Introduksjon
CC BY-SA 4.0
Relasjonane til medelevane dine er viktig for korleis du trivst på skulen. Saman med klassekameratane dine kan du skape eit miljø som inkluderer alle.
I arbeidet med læringsstien får du
- øve deg på å bli betre kjent med klassekameratane dine
- diskutere korleis du skaper gode sosiale relasjonar
- kunnskap om roller og sosialisering og kva som påverkar sjølvtilliten din
- skape eit produkt som bidreg til samhald og inkludering
- reflektere over korleis klassen din kan inkludere alle elevane
Denne læringsstien er tverrfagleg. Den kan brukast i alle fag, men nokre artiklar og oppgåver passar spesielt godt i samfunnskunnskap, norsk og mediefag.