Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Rollespel: Eit urettferdig kappløp

I denne øvinga skal de setje dykk inn i konkrete roller, og de får oppleve kor store forskjellar det kan vere mellom Colombia og Noreg.
To unge menn sit på ei trapp med armen over skuldra til kvarandre. Den eine er frå Noreg, og den andre er frå Colombia. Foto.
Til læraren

Under finn du eit dokument med rollekort til denne aktiviteten. Skriv ut og klipp opp rollekorta før timen.

Filer

Del ut korta slik at rundt 40 prosent av dei som deltek, er frå Colombia, og dei resterande 60 prosentane er frå Noreg. Elevane skal ikkje vise korta sine til nokon.

Førebuingane og refleksjonen etterpå kan gjerast i klasserommet på dei vanlege plassane, men "ta eit skritt fram"-øvinga krev litt plass.

Når du les opp påstandane, er det viktig å gi elevane god tid til å tenke. Pausen mellom påstandane skal vere lang nok til at deltakarane kan legge merke til korleis dei andre flyttar på seg – eller ikkje flyttar på seg. Elevane skal ikkje snakke saman under øvinga. Du kan gjere eit utval av påstandar viss du ikkje rekk alle.

Det er viktig å ta seg god tid til refleksjon. For somme kan denne øvinga vekke sterke kjensler, og derfor er det viktig å ta seg tid til å omarbeide og reflektere.

Individuell førebuing

Les rollekortet ditt. Bruk nokre minutt til å leve deg inn i rolla du har fått tildelt. Bruk spørsmåla under til å reflektere over situasjonen til rollekarakteren din:

  • Kva for ein barndom hadde du?

  • Kva har du gjort på skulen?

  • Kva situasjonar har prega livet ditt?

  • Kva føresetnader og mogelegheiter har du for framtida?

  • Kven er viktig i livet ditt?

Ta eit skritt fram

Still dykk opp på ei linje ved sida av kvarandre. Sørg for å ha ein del plass framfor dykk til å gå fram.

De skal no få høyre ei rekke påstandar. Kvar gong du som rolleinnehavar kan svare ja til påstanden, gå eit skritt fram. Viss du ikkje kan seie ja, må du stå i ro. Hugs: Rollekorta viser berre ein liten del av den rolla du har. Derfor er det viktig å bruke litt fantasi, så du kan førestille deg kva som er riktig svar for akkurat di rolle.

Når alle påstandane har blitt lesne opp, bruker de litt tid på å legge merke til kvar de står samanlikna med dei andre. Er det nokon som skil seg ut?

Påstandene
  1. Eg er glad i å lære.

  2. Eg er organisert i ein organisasjon.

  3. Eg har to søsken.

  4. Eg har venner som er der for meg.

  5. Eg kan legge meg mett kvar dag.

  6. Eg kan snakke med helsesyster viss det er nødvendig.

  7. Skulevegen min er trygg.

  8. Eg er glad i å lage mat.

  9. Eg føler meg undertrykt på grunn av identiteten min.

  10. Eg føler meg trygg i den fellesskapen eg har.

  11. Eg er glad i å gå turar.

  12. Eg har politisk påverknadskraft.

  13. Eg kan gå på fotballtrening.

  14. Eg kan fortelje mamma hemmelegheitene mine.

  15. Eg treng ikkje reise langt for å komme meg til skulen.

  16. Eg har min eigen pc.

  17. Eg må arbeide med fleire jobbar ved sida av skulen.

  18. Eg vil studere.

  19. Eg sit i elevrådet.

  20. Internettet er bra heime.

  21. Eg er glad i å fiske.

  22. Eg kranglar ikkje så ofte med foreldra mine.

  23. Tradisjonane mine er viktige for meg.

  24. Eg gler meg til sommaren.

  25. Familietid er viktig for meg.

  26. Mamma er den viktigaste støtta mi.

  27. Identiteten min er viktig for meg.

  28. Eg liker å måle.

  29. Eg føler meg akseptert.

  30. Livet mitt er stabilt.

  31. Eg går på skulen fem dagar i veka.

Refleksjon

Reflekter saman i plenum eller i grupper. Spørsmåla under er berre rettleiande, så det er fullt mogleg å bruke andre spørsmål.

  1. Korleis kjendest det å stå i ro i mens dei andre gjekk eit skritt fram?

  2. Korleis kjendest det å ta eit skritt fram mens andre stod i ro?

  3. For dykk som tok mange trinn framover, når merka de at andre ikkje rørte seg like raskt?

  4. Klarer de å gjette kvarandre sine roller?

  5. Alle les opp rollekorta sine. Blei nokon overraska?

  6. Korleis såg de for dykk at karakteren dykkar var?

  7. Var det lett eller vanskeleg å spele dei ulike rollene?

  8. Korleis kjendest det å setje seg inn i den rolla de fekk?

  9. Kva forskjellar var det mellom dei frå Colombia og dei frå Noreg?

  10. Kva likskapar var det mellom dei kolombianske og dei norske aktørane?

  11. Kva tankar sit de igjen med etter å ha teke del i denne øvinga?

CC BY-SASkrive av Marike Kunze. Rettshavar: Operasjon Dagsverk
Sist fagleg oppdatert 18.08.2023

Læringsressursar

Operasjon Dagsverk 2023