Utforsk kronologi i skjønnlitteratur
Dette er fjerde trinnet i ein læringssti om komposisjon. Finn første trinnet ved å gå til fagartikkelen "Korleis startar forteljinga?"
Tante Ulrikkes vei er ein roman av Zeshan Shakar. Romanen er bygd opp av fiktive intervju med to gutar, Mo og Jamal. Dei er begge omtrent 16 år og bur i Tante Ulrikkes vei i Groruddalen, eit område i Oslo med mange innvandrarar og barn av innvandrarar.
Les utdraget frå Tante Ulrikkes vei. Utdraget har ordforklaringar som skal hjelpe deg til å forstå innhaldet.
Diskuter kva for nokre omgrep frå fagartikkelen om kronologi de vil bruke om forteljemåtane i Tante Ulrikkes vei.
Kva funksjon meiner de Shakars forteljemåte har?
Gå vidare i læringsstien for å lære meir om spenningskurva i skjønnlitteratur.