Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Komposisjon

Fagartikkel

Korleis startar forteljinga?

Lær om ulike måtar å starte forteljingar på.

Ordforklaringar

Desse fagomgrepa blir brukte i fagartikkelen:

Roman
Ein roman er eit døme på skjønnlitteratur, altså litteratur som er oppdikta (ikkje sann). Ofte blir romanar gitt ut som eigne bøker.
Novelle
Ei novelle er òg eit døme på oppdikta litteratur (skjønnlitteratur). Noveller pleier å vere kortare enn romanar. Ofte inneheld ei bok fleire noveller (novellesamling).
Eventyr
Eit eventyr er ei oppdikta forteljing som vi finn i mange land i verda. Dei blei fortalde munnleg i mange år før dei blei skrivne ned. Dei har ofte ein fast oppbygning.
Tema
Eit tema i skjønnlitteratur (romanar, skodespel, noveller og dikt) er det forfattaren vil fortelje med teksten sin. Døme på tema kan vere kampen mellom det vonde og det gode eller kjærleikssorg.
Konflikt
Konflikten i ein roman, novelle eller eit skodespel er det som er "problemet" i teksten. Det er konflikten som driv handlinga framover. Eit døme på ein konflikt kan vere at ein helt må kjempe mot vonde krefter.

Dette er første trinn i ein læringssti om i romanar, noveller og skodespel.

Korleis startar forteljinga?

Før du lærer om ulike måtar å starte ein roman eller ei novelle på, kan det vere lurt å tenke over kva som er oppgåva til byrjinga på ei historie. Sjølvsagt skal ho få lesaren interessert, men ho skal òg gi informasjon om kva som er og i historia.

Det er ulike måtar å gjere dette på:

In medias res

In medias res betyr "midt i hendingane". In medias res-opning betyr altså at lesaren det som skjer.

Eit døme på ein start som er in medias res, finn vi i romanen Murtagh av Christopher Paolini. Dette er dei første setningane i forteljinga:

"Drar du alene?
Murtagh så spørrende på Thorn. Den røde dragen satt ved siden av ham på steinen [...]" (Paolini, 2023, s. 19).

Målet med å starte slik kan vere å få lesaren interessert med ein gong. Til dømes er det vanleg at in medias res-opningar startar med ein , slik som i dømet over. Ein og ein mann som snakkar saman? Det er spennande. Og ikkje minst: Ein drake som skal ut på ei reise. Kva vil skje vidare? Christopher Paoloni skriv spenningshistorier for ungdom, så målet hans er nok å få dei interesserte i historia med ein gong.

Skildring

Ei anna moglegheit er ein rolegare start. Til dømes kan ei historie starte med ei . Ei skildring er ei beskriving av ein person (personskildring), naturen (naturskildring) eller ein stad (miljøskildring). Slik kan lesaren sjå for seg personen eller staden teksten handlar om.

I historia Den magiske fingeren startar forfattaren Roald Dahl med å beskrive ein familie og garden deira:

"På gården ved siden av bor Gregg og kona hans. De har to barn, begge gutter. De heter Philip og William. Av og til går jeg bort til gården deres og leker med dem." (Dahl, 1966/1990, s. 7).

Dette er ei mjuk innleiing som fører lesaren varsamt inn i historia.

Faste reglar

Nokre tekstar har faste reglar for korleis dei skal opne. Eit godt døme er eventyr. Norske eventyr pleier ofte å starte med orda "Det var ein gong". Når dei startar på denne måten, vil den som lyttar eller les, kjenne igjen . Dei faste reglane hjelper òg den som skal fortelje, å hugse historia.

Gå vidare i læringsstien for å gjere oppgåver om ulike måtar å starte forteljingar på.

Kjelder

Dagerman, S. (1987). "Å drepe et barn". (G. Malmström overs). Hentet fra https://www.tryggtrafikk.no/opplaering/skole/undervisningsmateriell/videregaende-opplaering/undervisningsopplegg/norsk-vgo/a-drepe-et-barn-av-stig-dagerman/

Dahl, R. (1990). Den magiske fingeren (T. E. Dahl overs). Gyldendal (Opprinnelig utgitt 1966).

Paolini, C. (2023). Murtagh. Cappelen Damm.

Relatert innhald

CC BY-NC-SA 4.0Skrive av Tone Elisabeth Grundvig og Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 15.04.2024