-SA

Seksualiteten vår kan vere ei kjelde til gode opplevingar, og ungdomstida er ein viktig periode for å utforske og bli kjend med eigen seksualitet.

I denne læringsstien skal du

  • få kunnskap om kva seksualitet er, korleis vi kan få eit tilfredsstillande seksualliv og kva for seksuelle rettar vi har
  • diskutere ulike sider ved seksualiteten vår og korleis han blir forma
  • reflektere over korleis ungdom kan løyse konkrete seksuelle utfordringar
  • uforske korleis ungdom kan finne svar på spørsmål om seksualitet

Denne læringsstien er tverrfagleg. Han kan brukast i mange ulike fag og eignar seg godt som ein introduksjon til temaet kropp og seksualitet. De kan gå gjennom alle trinna i læringsstien eller velje ut enkelte delar.