Hopp til innhald

Fagstoff

Koloniane frigjer seg

Andre verdskrigen vart ein katalysator for kolonifrigjeringa i verda. Med nye supermakter, svekte kolonimakter og skipinga av Dei sameinte nasjonane (FN) vart talet på sjølvstendige land i verda mangedobla etter krigen.
Imperia i verda og koloniar i 1914, før utbrotet av første verdskrigen. Kart.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nye stormakter, svekte imperium

Andre verdskrigen bidrog til meir merksemd mot nasjonal frigjering i koloniane. Både USA og Sovjetunionen ønskte kolonifrigjering, men hadde ulike motiv. USA var ei kapitalistisk supermakt og ønskte tilgang til marknader som var lite tilgjengelege på grunn av kontrollen til dei store koloni-imperia. Sovjetunionen såg avkoloniseringa som ei moglegheit til å støtte kampen til kommunistiske grupper for frigjering frå koloniherrane. Den kalde krigen låg som bakteppe for begge supermaktene. USA ønskte å støtte alle frigjeringsgrupper som kjempa mot kommunistiske grupper som var involverte i kolonifrigjeringa. Dei ville demme opp for den aukande makta til kommunismen i verda.

Under andre verdskrigen såg imperia den betydninga koloniane hadde hatt under krigen, og gav koloniane løfte om økonomiske fordelar og større fridom. Koloni-imperia Frankrike og Storbritannia var svekte etter krigen, men gav likevel ikkje koloniane fridom utan kamp. I dei franske koloniane vart kolonifrigjeringa mest valdeleg. Frigjeringskrigen i Algerie 1952–1962 var det beste dømet på imperiemaktas vilje til å behalde kontrollen over koloniane.

Etableringa av Dei sameinte nasjonane (FN) i 1945 gav koloniane moralsk støtte i kampen for avkolonisering og frigjering. Sidan skipinga har FNs medlemstal auka frå 51 til dagens 193 land. Ein betydeleg del av dette kjem av sjølve avkoloniseringa. I mange koloniar vaks det fram ein utdanningselite som kravde fridom og sjølvstyre. Nasjonalistiske rørsler fekk etter kvart større oppslutning i dei breie laga av befolkninga.

Latin-Amerika

Allereie på 1800-talet var mange statar i Latin-Amerika blitt frigjorde frå koloniherrane sine. Statane som vart etablerte, var dominerte av folk med europeiske anar og tradisjonar. Kulturen til den opphavlege urbefolkninga forsvann i område som tidlegare hadde vore spanske eller portugisiske koloniar.

Asia

I Asia vart den britiske kolonien India sjølvstendig i 1947, godt hjelpt gjennom Mahatma Gandhis (1869–1948) ikkje-valdskamp mot det britiske kolonistyret. Same år vart Pakistan, som var ein del av den tidlegare kolonien India, proklamert som eigen stat av muslimane i området, leidd av Muhammad Ali Jinnah. Av andre tidlegare britiske koloniar vart Myanmar (1947) og Malaysia (1963) etablerte. I Fransk Indokina (område som i dag er Kambodsja, Laos og Vietnam) vart kolonifrigjeringa blodig og langvarig. Supermaktene USA og Sovjetunionen bidrog sterkt til det som ein del av den kalde krigen. Liknande situasjon fanst ved etableringa av Indonesia.

Ei stor gruppe unge menneske går i demonstrasjonstog. Dei held opp plakatar mot Vietnamkrigen og for fred. Svart-kvitt foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Afrika

Egypt hadde vorte sjølvstendig allereie i 1922, men hadde liten innverknad over Suez-kanelen. I 1956 oppstod det ein internasjonal krise då Egypt prøvde å nasjonalisere kanalen. Den etterfølgande Suezkrisen og den langvarige frigjeringskrigen i Algerie (1954–62) stimulerte til sjølvstendekrav for heile Afrika. I 1957 spreidde frigjeringsbølga seg til Afrika sør for Sahara med skipinga av Ghana (Gullkysten) som det første. På 1960-talet fekk dei fleste landa i Afrikas sjølvstende. Etter at diktaturet hadde falt i Portugal i 1974, vart Angola, Mosambik og Guinea-Bissau sjølvstendige.

To land var framleis ufrie. I Sør-Rhodesia gjorde det svarte fleirtalet opprør, kvitta seg med det kvite styret i 1980 og forandra namnet på landet til Zimbabwe. Namibia, ein tidlegare tysk koloni, men som hadde vorte Sør-Afrikas koloni etter første verdskrigen, vart sjølvstendig i 1991.

I Sør-Afrika vart tida fram mot 1994 prega av der det kvite mindretalet diskriminerte den svarte majoriteten. Den afrikanske nasjonalkongressen (ANC) er ei tidlegare nasjonalist- og frigjeringsrørsle som har vorte eit politisk parti i Sør-Afrika.

ANC førte ein politisk og militær kamp som gav resultat. Den siste kvite presidenten i regimet, Frederik de Klerk, førte ein meir forsonleg politikk i Sør-Afrika. Alle politiske fangar vart sleppte fri i 1990. Nelson Mandela sat 27 år i fengsel og vart eit symbol i kampen mot apartheid. I 1994 vart han vald til president i Sør-Afrika av heile befolkninga.

Kolonifrigjeringa i Afrika

Bruk kartet til å finne informasjon om kolonifrigjeringa i Afrika. Bruk zoom-funksjonen for å få detaljar.

Fargelegging viser når dei afrikanske landa vart sjølvstendige. Kart.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

Andre verdskrigen fekk konsekvensar på mange område. Avkolonisering, oppretting av FN og ein kald krig var blant følgene.

CC BY-SASkrive av Jan Erik Auen.
Sist fagleg oppdatert 15.06.2022

Læringsressursar

Etterkrigstid og kald krig