Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Ejercicios: Hábitos saludables

Ahora puedes trabajar con ejercicios relacionados con el contenido, el vocabulario y la gramática del texto Hábitos saludables.

1. Comprensión

Kva hugsar de frå teksten om gode vanar?

A. Responde a las preguntas

Svar på spørsmåla på spansk eller norsk.

  • ¿Qué consejos encuentras en el texto? Kva råd får du i teksten?

  • ¿Cuál es el consejo más útil para ti? Kva råd er nyttigast for deg?

  • ¿Hay algunos consejos en el texto que no te parecen útiles? ¿Cuáles? Er det nokon råd i teksten som du ikkje synest er nyttige? Kva for nokre?

  • ¿Crees que faltan algunos consejos? ¿Cuáles? Synest du det manglar nokon råd? Kva for nokre?

  • ¿Qué hábitos saludables de los que menciona el texto practicas tú? Kva av dei gode vanane som blir nemnde i teksten, følger du?

B. ¿Verdadero o falso?

Jobb i par. Avgjer om påstandane er rette eller galne, og grunngi kvifor.

  • Ja, det stemmer. / Nei, det stemmer ikkje.

  • I teksten står det at ...

2. Palabras transparentes

Transparente ord er ord som liknar på kvarandre i fleire språk. Kor mange slike ord finn du i teksten om gode vanar?

  • Skriv ned transparente ord som vist i tabellen.

  • Samanlikn med lista til ein medelev. Har de dei same orda? Kven har funne flest ord?

  • Del tavla inn i kolonnar, ein kolonne for kvart språk (sjå tabellen). Fyll tabellen med transparente ord frå teksten.

  • Minne er som ein muskel. Det kan trenast opp! Bruk eit minutt på å memorere så mange av dei spanske orda som mogleg. Snu ryggen til tavla og skriv ned alle orda du hugsar. Du har eit minutt på deg! Kven klarer å skrive flest ord?

transparente ord

spansk

norsk

engelsk

andre språk

sistemasystemsystemSystem (tysk)
hábitohabit

3. El imperativo

Imperativ er ei verbform som vi bruker for å gi instruksjonar, ordrar eller råd og tilrådingar. Imperativ kan òg uttrykke forbod. Når du til dømes seier "Et mindre sukker" eller "Ikkje røyk", har du brukt imperativformene av verba "å ete" og "å røyke". Les reglane, og gjer deretter dei interaktive oppgåvene (A–H).

4. El mejor consejero

Er du ein god rådgivar? Øv deg på å gi råd på spansk!

  • Jobb i grupper på tre til fem. Ein av dykk vel eit kort og les problemet på kortet høgt. Dei andre på gruppa skriv ned minst eit råd kvar.

  • Alle les råda sine høgt. Den som las problemet, vel rådet som hen synest er nyttigast.

  • Hald fram til alle på gruppa har valt minst eit problem og fått hjelp. De kan finne på fleire problem eller utfordringar enn dei som står på korta.

Gi råd på spansk!

Imperativ

  • Come menos comida procesada. / No comas tanta comida procesada. Et mindre prosessert mat. / Ikkje et så mykje prosesserte mat.

Modale hjelpeverb + infinitiv

  • Debes / Tienes que / Puedes comer menos comida procesada. Du bør/må/kan ete mindre prosessert mat.

(Yo) te recomiendo/aconsejo + infinitiv

  • (Yo) te recomiendo/aconsejo comer menos comida procesada. Eg rår deg til å ete mindre prosessert mat.

5. Mis mejores hábitos para tener un buen día

Kva skal til for å ha ein god kvardag? Lag ei liste med dei råda du synest er viktigast.

  1. Les og set om dei tolv uttrykka i lista "Los cinco principales" nedanfor.

  2. Kva synest du er viktigast? Vel dei fem råda for god helse som du ser på som aller viktigast. Du kan velje frå punkta som står her, eller legge til eigne forslag i skriveboksen nedst.

  3. Når du lagar ei topp fem-liste, dukkar det opp ei snakkeboble i kvar boks. Her skriv du inn ein kort kommentar og grunngir vala dine. Skriv på norsk eller spansk.

  4. Jobb saman i mindre grupper. Alle på gruppa presenterer topp fem-lista si og grunngir kort vala sine. Dei andre på gruppa høyrer godt etter for å forstå dei prioriteringane som kvar og ein har teke.

  5. Til slutt skal gruppa bli einige om ei felles topp tre-liste. For å bli einige må de nok inngå nokre kompromiss. Sørg for at alle får minst eit ønske med på lista. Presenter topp tre-lista for klassen.

CC BY-SASkrive av Mar Marín Valero og Anna Maria Holvik.
Sist fagleg oppdatert 10.03.2024

Læringsressursar

Una vida equilibrada