Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kvifor treng vi eit elevdemokrati?

Treng vi elevrådet? Nyttar det å engasjere seg? I denne videoen får du treffe eit elevråd som fekk til viktige endringar på skulen sin.

Sjå filmen og diskuter spørsmåla under:

  1. Kvifor er elevrådet viktig?

  2. Kva eigenskapar treng ein tillitselev, ifølge elevane i filmen?

  3. Er det fleire eigenskapar som er viktige, meiner de?

  4. Kva problem oppstod under koronapandemien på skulen i filmen, og kva gjorde elevrådet for å få til endringar på skulen?

  5. Har de døme på at elevrådet fekk til endringar då de gjekk på barne- eller ungdomsskulen?

  6. Kva er Elevorganisasjonen?

  7. Kvifor treng vi ein elevorganisasjon?

CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 10.04.2024

Læringsressursar

Elevdemokratiet