Hopp til innhald
Fagartikkel

Skotsikker framtid

I Colombia står ungdom i skotlinja mellom væpna grupper, militæret, politiet og kriminelle miljø. Ungdommar veks opp med vald rundt seg, og somme er så unge som ti år når dei blir rekrutterte til væpna grupper fordi dei manglar alternativ. Fleire stader er åtte av ti unge heilt utan skuletilbod.

Årets OD-prosjekt støttar ungdom i Colombia

Sjølv om Colombia er eit av dei farlegaste landa i verda å vere menneskerettsforkjempar i, står ungdom saman i front og kjempar for rettane sine. Det handlar ikkje berre om vern, men om å styrke deira eiga framtid og notid. Årets OD-prosjekt skal støtte ungdomsorganisasjonar som gir unge alternativ til vald. Prosjektet skal òg gi kunnskap og ferdigheiter til unge, slik at dei kan påverke styresmaktene. I tillegg bidreg prosjektet til at ungdom står sterkare rusta mot rekruttering til kriminalitet.

Kva gjer ungdom skotsikre?

Vi utstyrer oss alle med vern i møte med både framtida og notida. Identiteten, kulturen, familien vår og vennene våre er ein del av ballasten i tillegg til interesser og fellesskap. Dette gjer oss i stand til å møte dei mange utfordringane livet kastar imot oss.

Prosjektet i Colombia

Hovuddelen av prosjektet skal gjennomførast i regionen Cauca, sørvest i Colombia, der fleirtalet av partnarorganisasjonane har mest aktivitet. Prosjektet går over fire år, og ungdom mellom 13 og 19 år står sentralt i arbeidet.

Ungdom står i skotlinja mellom væpna grupper, militæret, politiet og kriminelle miljø. Mange seier det kjennest som å bu i ei krigssone, og barn veks opp med vald rundt seg. Somme er så unge som ti år når dei blir rekrutterte til væpna grupper fordi dei manglar alternativ. Fleire stader står åtte av ti unge heilt utan skuletilbod, og talet på sjølvmord blant ungdom aukar. Ungdommen sjølv vil ha ei endring, og dei vil kjempe for ei betre framtid og notid. Med dette prosjektet skal organisasjonen nå ut til 10 000 ungdommar, og målet er at colombiansk ungdom skal sjå mogelegheiter og alternativ til vald. Dei må få verktøy som hjelper dei å stå i mot rekruttering til kriminelle miljø. I tillegg må ferdigheitene deira som handlar om rettsarbeid og påverknad blir styrkte.

I videoen under møter vi ungdommar som trass i store utfordringar kjempar for rettane sine og for ei skotsikker framtid.

Sentrale tema

Årets OD handlar om gode og dårlege fellesskap, identitet og urfolk.

Fellesskap

Finst det berre gode fellesskapar? Og kan dårlege fellesskapar opplevast som gode?

Ein fellesskap blir ofte kjenneteikna av samhald – ein stad der vi kjenner oss heime – og ein stad der vi får mogelegheiter. Mange vil kanskje meine at ein fellesskap må vere fysisk, men må han eigenleg det? Ungdom bruker digitale fellesskap kvar dag. Det knyter dei saman med likesinna, og kjensla av ein fellesskap gjennom digitale medium kan opplevast like sterk som ein fysisk fellesskap. Men kva skjer når kjensla av fellesskap overgår alt, og ytringane i fellesskapen fremmer valdelege og ekstreme handlingar? Og kva viss det er det einaste alternativet?

Identitet

Korleis vi opplever oss sjølv til liks med og til forskjell frå andre menneske, er kjernen i identiteten vår.

Ein identitet kan vere både personleg og kollektiv, samtidig som han kan handle om kjønn og etnisitet. Vi kan kjenne fellesskap gjennom identiteten vår, og vi kan kjenne på einsemda. Sjølv om identitet stiller spørsmålet om kven vi er, betyr ikkje det at han er konstant. Vi kan forandre identitet heile livet og kan til og med forandre han fleire gonger gjennom dagen. Kven er du i familien, i vennegjengen, i idrettslaget og på skulen?

Urfolk

Territorium og retten på desse er essensen i mange konfliktar over heile verda. Definisjonen og uttrykket urfolk kjem av at område har blitt erobra av andre.

Colombia er ikkje noko unntak, og dei territoriale rettane står sentralt i konflikten. Urfolk ønsker å verne om områda sine, språket, kulturen og levemåten, slik at måten dei lever på ikkje døyr ut – dei vil behalde den kollektive identiteten. I Noreg er vi dessverre ikkje noko betre til å anerkjenne urfolk enn mange andre land. Vi må heilt fram i tid – til 2023 – før samane fekk status som urfolk i Grunnlova. Fosen-saka same året er eit av fleire døme på at rettar til territorium blir underkjende av staten.

Kva skal vi gjere?

Ungdom treng trygge fellesskap, mogelegheiter og alternativ til vald, slik at frykta aldri overgår håpet for framtida. Saman med SAIH (Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond) og fire lokale ungdomsorganisasjonar skal OD-prosjektet ha fokus på desse sakene:

1. Støtte ungdomsorganisasjonar som gir alternativ til vald

Ungdomsorganisasjonane står ved frontlinja og kjempar for rettferda til ungdom. Dei jobbar for å unngå at dei sjølv eller andre dei er glad i, blir tekne ut av kvardagen sin for å bere våpen og bli kriminelle. Ungdomsorganisasjonane skal skape trygge møteplassar med aktivitetar som

  • sport, kunst og kultur

  • opplæring i konfliktløysing

  • utdanning og jobb

2. Bygge nettverk og halde kurs for unge, slik at dei blir sterkare rusta til å stå imot rekruttering

Ungdommar skal få tryggleiken og støtta dei treng for å stå imot rekruttering til væpna grupper og kriminelle miljø. Saman skal dei utveksle kunnskap og erfaringar, der psykisk helse, identitet og livsmestring står sentralt. Ungdom skal bli sterkare rusta til å stå imot rekruttering til kriminalitet gjennom

  • traumebehandling og psykologhjelp

  • aktivitetar og møteplassar som skaper samhald

  • kurs i livsmeistring

  • nettverk og støttegrupper for ungdom i risiko

3. Gi ungdom kunnskap og ferdigheiter til å påverke styresmaktene

Colombia er eit land der ungdommar ikkje blir høyrde og tekne på alvor. Ungdom skal styre verda i morgon, og viss vi skal skape berekraftig utvikling, er perspektiva deira viktige i dag. Colombiansk ungdom skal få dei verktøya dei treng for å kunne påverke sine eigne liv gjennom lokalmiljøet og politikken. Det skal organisasjonen gjere gjennom

  • leiartrening

  • opplæring i politisk påverknad og rettar

  • utarbeiding av eit forslag til utdanningsreform

  • kartlegging av samanhengar mellom manglande utdanning og krig

Denne artikkelen er skriven av Operasjon Dagsverk og kan òg lesast på nettsidene deira: Skuddsikker framtid (od.no).

CC BY-SA 4.0Rettshavar: Operasjon Dagsverk
Sist fagleg oppdatert 29.08.2023