Hopp til innhald
Du er no inne i ein læringssti

Oppgåver og aktivitetar

Ny på vidaregåande - tre elevforteljingar

Kva tenkjer du er dei største utfordringane ved å starte på vidaregåande, og kva kan du gjere for takle dei best mogleg?

Overgangen frå ungdomsskulen til vidaregåande blir opplevd veldig forskjellig. For nokre er ikkje overgangen så stor, for andre er han dramatisk. For nokre er vidaregåande ein ny og etterlengta start, mens han for andre byr på store utfordringar.

Før du ser videoen:

Diskuter med sidemannen. Kva trur de er dei største utfordringane ved å starte på videragåande?

Sjå første del av filmen og gjer oppgåvene til del 1. Sjå deretter siste del av filmen og gjer oppgåvene til del 2.

Oppgåver til del 1

Sjå første del av filmen og diskuter i grupper.

  1. Kva var dei største utfordringane til Charles, Sigurd og Lene i filmen?
  2. Korleis kan Charles, Sigurd og Lene takle utfordringane sine på best mogleg måte? Kom gjerne med konkrete forslag.

Oppgåver til del 2

Sjå andre del av filmen og diskuter i grupper.

  1. På kva ulike måtar forsøkte Charles, Sigurd og Lene å løyse problema sine?
  2. Kva tenkjer de om måten dei løyste problema på? Kva anna kunne dei gjort for å løyse utfordringane sine?
  3. Kva kan klassen gjere for å inkludere Charles, Sigurd og Lene?

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 20.12.2019