Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Tareas: Una vida equilibrada

Aquí puedes trabajar con tareas relacionadas con el tema Una vida equilibrada. Crea una infografía o escribe un diario de hábitos saludables.

1. Investigación

Bli kjend med internasjonale organisasjonar som jobbar for å fremme helse og livskvalitet.

  • Jobb i grupper på tre eller fire. Kvar gruppe får tildelt eit av temaa nedanfor. Bruk kjeldene som er oppgitt, og hugs å ta notat!

  • Lag ein eller ein plakat. Bruk gjerne eit digitalt verktøy.

  • Start med ei idémyldring for å samle idéar. Jobb så med layouten. Layout handlar om å plassere verkemiddel som tekst, skrift, bilete, fargar og figurar på ein ryddig måte. Det er lurt å lage ei skisse først.

  • Sørg at lesaren skjønner rekkefølga på tekst og bilete og ser samanhengen mellom elementa du bruker. Teksten må vere lett å lese slik at lesaren får med seg innhaldet. Bruk overskrifter og bilete for å fange interesse.

  • Når produktet er ferdig, øver de på å presentere innhaldet for kvarandre. Presentasjonen skal ta ca. to minutt. Gi kvarandre råd og nyttige tilbakemeldingar slik at presentasjonen blir best mogleg!

  • Heng opp infografikkane eller plakatane med litt avstand, eller lag ein hestesko og legg dei på pultane. Ein frå kvar gruppe presenterer mens dei andre går rundt og er tilskodarar. Etter fire til fem minutt byter de roller slik at alle på gruppa får presentert.

Tema A

La Organización Mundial de la Salud (OMS)

Verdshelseorganisasjonen, forkorta WHO (på spansk: OMS), vart oppretta i 1948. WHO jobbar med helsespørsmål og er tilslutta FN. Besøk nettsida til WHO og/eller FNs side om WHO og finn ut:

  • ¿Cuál es la misión y cuáles son los objetivos de esta organización? Kva er oppdraget og målet til organisasjonen?

  • Cada año la OMS trabaja con un tema en concreto. ¿Cuál es el tema de este año? (en su caso, del año pasado) Kvart år jobbar WHO med eit spesielt tema. Kva er årets (og eventuelle fjorårets) tema?

  • ¿Cuándo y por qué se celebra el Día Mundial de la Salud? ¿De qué manera se celebra? Når og kvifor blir Verdas helsedag markert? Korleis blir han markert?

  • Esta es la definición de salud según la OMS. Tradúcela al español y explícala con tus propias palabras. Dette er WHOs definisjon av helse frå 1948. Set han om til spansk og forklar han med eigne ord.
    "[Helse er] en tilstand av fullstendig fysisk, psykisk og sosialt velvære og ikke bare fravær av sykdom eller lidelser" (FN-sambandet, 2024).

TEMA B

Los Objetivos de Desarollo Sostenible (ODS)

I 2015 vedtok FN (på spansk: ONU) eit sett med 17 berekraftsmål for å utrydde fattigdom, nedkjempe forskjellar og stoppe klimaendringane innan 2030. Besøk den norske FN nettsida og den spanske FN-sida om berekraftig utvikling og finn ut:

  • ¿Qué objetivo está dedicado a la salud y al bienestar? ¿De qué trata este objetivo sostenible? Kva for eit av måla er dedikert til god helse og livskvalitet? Kva går dette berekraftsmålet ut på?

  • Nombra algunos objetivos específicos que son importantes para lograr el objetivo principal. Nemn nokre delmål som er viktige for å nå hovudmålet.

  • ¿Cuál es la situación en el mundo hoy en día? ¿Con qué medidas es necesario seguir trabajando? Kva er status i verda i dag? Kva må ein jobbe vidare med?

  • ¿Qué puedes hacer tú mismo por tu salud y por la salud de los demás? Kva kan du sjølv gjere for di eiga helse og helsa til andre?

TEMA C

La dieta mediterránea

Middelhavskosthaldet er kjent for å vere veldig sunt. Det står til og med på UNESCOs liste over den immaterielle kulturarven i verda. Finn ut meir om dette kosthaldet på nettsida til den spanske stiftelsen for middelhavskosthald og UNESCOs side om middelhavskosthaldet.

  • ¿En qué consiste la dieta mediterránea? Kva består middelhavskosthaldet av?

  • ¿Cuándo se incluyó esta dieta en la lista del patrimonio cultural inmaterial de la UNESCO? ¿Y por qué? Når vart dette kosthaldet oppført på UNESCOs immaterielle kulturarvliste? Og kvifor?

  • ¿Qué países tienen esta dieta en común? Kva land har dette kosthaldet til felles?

  • Presenta dos platos que representen la dieta mediterránea. Presenter to matrettar som representerer middelhavskosthaldet.

TEMA D

El plato saludable de Harvard

I teksten "Hábitos saludables" las de om El Plato para Comer Saludable (Healthy Eating Plate) som Harvard School of Public Health tilrår. Finn ut meir om denne tallerkenmodellen ved å bruke Harvard Universitys nettside om El Plato para Comer Saludable.

  • ¿Cómo está dividido el plato saludable? Korleis er tallerken i modellen delt inn?

  • ¿Qué alimentos se incluyen en las distintas partesa? Kva matvarer inngår i dei ulike delane?

  • ¿Qué otros consejos da el plato saludable? Kva andre råd gir tallerkenmodellen?

  • Compara El Plato para Comer Saludable con el modelo de plato noruego del Ministerio de Sanidad. ¿En qué se parecen y en qué son diferentes? Samanlikn El Plato para Comer Saludable med den norske tallerkenmodellen frå Helsedirektoratet. Kva er likt, kva er ulikt?

2. Mi diario de hábitos saludables

Nuevo día, nuevas posibilidades. Ny dag, nye mogelegheiter.

Dagboka mi

Før dagbok og dokumenter vanane dine i ei veke! Skriv ned kva for nokre gode vanar du har følgt, og avslutt med ein refleksjon over eigne vanar.

Bruk fortid i teksten. Skriv for hand, eller finn ein digital mal for dagbøker eller vekeplanar og bruk den. Bruk gjerne fargar.

Snakk saman

Etter ei veke samanliknar de dagbøkene dykkar. Jobb i grupper og bruk spørsmåla og snakkehjelpa i boksen.

  • ¿Qué hábitos saludables has practicado esta semana? Kva gode vanar har du følgt denne veka?

  • ¿Qué hábitos saludables han sido más difíciles de seguir? ¿Por qué? Kva gode vanar var vanskelegast å følge? Kvifor?

  • ¿Tienes algunos hábitos poco saludables que quieres dejar de hacer? ¿Qué puedes hacer para ello? Har du nokon dårlege vanar som du vil bli kvitt? Kva kan du gjere?

  • ¿Qué hábitos saludables quieres implementar en tu vida a partir de ahora? Kva gode vanar vil du følge frå no av?

3. Discusión y reflexión

Gå saman i par eller grupper. Bruk gjerne infografikkane, plakatane eller dagboka dykkar som utgangspunkt for ein fagsamtale. Læraren lyttar, men det er de som styrer samtalen. Her er aktuelle spørsmål de kan stille kvarandre og diskutere:

  • ¿Qué significa para ti vivir de una manera saludable? Kva betyr det for deg å leve sunt?

  • ¿Qué habitos saludables practicas tú? Kva gode vanar praktiserer/følger du?

  • ¿Hay algunos hábitos nuevos que quieres implementar en tu vida a partir de ahora? ¿Cuáles? Er det nokre nye vanar som du vil følge frå no av? Kva for nokre?

  • ¿Qué consejos puedes dar a una persona que quiera empezar a vivir de manera más saludable? Kva råd kan du gi til ein person som vil leve sunnare?

  • ¿Puedes enseñar tu infografía y contar algo sobre la dieta mediterránea, el plato saludable, los objetivos de desarrollo sostenible o la OMS? Kan du vise fram infografikken din og fortelje om middelhavskosthaldet, tallerkenmodellen, berekraftsmåla eller WHO?

  • ¿Qué has aprendido despúes de haber trabajado con este tema? Kva har du lært av jobbe med temaet? (Svaret kan handle om kunnskap, ferdigheiter, ord, grammatikk og så vidare.)

Fuente

FN-sambandet. (2024, 6. februar). Verdens helseorganisasjon (WHO). https://fn.no/om-fn/fns-organisasjoner-fond-og-programmer/verdens-helseorganisasjon-who

CC BY-SASkrive av Mar Marín Valero og Anna Maria Holvik.
Sist fagleg oppdatert 21.03.2024

Læringsressursar

Una vida equilibrada