El movimiento te hace bien
Først skal du lære ulike rørsleverb. Her er nokre forslag til korleis du kan jobbe:
Lytt til glosene, og les dei. Du finn gloseliste med omsetjing i lista under lydavspelaren.
Høyr og gjenta glosene høgt. Gjer gjerne rørslene samtidig, då hugsar du glosene betre!
Skriv ned inntil seks gloser du synest er vanskelege, og øv på å skrive dei rett. Skriv gjerne for hand. Øv effektivt i fem minutt (ta tida).
Lag kvar dykkar gloseprøve. Vel seks norske gloser frå listene, og skriv dei på eit ark. Byt gloseprøve med ein medelev. Set om orda til spansk.
Vurder deg sjølv: Kor mange gloser hugsar du? Kva kan du gjere for å hugse orda endå betre?
Nå skal du øve på uttrykk som fortel om retninga nokon eller noko skal bevege seg i. Bruk gjerne øvingstipsa frå den første oppgåva.
Her øver du deg på å gi og følge enkle rørslekommandoar.
Forslag til øvingsmåtar:
Lytt til den spanske setninga, og les ho inni deg eller høgt – aller helst høgt! Set om til norsk. Snu så kortet og kontroller svaret.
Øv i par. Den eine les den spanske setninga, og den andre utfører rørsla. Byt roller undervegs.
Det kan bli mykje stillesitjing i løpet av ein lang skuledag. Her skal du lære nokre enkle tøyeøvingar som kan førebygge smerter og auke konsentrasjonen.
Lytt til instruksjonen på kortet, gjerne felles i klassen. Jobb i par, og set om til norsk. Snu kortet og kontroller omsetjinga mot fasit.
Hald fram med å jobbe i par. Den eine leser instruksjonen, og den andre utfører øvinga slik bileta viser. Gå til neste kort og byt roller. På siste kort ventar ei utfordring: Biletet viser kun sluttposisjonen, ikkje sjølve øvinga. Klarer de å følge instruksjonen på spansk?
Organiser ei enkel oppvarmingsøkt! Vel ei av øvingane, og lær deg instruksjonen utanåt. Gå deretter saman i små grupper og byt på å vere instruktør. Instruktøren forklarer og framfører øvinga og passer på at dei andre på gruppa utfører ho slik biletet viser.
Gjør nokre enkle styrkeøvingar!
Lytt til instruksjonen på kortet, gjerne felles i klassen. Jobb i par, og set om til norsk. Snu kortet og kontroller omsetjinga mot fasit.
Hald fram med å jobbe i par. Den eine leser instruksjonen, og den andre utfører øvinga slik bileta viser. Gå til neste kort og byt roller.
Bli med på ei enkel treningsøkt! Vel ei av øvingane, og lær deg instruksjonen utanåt. Gå deretter saman i små grupper og byt på å vere instruktør. Instruktøren forklarer og framfører øvinga og passar på at dei andre på gruppa utfører ho slik biletet viser.