Hopp til innhald

Fagstoff

1990-talet, ei ny byrjing?

Den kalde krigen, med terrorbalansen og maktkampen mellom supermaktene USA og Sovjetunionen, prega andre halvdel av 1900-talet. Då den kalde krigen enda i 1991, stod USA igjen som den einast supermakta. Skulle dette bety ei ny byrjing?
Ein mann sit oppå Berlinmuren og  hakkar laus på  han. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Den kalde krigen tek slutt

Den kalde krigen varte i rundt 50 år og var ein konflikt mellom to supermakter, mellom aust og vest, og . Det mest fysiske beviset på konflikten var den forhatte Berlinmuren, som hadde delt Berlin og Europa sidan 1961. I november 1989 blei muren opna, og det var eit tydeleg teikn på at den kalde krigen gjekk mot slutten. Oppløysinga av Sovjetunionen i 1991 markerte den endelege avslutninga.

Det var mange årsaker til at den kalde krigen gjekk mot slutten på 1980-talet. Over tid klarte ikkje Sovjetunionen å halde tritt med USA, verken økonomisk eller teknologisk. Våpenkappløpet tærte for mykje på dei sovjetiske ressursane, noko som blei spesielt synleg under den amerikanske presidenten Ronald Reagans harde anti-sovjetiske linje.

Mange har også trekt fram endringane til sovjetleiaren Mikhail Gorbatsjov som spesielt viktige. Dei indre forholda i Sovjetunionen blei mjuka opp med reformer kjende som glasnost og perestrojka. Omgrepa står for openheit og omstilling, og handla om å opne for politisk debatt og å omstrukturere økonomien, mellom anna for å motverke omfattande korrupsjon. Moskva slutta også å blande seg inn i interne forhold i Aust-Europa. Dette hindra at skot blei losna då muren fall.

USA blir einaste supermakt

Slutten av den kalde krigen betydde for mange at USA og Vesten sigra, medan Sovjetunionen blei ståande igjen som tapar. Mange i Vesten oppfatta iallfall situasjonen slik. USA blei ståande igjen som verdas einaste supermakt, medan det post-sovjetiske Russland opplevde eit tiår med kraftig fall i levestandard og massive utfordringar. Overgangen frå kommunisme og diktatur til demokrati og kapitalisme var langtfrå smertefri.

Ei tilsynelatande hjarteleg omfamning mellom Gorbatsjov og Honecker. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sovjetunionen blir til Russland

Sovjetunionen blei oppløyst i 1991, og dei tidlegare sovjetrepublikkane blei uavhengige statar. Russland var den største og viktigaste, og overtok derfor det sovjetiske setet i FNs tryggingsråd.

Oppløysinga av Sovjetunionen gjekk stort sett fredeleg for seg, men det finst unntak. I Nord-Kaukasus blei det konflikt i Tsjetsjenia, som ønskte å bli ein sjølvstendig stat. I tillegg oppstod det spenningar mellom Russland og Ukraina om Krim, eit område som var strategisk viktig for Russland på grunn av dei russiske flåtebasane der. Krim blei ukrainsk territorium, og blei verande det fram til 2014 då Russland annekterte det på ulovleg vis.

Russlands betydning som global stormakt sokk igjennom 1990-talet. På ein måte har leiinga i følt at Russland som stormakt har blitt oversett sidan den kalde krigen slutta. Dette er noko den russiske presidenten Vladimir Putin har ønskt å gjere noko med, mellom anna gjennom invasjonen av Ukraina i 2022.

NATO og Warszawapakten

Mens den sovjetiske forsvarsalliansen blei oppløyst i 1991, heldt forsvarsorganisasjonen fram å eksistere. Under den kalde krigen stod desse to mot kvarandre og skulle garantere for tryggleiken til medlemslanda gjennom prinsippet om at angrep på eit medlemsland representerte eit angrep på alle.

NATOS rolle etter den kalde krigen handlar framleis om å sikre tryggleiken til medlemslanda, men det er samtidig auka fokus på krisehandtering og fredsoperasjonar utanfor territoria til medlemslanda. I praksis betyr det at NATO stiller styrkar til disposisjon for FN som bidrag til konfliktløysing.

Europakartet, 1945-91, delt i alliansesoner. Dei vestallierte NATO-landa er omtrent alle frå Portugal lengst vest til og med Island, Noreg, Vest-Tyskland, Italia, Hellas og Tyrkia mot aust. Heilt i aust ligg Sovjetunionen. Mellom desse ligg Warszawapakt-landa i Aust-Europa samt det uavhengige Jugoslavia og dei nøytrale statane Austerrike, Sveits, Finland, Sverige og Irland. Illustrasjonskart.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Global optimisme?

Avslutninga av den kalde krigen skapte forventningar om ei fredelegare verd. 1990-talet var på den måten eit tiår med optimisme, sjølv om det var ein del uvisse rundt den nye globale situasjonen. Kva ville skje i dei tidlegare sovjetrepublikkane? Ville nye konfliktar oppstå? Korleis ville USA handtere rolla som einaste supermakt?

Europa i endring

I Aust-Europa gjennomgjekk fleire av dei tidlegare kommunistregima ein demokratiseringsprosess på 1990-talet. Tyskland blei gjenforeint i 1990, medan Tsjekkoslovakia blei delt i to land, Tsjekkia og Slovakia, i 1993. Dei fleste tidlegare sovjetiske statane i Aust-Europa ønskte ei tilnærming både til EU og NATO. Motiva var tryggleik og utsikter for økonomisk vekst.

EU stilte krav om demokrati og menneskerettar til nye medlemmer, og det kan ha verka stabiliserande på ferske demokrati i Aust-Europa. EU har sidan 1952 arbeidd for at medlemslanda skal jobbe tettare økonomisk og politisk. På grunn av det tettare samarbeidet i Europa etter at muren fall, spesielt økonomisk, blei det stadig vanskelegare å stå utanfor. Noreg er eit unntak her og stemde nei til EU for andre gong i 1994.

Sjølv om optimismen rådde i store delar av Europa, gjekk det gale på . Jugoslavia, som bestod av seks republikkar på Balkan, gjekk i oppløysing då fleire av medlemmene braut ut og erklærte seg som uavhengige statar i 1991–1992. Det førte til ein borgarkrig som ikkje slutta før NATO bomba Serbia i 1999. Dette viste også den nye rolla til forsvarsalliansen NATO. No var det ikkje tryggleiken til medlemslanda, men humanitære og moralske årsaker som førte til militær handling.

Barometer i NRK-studio viser nei-fleirtal i EU-avstemminga i 1994. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nye konfliktar

Under den kalde krigen var FN og Tryggingsrådet tidvis handlingslamma som følge av rivaliseringa mellom USA og Sovjetunionen. Etter den kalde krigen stod USA igjen som einaste supermakt. Dette gav håp om ei fredelegare verd med eit FN i ei større og viktigare rolle.

USAs og FNs nye roller blei synleg under det som har blitt kalla Golfkrigen. Irak, med diktatoren Saddam Hussein, invaderte nabolandet Kuwait og trua Saudi-Arabia i 1990. Dette førte til ein USA-leidd internasjonal koalisjon med FN-mandat om å bruke militær makt for å slå tilbake den irakiske hæren.

FN kjem til kort

Etter den kalde krigen auka talet på og omfanget av FN-operasjonar, men organisasjonen måtte erkjenne at ikkje alle konfliktane var moglege å løyse. I 1994 fann eit av dei verste folkemorda i historia stad i Rwanda, medan FN var handlingslamma. Her mista ein stad mellom 800 000 og 1 000 000 menneske livet. Borgarkrigen i Somalia, etnisk reinsing i Bosnia og massakren i Srebrenica er andre døme der FN ikkje har klart å verne sivile.

Optimismen som prega FN ved inngangen til 1990-talet sokk etter kvart som talet på uløyste konfliktar steig. Det blei etter kvart vanskelegare for FN å gripe inn når det skjedde folkemord eller brot på menneskerettane, og talet på FN-operasjonar sokk. Utfordringane til FN på 1990-talet var medverkande til at organisasjonen innførte prinsippet Responsibility to Protect (R2P) i 2005. Det betyr at viss ein stat ikkje evnar å verne eiga befolkning, har det internasjonale samfunnet både ansvar og plikt til å bidra.

Jagarfly over brennande oljebrønnar i eit ørkenlandskap. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nye stormakter

Murens fall i Europa og Sovjetunionens oppløysing betydde også samanbrot for kommunismen i Europa. I Asia derimot var framleis Kina kommunistisk. Landet tok store steg økonomisk på 1990-talet, og i dag har Kina teke ei større rolle internasjonalt. Sjølv om USA har vore verdas einaste supermakt etter slutten av den kalde krigen, ser vi at Kina utfordrar amerikansk .

I dag ser vi ei verd der USA framleis dominerer økonomisk, politisk, kulturelt og militært, men denne dominansen blir utfordra. I Europa har EU har blitt ei regional stormakt, medan BRICS-landa (Brasil, Russland, India, Kina og Sør-Afrika) har auka den økonomiske og politiske innverknaden sin globalt.

Etter den kalde krigen har vi altså ikkje lenger to supermakter, men fleire regionale stormakter.

Kinesiske soldatar med gevær i særs stram parademarsj. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tenk etter

Enkelte hevdar at den kalde krigen ikkje slutta i 1991, men har halde fram til i dag. Kan du tenke deg argument for eller imot denne påstanden?

Kjelder

Amundsen, B. Kjensli, B. & Bakken, H. B. (2014, 9. november). Dette har Berlinmurens fall betydd. Forskning.no. https://forskning.no/sport-menneskerettigheter-sikkerhet/dette-har-berlinmurens-fall-betydd/531859

Brelvega, M. (2021, 15. september). FNs historie. Folk og forsvar. https://folkogforsvar.no/fns-historie/

Cooper, C. G. (2023, 11. april). NATO. I Store norske leksikon. https://snl.no/nato

Holm-Hansen, J. (2023, 19. april). Russland. I Store norske leksikon. https://snl.no/russland#-Historie

Knudsen, O. F. Julsrud, O. Tvedt, K. A.K. A. & Trondal, J. (2023, 19. april). EU - Den europeiske unionen. I Store norske leksikon. https://snl.no/eu_-_den_europeiske_union

Leraand, D. (2022, 2. august). Golfkrigen 1990–1991. I Store norske leksikon. https://snl.no/golfkrigen_19902031991

NRK. (2022, 22. februar). Drømmen om et imperium og stormaktsspill. NRK Urix. https://www.nrk.no/urix/drommen-om-et-imperium-og-stormaktsspill-1.https://www.nrk.no/urix/drommen-om-et-imperium-og-stormaktsspill-1.

Palmer, R. R. Colton, J. & Kramer, L. (2002). A history of the modern world (ninth edition). Mcgraw-Hill. New York.

Petersen, T. (2022, 28. november). Den kalde krigen. I Store norske leksikon. https://snl.no/den_kalde_krigen

Tøllefsen, T. O. (2020, 17. desember). Berlinmuren. I Store norske leksikon. https://snl.no/berlinmuren#-Murens_fall

CC BY-SASkrive av Tor Ivar Utvik.
Sist fagleg oppdatert 03.05.2023

Læringsressursar

Etterkrigstid og kald krig