Hopp til innhald

Fagstoff

Den kalde krigen

Den kalde krigen var ein fleire tiår lang periode med eit spenningsforhold mellom aust og vest, med Sovjetunionen og USA som supermakter på kvar side. Dette spenningsforholdet starta etter avslutninga av andre verdskrigen og var til tider så spent, at ein frykta ein ny verdskrig.
Soldatar beveger seg gjennom øydelagde gater som er i ruinar og med blokkeringer langs gatene av sandsekkar og plank.  Svart-kvitt foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Spenningsforholdet enda ikkje i væpna kamp, og det er derfor krigen blei kalla ein kald krig. Dette trass i ei opprusting av våpen og soldatar på begge sider og ein situasjon der begge landa etter kvart hadde atomvåpen. Vi hadde også det ein kalla avløysande krigar i bl.a. Korea, Vietnam og Afghanistan. Då var situasjonen at motpartane anten forsynte sider i konflikten med våpen, støtta økonomisk eller til og med sette inn eigne soldatar i konfliktane.

Den kalde krigen var i all hovudsak ein ideologisk konflikt, ein kamp mellom to måtar å leve på. Enkelt sett kan vi seie det var ein kamp mellom kapitalisme og kommunisme.

Spent forhold

Det finst ikkje éi forklaring på kvifor forholdet blei så spent. Vi må i staden sjå på fleire forskjellige årsaker. Frå 1945 blei dei ideologiske forskjellane mellom Sovjetunionen og USA tydelegare. Sovjetunionen var kommunistisk, mens USA var eit demokrati. Sovjetunionen hadde planøkonomi, mens det økonomiske sy

Trumandoktrinen

I mars 1947 la den amerikanske presidenten Harry S. Truman fram ei erklæring kor han sa at han gikk inn for at det skulle vere Dei forente staters politikk å støtte frie folk i deira kamp mot væpna minoriteter eller framande makter sine forsøk på undertrykking.

Dette vart sidan kalla for Trumandoktrinen. Det betydde at amerikanarane ville støtte regjeringar som var trua av kommunismen. Den umiddelbare bakgrunnen for dette var at i første omgang Hellas, men også Tyrkia, stod i fare for å komme under kommunistisk kontroll, noko amerikanarane ville unngå. Dei var redde for ein kommunistisk revolusjon som ville ta over Europa.

CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 21.06.2022

Læringsressursar

Etterkrigstid og kald krig