Hopp til innhald
Rettleiing

Kom i gang med OD!

Med Operasjon Dagsverk blir elevmedverknad og global urettferd sett på timeplanen. Skulen bestemmer sjølv korleis OD blir gjennomført, men her har vi samla nokre tips til korleis de kjem i gang!

Ansvarsfordeling og oppgåver

Opprett ein skulekomité!

Skulekomitéen har ansvaret for å arrangere Operasjon Dagsverk på sin skule. Somme stader har elevrådet eller valfaget "Innsats for andre" denne oppgåva, andre stader er skulekomitéen ei heilt eiga gruppe. Arbeidet inneber å gi all nødvendig informasjon til elevar og lærarar, og å gjennomføre Internasjonal veke og OD-dagen. Dei viktigaste oppgåvene er å planlegge og arrangere Internasjonal Veke, skaffe jobbar til OD-dagen, lage opplegg til dagen på skulen og halde oversikt over elevane som jobbar på OD-dagen.

Hugs lærarane!

Det er viktig å ha lærarane med på laget. Dei er ein kjempeviktig ressurs med mykje erfaring. Vi må sørge for at også dei veit om årets prosjekt, kva undervisningsressursar vi tilbyr, og korleis dei kan bidra. Viss de får til eit godt samarbeid mellom skulekomitéen og lærarane, blir Operasjon Dagsverk garantert ein stor suksess på skulen dykkar!

Fordeling av ansvar

Å fordele ansvar og arbeidsoppgåver er lurt. Det finst mange måtar å fordele på, men ei vanleg inndeling av kva dei ulike rollene inneber, er denne:

Leiar
  • leier arbeidet med OD

  • set saman ein skulekomité på skulen

  • har ansvar for at alt blir gjort riktig og til rett tid

Tips: Lag ein møteplan for hausten og inkluder alle i arbeidet med planen – også sosiale aktivitetar.

Internasjonal Veke-ansvarleg
  • planlegg og arrangerer aktivitetar og program for IU

  • har ansvar for å snakke med skuleleiinga, slik at det blir sett av tid til IU i undervisninga

  • oppmodar lærarar til å integrere OD i undervisninga og bestille foredrag

Tips: Start planlegginga tidleg og sørg for at skulekomitéen og lærarane blir inkluderte i arbeidet. Sjå til at teknisk utstyr og nøklar er på plass, og lag eit samarbeid med lærarar om at dei skal registrere fråvær.

Nyttige lenker:

od.no: Gjennomføring av Internasjonal Uke

od.no: Bestill besøk fra OD!

Økonomiansvarleg
  • har ansvar for å halde oversikt over innbetaling frå elevane som jobbar på OD-dagen og føre fråvær

  • set opp eit budsjett over pengebeløp som eventuelt er gitt til bruk under IU eller OD-dagen

Tips: Samarbeid med kontaktlærarane for kvar klasse om å føre fråvær på OD-dagen. Logg inn på oversikta til skulen (sjå lenke under).

od.no: Elevoversikt på OD-dagen

Informasjonsansvarleg
  • er bindeleddet mellom skulekomitéen, lærarane og elevane og sørger for at informasjonen kjem fram dit han skal i tide

Tips: Ha informasjonsmøte og miniforedrag i klassane og tips elevane om kvar dei kan skaffe seg jobbar. Heng opp program og lappar på skulen og sørg for at ODs materiell blir delt ut i klassane. Bruk nettsida til skulen, Teams/Fronter/It's Learning/Skolearena eller liknande til å spreie informasjon.

Informasjonsskriv, plakatar, foredrag og liknande finn de på denne sida:

od.no: Ressurser til gjennomføring

OD-dagansvarleg
  • lagar opplegg for elevar som ikkje jobbar på OD-dagen

Tips: Sjekk tipsa våre til opplegg. Få hjelp av lærarane på skulen med fråvær og ro og orden.

od.no: OD-dagen på skolen

Jobbansvarleg
  • hjelper elevar som ikkje klarer å finne seg ein jobb ved å tipse dei om kvar dei kan finne jobbar og kva dei kan gjere

  • prøver å ordne nokre ekstra jobbar, slik at de kan hjelpe dei som treng hjelp til dette

Tips: Kontakt bedrifter, kommunen, sjukehus, eldresenter og så vidare. Under vil de finne ein mal for slike førespurnader. Kontakt media! Bruk aviser og radio til å oppmode privatpersonar og bedrifter til å vere arbeidsgivarar.

Nyttige lenker:

od.no: Jobb på OD-dagen

od.no: Ledige jobber

Kva skjer når?

Etter at det er sett ned ein skulekomité og ansvarsoppgåvene er fordelte, er det tid for å planlegge hausten. Her kan de lese om kva som skjer når:

Når skulekomitéen er sett ned og ansvaret fordelt
  • Snakk med lærarane og leiinga om å setje av tid til Internasjonal Veke.

  • Delta på skulekomitéseminar i regi av distriktskomitéen din eller etterspør skulebesøk eller digital utdanning.

  • Undersøk kva som er mogleg å gjere under Internasjonal Veke. Berre kreativiteten set grenser!

Nyttige lenker:

od.no: Internasjonal Uke

od.no: Kontakt distriktskomitéen din

od.no: Aktiviteter til Internasjonal Uke

Før Internasjonal Veke
  • Informer elevar, lærarar og foreldre om OD, Årets prosjekt, Internasjonal Veke, undervisning, jobbar og betaling.

  • Lag program til Internasjonal Veke.

  • Få oversikt over kva for elevar som skal jobbe, og kven som treng hjelp til å finne jobb.

  • Informer elevar om korleis dei kan finne jobb og inviter dei til å registrere seg for å få betalt! Kontakt potensielle arbeidsgivarar.

  • Planlegg opplegg på skulen for dei elevane som ikkje jobbar.

  • Søk pengar frå EO-fondet.

Nyttige lenker:

od.no: Ressurser til gjennomføring

od.no: Jobb på OD-dagen

od.no: OD-dagen på skolen

od.no: Søk om midler til Internasjonal Uke

Etter OD-dagen
  • Få oversikt over innbetalingar og før fråvær.

  • Evaluer arrangementet og set ned ein skulekomité for året etter.

  • Arranger prosjektval på skulen på nyåret.

od.no: Vær med å velge prosjekt

ODs tempoplan

For fullstendig oversikt over kva som skjer når, sjekk ut ODs tempoplan.

od.no: ODs tempoplan

CC BY-SA 4.0Rettshavar: Operasjon Dagsverk
Sist fagleg oppdatert 01.09.2023