Nytt miljø
Dei fleste som startar på ein ny skule er både spente og nervøse for korleis det kjem til å gå. Då kan det vere viktig å hugse at dei fleste har det på den same måten. Dei fleste er på utkikk etter nye menneske å bli kjent med, og starten på vidaregående er ei god moglegheit for å få nye vener og bli kjent med eit nytt miljø.
Gode relasjonar startar med at vi er nysgjerrige og viser interesse for andre.
Intervju
- Førebu fem intervjuspørsmål til sidemannen.
- Gjennomfør eit kort intervju.
- Gå saman i grupper og presenter sidemannen din for dei andre i gruppa.
To sanningar og ei løgn
- Skriv ned tre fakta om deg sjølv. To av dei skal vere sanne og eit skal vere løgn.
- Gå saman i grupper på fire–fem personar.
- Presenter faktaa om deg sjølv for dei andre i gruppa. La dei gjette kva som er sant og kva som er løgn.
Gode relasjonar er ofte avhengig av at vi kommuniserer ærleg og oppriktig. I desse oppgåvene skal du reflektere over korleis vi viser kjensler og øve deg på å tilpasse deg og sjå korleis andre har det.
Vise kjensler?
Diskuter to og to.
- Kvifor kan det vere viktig å vise kjensler?
- Kvifor forsøkjer vi ofte å skjule kjenslene våre?
Ver ein spegel for kvarandre
- Jobb saman to og to.
- Den eine mimar ulike kjensler, til dømes sorg, glede, sinne eller bekymring. Den andre skal forsøkje å etterlikne kjensla på same måte.
- Bytt roller etter eit par minutt.
Gjett kjensla
I løpet av eitt og eit halvt minutt skal gruppene skrive ned så mange ulike kjensler som dei kjem på. Læraren tar tida og gruppene jobbar på følgjande måte:
- Alle i gruppa skal forsøkje å skrive ned så mange ord som mogleg på lappane dei har framfor seg.
- Skriv berre éi kjensle på kvar lapp.
- Når éin i gruppa har skrive ned ei kjensle på lappen sin, roper han eller ho ut ordet høgt og legg det i midten. På den måten høyrer alle i gruppa kva for eit ord det er, og de unngår å skrive same ord fleire gonger.
- Kvar gruppe tel opp kor mange forskjellige kjensler dei har skrive ned. Den gruppa med flest ulike kjensler vinn.
- No skal de mime kjenslene for kvarandre. Gjer det på følgjande måte:
- Legg alle lappane de har skrive på i midten med den blanke sida opp.
- Førstemann trekkjer ein lapp og skal mime kjensla for dei andre. Det er ikkje lov å seie eller skrive noko, og dei andre i gruppa skal gjette kva for ei kjensle det er.
- Alle i gruppa skal mime minst to kjensler kvar.
- Oppsummer til slutt i klassen.
- Kva for kjensler var det vanskelegast å mime?
- Korleis kan du kommunisere kjensler som er vanskeleg å vise?
- Korleis kan du gjere det enklare for ande å kommunisere slike kjensler?