Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva er ein god tillitselev?

Det er ofte fleire enn dei som melder seg frivillig som kan eigne seg som tillitselev. I denne oppgåva skal de prøve å finne nokre skjulte talentar i klassen.

Intervju

Gå saman to og to. Det er fint viss de ikkje kjenner kvarandre godt frå før. Still kvarandre følgande spørsmål:

  1. Kva liker du å gjere på fritida?

  2. Kva positive eigenskapar har du?

  3. Liker du å snakke med andre?

  4. Bryr du deg om korleis dei rundt deg har det?

  5. Liker du å jobbe saman med andre for å skape endringar?

  6. Kva synest du om det å ta ordet i forsamlingar, til dømes i klasserommet eller i møte?

  7. Blir du engasjert viss du meiner andre blir utsette for noko urettferdig eller feil?

  8. Kva for nokre andre ting engasjerer deg?

  9. Du er rektor for ein dag. Kva ville du forandra i skulen viss du hadde heilt frie taumar?

Gruppediskusjonar

Set dykk saman med eit anna par.

  1. Diskuter: Kvifor er det viktig å ha tillitselev i klassen?

  2. Ta ein runde i gruppa. Kvar person presenterer den dei intervjua for dei andre. Kva for nokre positive eigenskapar har den du intervjua som kunne gjere hen til ein god tillitselev? Fokus på positive eigenskapar og ver raus med kompliment.

  3. Diskuter kven i gruppa som kunne eigne seg som elevrådsrepresentant (uavhengig av om hen har lyst til å stille). Kvar gruppe må komme med minst eit, eller aller helst fleire, forslag.

Oppsummering i plenum

Kvar gruppe presenter nokon i gruppa som har eigenskapar som kan gjere dei til gode tillitselevar.

CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen og Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 10.04.2024

Læringsressursar

Elevdemokratiet