Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva gjer deg skotsikker? Plakatøving og refleksjon

Kva gjer deg "skotsikker"? Vi utstyrer oss med vern i møte med notida og framtida. Det kan vere identiteten, kulturen eller familien vår, vennene eller interessene våre, eller ulike fellesskap vi er ein del av. Dette vernet gjer oss i stand til å møte utfordringane livet kastar mot oss.
Tre unge personar har på seg skotsikre vestar som er dekorerte med ulike symbol og teikningar. Foto.

Gjennomføring

I denne øvinga skal de reflektere over kva som gir dykk tryggleik og vern i møte med livet, og betydninga av dette.

Alle skular som er påmeldte OD, får tilsendt "Kva gjer deg skotsikker?"-plakatar. Om du ikkje veit kvar dei er, ta kontakt med administrasjonen eller skulekomiteen på skulen dykkar. Du kan òg laste ned plakaten i PDF-format og skrive han ut sjølv.

Filer

  1. Finn fram plakatane og heng dei rundt i klasserommet.

  2. Bruk cirka ti minutt på å gå rundt i klasserommet og skrive på plakatane. På plakatane skal de skrive ting som vernar dykk i møte med motstand, og/eller som får dykk til å føle dykk trygge. Kva gjer dykk skotsikre? Døme kan vere familie, venner, ein fritidsaktivitet eller ein song. De vel sjølve om de vil vere anonyme eller ikkje.

  3. Etter at de er ferdige med å skrive, skal de reflektere rundt aktiviteten de gjennomførte. Dette kan gjerast på ulike måtar:

    • Del dykk i grupper der de reflekterer rundt spørsmåla i refleksjonsnotatet, der de til slutt samanfattar det gruppene kom fram til i plenum.

    • Refleksjonen kan takast i plenum frå start til slutt.

    • Oppgåva kan gjerast skriftleg.

Refleksjonsspørsmål

Vel gjerne ut nokre av spørsmåla. De kan òg diskutere andre spørsmål.

  1. Kva skreiv du på vesten, og kvifor?

  2. På kva måte føler du at det du skreiv på vesten, vernar deg?

  3. Kva er det med det du skreiv på vesten som gir deg ei tryggleikskjensle?

  4. Reflekter over kva andre skreiv på vesten. Er det noko du kjenner deg igjen i? Er det noko du ikkje kjenner deg igjen i?

  5. Kva lærte du av å lese kva dei andre skreiv?

  6. Er det viktig å ha noko som vernar deg? Kvifor?

  7. Ungdommar i Colombia skreiv og teikna mange ulike ting på vestane sine òg. Kva trur du at de har til felles?

  8. Korleis ser ei "skotsikker framtid" ut for deg?

  9. Kva skal til for at du skal oppnå den "skotsikre framtida" di?

  10. Kva sit du igjen med etter denne øvinga?

CC BY-SASkrive av Anine Wiesner Barg og Fredrik Opheim. Rettshavar: Operasjon Dagsverk
Sist fagleg oppdatert 15.09.2023

Læringsressursar

Operasjon Dagsverk 2023