Hopp til innhald

Fagstoff

Elevmedverknad og elevdemokrati

I norsk skule skal du som elev kunne påverke forhold på skulen som gjeld deg sjølv og kvardagen din. Du skal ha elevmedverknad, og kunne engasjere deg i elevdemokratiet gjennom elevrådet.

Kvifor skal elevar ha medverknad?

Det er hovudsakleg to grunnar til at de som elevar i norsk skule skal ha medverknad.

Betre læring: For det første skal elevmedverknad føre til betre læring. Dersom du får vere med å påverke skulekvardagen din, vil du sannsynlegvis ta meir ansvar for eiga læring, og skulearbeidet vil kjennast meir meiningsfullt. Då vil du òg bli meir motivert til å lære, oppleve meistring og lære meir.

Demokratiske medborgarar: For det andre skal elevmedverknad bidra til at norske barn og ungdommar får oppleve å vere del av ein demokratisk fellesskap. Elevmedverknad skal gjere norske elevar til gode demokratiske medborgarar som fungerer godt i ein fellesskap. Dei skal få oppleve at det nyttar å seie meininga si og delta aktivt i samfunnet.

Elevmedverknad er ein rett

Du som elev har rett til medverknad i alt som gjeld deg sjølv, ifølge lova (Opplæringslova, 2023, § 1–2). Medverknad betyr at at ein har rett til å seie meininga si, bli høyrd og teken på alvor. Det betyr ikkje at ein har rett til å bestemme. Når du snakkar med læraren din om at du føretrekker munnlege vurderingar, eller at du blir forstyrra i timane, har læraren plikt til å lytte til deg og ta deg på alvor. Det er likevel ikkje alltid du kan få ønska dine oppfylte, men då bør du kunne få ei grunngiving.

Elevar står rundt eit bord saman med læraren som viser noko i ei bok. Alle smiler og ler. Foto.

Slike samtaler mellom lærar og elev er kanskje den vanlegaste forma for elevmedverknad. Elevmedverknad kan òg handle om at de som elevar blir involverte i planlegginga av undervisning, val av tema, arbeidsmetodar og vurderingsformer.

Elevmedverknad i klasserommet mellom læraren og enkeltelevar, og mellom læraren og klassen, er ein del av det vi kan kalle elevdemokratiet. Elevane blir involverte i avgjerder i klasserommet på same måten som folket i eit demokrati blir gitt høve til å bli involvert i politikken i landet Men elevdemokratiet går òg på tvers av klassar, og handlar òg om saker som involverer leiinga på skulen. Her speler elevrådet ei viktig rolle.

Elevrådet

Alle skular skal ha eit elevråd. Alle klassar skal vere representerte i elevrådet med ein tillitselev som blir vald i klassane saman med ein vara som stiller i elevrådet viss tillitseleven ikkje kan. Elevrådet skal jobbe for at skulen skal vere ein god stad å vere og lære, og elles jobbe med elevane sine felles interesser. Tillitseleven skal representere klassen sin, og ikkje seg sjølv. Derfor bør klassen ha møte der de kan ta opp viktige saker – til dømes i klassens time viss skulen har dette. Tillitseleven møter i elevrådet og kan ta opp saker der på vegner av klassen sin. Tillitseleven kan òg ta opp saker som gjeld klassen sin direkte med faglærar, kontaktlærar eller leiinga utan å gå via elevrådet.

Ei mogleg kampsak: Meir medverknad!

Elevundersøkingar viser at norske elevar ikkje opplever tilstrekkeleg medverknad i skulen:

Utdanningsnytt: Mener elevene i større grad må få påvirke hvordan de skal jobbe med fagene

Tenk etter: Har de for liten medverknad på skulen dykkar? Kan de som elevar i tilfelle gjere noko med dette? Kva slags medverknad ønsker de?

Elevorganisasjonen

Elevorganisasjonen er interesseorganisasjonen til elevane. Det er opp til elevane på kvar enkelt skule å avgjere om skulen skal vere medlem i Elevorganisasjonen. I 2024 hadde organisasjonen rundt 180 000 elevar og lærlingar som medlemmer. Elevorganisasjonen jobbar for interessene til elevane og skal vere uavhengig av politiske parti. Ein gong i året blir Elevtinget arrangert, der representantar frå alle medlemsskulane kan vere med å bestemme kva saker Elevorganisasjonen skal kjempe for.

Elevorganisasjonen hjelper skular med elevrådsarbeid, taler elevane si sak i møte med politikarar og i media, og dei tek tak i enkeltsaker der dei meiner rettane til elevane blir brotne. Elevorganisasjonen arrangerer òg den årlege Operasjon Dagsverk-aksjonen. Operasjon Dagsverk er ein solidaritetsaksjon der elevane jobbar ein dag for å samle inn pengar. Pengane går til eit formål som blir bestemt av elevane gjennom Elevorganisasjonen.

Ei stor forsamling ungdom sit i ein sal. Mange av dei held opp eit gult ark. Foto.

Kjelder

Bolstad, B. (2023). Elevmedvirkning og agency. Skolelederen, 2023 (5), 22.25. https://www.uv.uio.no/forskning/satsinger/fiks/kunnskapsbase/elevmedvirkning/skolelederen-05_2023-22-25.pdf

Elevorganisasjonen. (u.å.). Dette er Elevorganisasjonen. https://elev.no/om-eo/

Elevorganisasjonen. (u.å.). Organisasjonen. https://elev.no/om-eo/organisasjonen/

Heie, M. (2023, 23. mai). Slik kan du som lærar bidra til elevmedverking i skulen. https://www.uv.uio.no/ils/forskning/aktuelt/aktuelle-saker/2023/elevmedverking.html

Henriksen, Ø. (2023, 2. august). Elevråd i Store norske leksikon. https://snl.no/elevråd

KS. (2023, 21. januar). Elevmedvirkning er viktig for demokratiforståelsen https://www.ks.no/fagomrader/barn-og-unge/videregaende-opplaering/elevmedvirkning-er-viktig-for-demokratiforstaelsen/

KS konsulent AS / Oxford Research AS, (2022). Elevmedvirkning – FoU om hvordan elevmedvirkning kan styrkes i norske skoler i tråd med læreplanverket. https://www.ks.no/contentassets/a493533676044e4c804ddd0637e3112f/FoU-elevmedvirkning.pdf

Opplæringslova.(2023). Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa. (LOV-2023-06-09-30). Lovdata. https://lovdata.no/lov/2023-06-09-30

Sirnes, S. M. (2023, 25. januar). Elevdemokrati i Store norske leksikon. https://snl.no/elevdemokrati

CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 10.04.2024

Læringsressursar

Elevdemokratiet