Hopp til innhald

Verktøy og mal

Val av tillitselev

Då har tida komme for å velje tillitselev. Her er nokre tips på vegen.

Prinsipp ved val

Sjølv om vala kan gjennomførast litt ulikt, finst det nokre grunnleggande prinsipp som alle må følge:

  • Alle kan melde seg som kandidat.

  • Alle kan foreslå kandidatar.

  • Det er frivillig å stille som kandidat.

  • Valet er hemmeleg og skal haldast skriftleg (viss det er fleire kandidatar).

  • Talet på stemmer på dei ulike kandidatane skal ikkje annonserast.

Kven bør du velje?

Når du skal bestemme deg for kven du skal stemme på, bør du først og fremst legge vekt på om vedkommande eignar seg til rolla som tillitsvald. Tenk på dei ulike eigenskapane som de har diskutert i klassen. Nokre av dei viktigaste tinga å tenke på kan vere:

  • Er dette ein elev som tek rolla som tillitselev seriøst?

  • Er det ein elev du kan stole på?

  • Er det ein elev som bidreg til eit godt klassemiljø?

  • Er dette ein elev som tør å ta ordet?

  • Er dette ein elev som kan legge til side eigne meiningar og snakke på vegner av alle i klassen?

Gjennomføring av val

Det er ulike reglar for korleis og når det skal veljast tillitselev på ulike skular. Her er eit forslag til korleis valet kan gjennomførast.

Kontaktlærar organiserer valet.

Få fleire til å stille til val!

De bør prøve så godt de kan å få fleire kandidatar til å stille, slik at det blir eit reelt val. Ver flinke til å foreslå kvarandre og ver rause med komplimenta. Viss nokon foreslår deg, bør du seriøst vurdere å stille, sjølv om du i utgangspunktet ikkje hadde tenkt til å melde deg som kandidat.

Dersom berre éin stiller, kan de "klappe inn" kandidaten. Det vil seie at de klappar for å vise at de godtek at den eine kandidaten blir tillitselev utan at det blir gjennomført eit val. De bør òg prøve å få nokon til å stille som vararepresentant.

  1. Skriv opp namn på dei som melder seg som kandidatar.

  2. Skriv opp namn på andre som blir foreslått.

  3. Dei som er foreslått, får høve til å trekke seg.

  4. Del ut éin lapp til kvar elev i klassen.

  5. Alle skriv eitt namn på lappen og leverer til kontaktlæraren.

  6. Kontaktlæraren tel opp stemmene.

  7. Stemmer som går til andre enn kandidatane, blir forkasta.

  8. Kontaktlærar annonserer kven som fekk flest stemmer, og kven som fekk nest flest stemmer.

  9. Den som fekk flest stemmer, blir tillitselev. 👏

  10. Den som fekk nest flest stemmer, blir vara. 👏

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 10.04.2024

Læringsressursar

Elevdemokratiet