Hopp til innhald

Fagstoff

Seksuelle rettar

Ligg du i senga og kjenner deg tilfreds og respektert etter ei heit natt? Det er teikn på at dei seksuelle rettane dine ikkje har blitt krenkte. Du og alle rundt deg har rett på eit trygt seksualliv heile livet. Rettane gjeld i senga, på fest, heime og på gata – ja, overalt.
To personar kyssar på gata. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Er kyssing ein rett?

Du har kanskje sett, høyrt eller opplevd brot på seksuelle rettar? I Noreg er det til dømes lov til å kysse kvarandre på munnen viss begge er einige om å kysse, også på offentlege stader. Men den fridommen og retten finst ikkje i alle land. De kan risikere å få bot, til og med fengselsopphald viss de kyssar kvarandre midt på gata. Skal du ut og reise, kan det vere lurt å sjekke reglane i landet og om dei har anerkjent dei seksuelle rettane.

Seksuelle rettar

Dei seksuelle rettane er vedtekne av World Association for Sexual Health (WAS) og blitt ein del av offisiell norsk politikk. Desse rettane byggjer mellom anna på gamle grunnleggjande menneskerettar som somme land allereie har anerkjent i dei nasjonale lovene sine. Menneskesynet bak dei "seksuelle rettane" er at alle menneska i verda har rett på eit meiningsfullt, sjølvstyrande og sunt seksualliv.

Bakgrunnsinformasjon om WAS og seksuelle rettar

World Association for Sexual Health (WAS) er ei tverrfagleg, verdsomspennande gruppe av vitskaplege miljø, ikkje-statlege organisasjonar (NGO) og fagpersonar innan sexologi. Målet er å fremje seksuell helse ved å utvikle og støtte sexologisk forsking og seksuelle rettar for alle. Å få land til å anerkjenne og spreie dei seksuelle rettane ut til alle er ei av dei viktigaste oppgåvene deira.

Dei seksuelle rettane er ein del av offisiell norsk politikk og er mellom anna omtalt i Noregs strategi for seksuell helse.

Rett til kunnskap

Ein av rettane handlar om retten til å få kunnskap om seksualitet. For ungdom betyr det at dei skal få tilgang til seriøs informasjon om alt innan kropp, kjensler, seksualitet, lover og reglar. Ja, at dei skal få svar på alle spørsmåla sine.

Mange ungdommar etterlyser fakta om korleis dei kan gjere seksuallivet best mogleg for seg og partnarane sine. Og kunnskap kan hindre at vi krenkjer grensene til kvarandre. Jo meir kunnskap du får om dette, jo større sjanse er det for at du blir ein skikkeleg god elskar. Viss du ikkje får kunnskap om seksualitet og ikkje lærer om seksuelle rettar, er det ikkje lett å ta vare på eigne og andres seksuelle rettar.

24 timar

Det held ikkje å vere snill 23 timar viss du er slem ein time. Slik er det òg på det seksuelle området. Dei seksuelle rettane gjeld 24 timar, heile året, heile livet. Alle har rett til å bestemme over sin eigen kropp. Den seksuelle lågalderen er 16 år i Noreg. Det betyr at frå du er 16 år, kan du gjere kva du vil seksuelt med andre over 16 år, så lenge de begge samtykkjer. Utan samtykke er dette straffbart ifølgje norsk lov og brot på dei seksuelle rettane.

Tre fjortenårige jenter står framfor Stortinget. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Rett på respekt

Du sjølv og andre har rett på respekt som seksuelle individ ifølgje dei seksuelle rettane. Somme ungdommar seier at dei har blitt behandla som ein ting eller eit objekt og ikkje eit menneske med kjensler. Slik behandling kan gi vonde opplevingar og minner. Skal vi lage gode seksuelle minne og relasjonar, må vi ikkje behandle kvarandre som ting. Eit tydeleg teikn på at vi behandlar kvarandre med respekt, er at vi ser og lyttar grundig til kvarandre sine kjensler, meiningar og ønske. Med ei slik omsynsfull åtferd er det lettare å få og behalde vener og kjærastar.

Elsk kva kjønn du vil

Dei seksuelle rettane understrekar at alle har rett til sjølv å bestemme kva kjønn dei blir forelska i. Rettane understrekar òg at du har rett til å elske med kven du vil, så lenge de er einige og har samtykt. I Noreg har vi stor fridom til å bli forelska og leve ut kjærleiken vår. Vi kan bli kjærastar og gifte oss med kva kjønn vi vil. I enkelte andre land er dette verken lov eller ein rett borgarane har.

To jenter kyssar kvarandre. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Rettar påverkar

Ikkje berre kunnskap, men også tryggleik og tillit er noko vi treng viss vi skal få lyst til å gjere noko seksuelt. Når kroppen er anstrengd eller bekymra, er det vanskeleg å bli kåt, våt og seksuelt tent. Forklaringa er at blodårene trekkjer seg saman når vi kjenner oss pressa, og då kjem det mindre blod ut i svamplekamane i kjønnsorgana. Ein ereksjon (reisning) treng blodsirkulasjon for å bli hard. Dei aller fleste kjønnsorgana kan bli erigerte. Ereksjon synest tydelegare på penis som ligg utanfor kroppen enn på klitoris som ligg innover i kroppen.

Rett til seksuell helse

Somme av dei seksuelle rettane dine handlar om helsa di, til dømes at du har rett til å velje lege sjølv. Legen din har teieplikt. Det betyr at du kan fortelje og spørje om alt du vil hos legen eller anna helsefagleg personell. Du har rett på god prevensjonsrettleiing og å få eit prevensjonsmiddel du kjenner deg trygg med. Her i Noreg får ungdom mellom 16 og 22 år økonomisk støtte for å dekkje heile eller deler av kostnadene for prevensjon, som mellom anna kondom, p-piller, p-plaster, p-ring, p-stav og spiral. Med sikkert vern blir det lettare å nyte seksuallivet og å oppnå orgasme.

Ei ung jente sit og snakkar med ein helsesjukepleiar på eit kontor. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Rett på gratis hjelp og behandling

Den helserettslege myndigheitsalderen i Noreg er 16 år. Dette betyr at ungdom som har fylt 16 år, har rett til å få informasjon og ta avgjerder om eiga helse. Helsestasjon for ungdom (HFU) er eit gratis tilbod for alle mellom 12 og 20 år. På ein HFU kan du få svar på spørsmål, hjelp og råd frå helsesjukepleiar, lege, jordmor og psykolog. Alle har teieplikt. Både fastlegar og HFU-ar tilbyr gratis test og behandling av kjønnssjukdommar.

Andre døme på kva du kan få gratis hjelp til, er samtalar etter overgrep, eller viss du opplever problem etter omskjering eller kjønnslemlesting – då har du òg rett på hjelp av lege.

Rett til å bestemme over eigen kropp

I norsk politikk og historie står kvinnehelse sterkt. Kvinner har sidan 1970-talet fått meir og meir råderett over sin eigen kropp, mellom anna retten til å kunne planleggje eigne graviditetar. Kvinner har rett til sjølvbestemd abort innan utgangen av 12. svangerskapsveke. Ønskjer ho å bere fram barnet, får ho tilbod om gratis svangerskapskontrollar og éin kontroll er med ultralyd.

I andre delar av verda er særleg jenter og kvinner fråtekne slike rettar. Millionar av jenter og kvinner døyr kvart år på grunn av komplikasjonar knytte til kjønnslemlesting, graviditet og fødsel.

CC BY-SASkrive av Stine Kühle-Hansen .
Sist fagleg oppdatert 19.05.2021

Læringsressursar

Kropp og seksualitet