Hopp til innhald

Kropp og seksualitet

Vi har alle rett til eit trygt seksualliv, og seksualiteten vår har mange ulike sider. Utforsk kva seksualitet er, korleis du kan få eit tilfredsstillande seksualliv, og korleis seksualiteten påverkar ulike område av livet.
Lepper møter kvarandre. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Seksualitet er ein viktig del av livet og handlar like mykje om fantasiar, kjensler og tankar som seksuelle aktivitetar. Seksualiteten er mangfaldig, og ungdomstida er ein viktig periode for å utforske og å bli trygg på eigen seksualitet.

I dette emnet fokuserer vi på mange ulike sider ved seksualitet. Seksualitet er ei kjelde til glede og nyting, og vi har laga ein læringssti om seksualitet som ein introduksjon til temaet. I denne læringsstien vil du jobbe med desse spørsmåla:

  • Kva er seksualitet?

  • Korleis blir seksualiteten vår forma?

  • Korleis kan du og andre få ein tilfredsstillande seksualitet?

  • Kva for seksuelle rettar har du?

Andre tema som vi tek opp i dette emnet, er seksuell orientering, forelsking og forhold, sexpress og samtykke. Vi har samla oppgåver og artiklar frå mange ulike fag, og det kan vere spesielt aktuelt å jobbe med dette emnet i fag som samfunnskunnskap, norsk, religion og etikk, helse og oppvekstfag og andre yrkesfag.

Det kan òg vere aktuelt for dykk å kombinere arbeidet med artiklar og oppgåver i dette emnet med artiklar og oppgåver i andre tverrfaglege emne. Desse tre emna i folkehelse og livsmeistring er spesielt relevante for kropp og seksualitet:

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 22.06.2021

Læringsressursar

Kropp og seksualitet