Hopp til innhald

Fagstoff

Den kalde krigen spreier seg

På 1950-talet blei den kalde krigen global. Kriser og krigar som Koreakrigen, Vietnamkrigen og Cubakrisa sette sitt preg på det internasjonale samfunnet under den kalde krigen.
Soldatar er ute i ein åker med høge planter. Dei har kamuflasjeklede, hjelmar, ryggsekkar og gevær. Eit helikopter er i ferd med å lande ved sida av dei. Svart-kvitt foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Stadfortredarkrig

Fleire av krisene var så alvorlege at folk frykta utbrotet av ein tredje verdskrig. Vi skal her sjå på dei tre eksempla som er nemnde ovanfor.

Koreakrigen, som varte frå 1950 til 1953, var den første krisa som fann stad utanfor Europa under den kalde krigen. Krigen, som i utgangspunktet var ein borgarkrig mellom Nord- og Sør-Korea, hadde støtte hos høvesvis Sovjetunionen og USA og var det vi kan kalle ein stadfortredarkrig. USA og Sovjetunionen kriga ikkje direkte med kvarandre, men hadde ein tredjepart som dei støtta med pengar, utstyr og personell i staden.

Koreakrigen

Etter andre verdskrigen vedtok dei allierte at Korea, som hadde vore annektert av Japan, skulle bli ein sjølvstendig nasjon, men landet blei først delt i to okkupasjonssoner. Den kunstige grensa blei oppretta ved 38. breiddegrad. Området nord for grensa blei okkupert av Sovjetunionen, mens området i sør blei okkupert av USA. Begge okkupasjonsmaktene styrte gjennom lokale regjeringar i sine soner.

Ei rekke med soldatar passerer ei rekke med kvinner og barn som ber eigedelar på hovudet. Svart-kvitt foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I juni 1950 gjekk nordkoreanarane over 38. breiddegrad og angreip Sør-Korea med store styrkar, og med støtte frå Stalin. USA svarte med å gi militær støtte til Sør-Korea. Også FN oppfordra medlemsland til å støtte sørkoreanarane, og etter fleire månader der sørkoreanarane var pressa tilbake til eit lite område, gjekk amerikanarane til angrep blant anna med strategiske bombefly. I oktober kryssa FN-styrken, leia av general MacArthur, 38. breiddegrad. Dette førte til at også det kommunistiske Kina gjekk inn på nordkoreansk side.

Koreakrigen varte til ein avtale om våpenkvile blei underskriven 27. juli 1953. Ein reknar med at mellom to og tre millionar menneske, både sivile og militære, omkom i løpet av den tre år lange krigen.

Vietnamkrigen

I 1955 blei Vietnam mellombels delt i to under fredsforhandlingane etter frigjeringskampane mot den gamle kolonimakta Frankrike på slutten av 40-talet og byrjinga av 50-talet. Nord-Vietnam var kommunistisk og ønskte å samle landet under kommunistisk styre, og på slutten av 50-talet blei Sør-Vietnam invadert av Nord-Vietnam. På same bakgrunn som under Koreakrigen – frykta for spreiing av kommunismen – gjekk USA inn med støtte på sørvietnamesisk side. Amerikanarane hadde ein teori dei kalla "dominoteorien", som gjekk ut på at viss eit land fall for kommunismen, ville nabolanda rundt også komme under kommunistisk styre.

Gråtande barn på flukt med nokre soldatar bak. Ei jente i midten har ingen klede på seg. Svart-hvitt foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

USA sette inn store styrkar med det mest moderne som fanst av våpen og utstyr. Eit av dei viktigaste og mest grufulle våpna som blei brukt under Vietnamkrigen, var bomber med napalm. Napalm er ei brennande væske som klistrar seg fast til huden og brenn menneske i hjel. Utover i krigen, som varte heilt fram til 1975, fekk også nordvietnamesarane støtte både økonomisk og militært frå Sovjetunionen.

Cubakrisa

I løpet av 13 dagar hausten 1962 følgde heile verda med på ein av dei mest spente situasjonane i løpet av den kalde krigen. Mange var verkeleg redde for ein storkrig med bruk av atomvåpen.

Bakgrunnen for krisa var mangesidig. Cuba hadde i 1959 fått ein ny leiar, Fidel Castro, etter ein krig som enda med at diktatoren Fulgencio Batista blei styrta. Castro sette i gang med å gjere om Cuba til den første sosialistiske staten på den vestlege halvkula og knytte etter kvart sterke band til Sovjetunionen. Våren 1961 blei Grisebukta på Cuba invadert av eksilkubanarar med støtte av USA. Denne invasjonen blei mislykka, og etter berre eit par døgn hadde Castros hær slått tilbake. I februar 1962 sette USA i gang ein økonomisk blokade av Cuba fordi Cuba hadde byrja å nasjonalisere industrien.

Hausten 1962 bygde Sovjetunionen opp ein rakettbase på Cuba med den hensikta å plassere atomrakettar der. Cuba ligg midt i det som gjerne blir omtalt som "USAs bakgård". At Sovjetunionen no hadde rakettar som kunne nå USA i løpet av få timar, gjorde trusselen mykje meir reell. Tidlegare ville USA hatt tid til å svare på eit angrep frå Sovjet. Dette på grunn av dei store avstandane. Etter at amerikanarane den 16. oktober hadde fått bevis på at mellomdistanserakettar var under utplassering på Cuba, vedtok president John F. Kennedy å omdefinere blokaden til å vere ein streng karantene, for å hindre militært utstyr på veg til Cuba med sovjetiske skip.

Flyfoto av eit transportskip med minst tre store missil og eit eskorteskip med kanonar.  Fire missil heng under vingen på flyet der biletet er teke frå. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I internasjonal politikk er likevel ein blokade sett på som ei krigserklæring. Blokaden av Cuba blei fysisk kontrollert av den amerikanske marinen i havet utanfor Cuba. Dersom sovjetiske skip valde å bryte blokadegrensa, ville amerikanarane vere i sin rett til å angripe skipa. Samtidig gjekk det føre seg hemmelege forhandlingar mellom representantar frå USAs og Sovjets regjeringar. Amerikanarane trudde dei hadde nådd igjennom til Sovjetunionen, at ingen ønskte ein krig ut av dette, men sjølv to dagar etter at Kennedy kom med utsegna om karantenen, fortsette sovjetiske skip kursen mot Cuba. Var dette ei krigserklæring, eller hadde ikkje skipa fått beskjed om å snu?

Skipa snudde i tide, og fredag 26. oktober kom det beskjed frå sovjetleiaren Krustsjov som lova å fjerne rakettane på Cuba. Til gjengjeld måtte USA love ikkje å angripe Cuba, og i tillegg trekke tilbake rakettar frå Tyrkia. På bakgrunn av Cubakrisa blei det oppretta ei direkte telefonlinje mellom Moskva og Washington.

Kjelder

Lundestad, G. (2004). Øst, vest, nord, sør: Hovedlinjer i internasjonal politikk etter 1945. Universitetsforlaget

Petersen, T. (2022, 28. november). Den kalde krigen. I Store norske leksikon. https://snl.no/den_kalde_krigen

Relatert innhald

Frå 1950 til 1953 var det krig mellom Nord-Korea og Sør-Korea. Den kalde krigen hadde blitt global.

Vietnamkrigen føregjekk i åra 1957–1975 og var ein varm krig i den kalde krigen.

CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 15.05.2023

Læringsressursar

Etterkrigstid og kald krig