Korleis sluttar historia?
Dette er en del av ein læringssti om komposisjon. Finn første steg ved å gå til artikkelen Korleis startar forteljinga?
Desse fagomgrepa blir brukte i artikkelen:
- Karakter
- Ein karakter er ein person i ei novelle, ein roman eller eit drama.
- Tema
- Eit tema i skjønnlitteratur (roman, skodespel, novelle og dikt) er det forfattaren vil fortelje med teksten sin. Døme på tema kan vere kampen mellom det vonde og det gode eller kjærleikssorg.
- Konflikt
- Konflikten i ein roman, ei novelle eller eit skodespel er det som er "problemet" i teksten. Det er konflikten som driv handlinga framover. Eit døme på ein konflikt kan vere at ein karakter må kjempe mot vonde krefter.
Forteljinga kan ha ein open slutt. Det betyr at vi ikkje veit korleis det går med karakterane i historia, eller om konflikten blir løyst. Lesaren må tenke seg til kva som kjem til å skje vidare.
Novella "Arbeidsnever" av Jan Kristoffer Dale handlar om ein ung mann som er misfornøgd med livet sitt. Historia sluttar opent. Det skjer ikkje noko spesielt. Dette gjer det triste livet til Trygve endå tristare. Forfattaren viser at konflikten til karakteren, at han er misfornøgd med livet sitt, ikkje blir løyst. Han held berre fram med å leve det kjedelege livet sitt.
Ein lukka slutt er det motsette av ein open slutt. Då viser forfattaren korleis det går med karakterane i historia. Historia kan til dømes ende lykkeleg med at dei to som har lengta etter kvarandre (og vore ulykkeleg forelska), får kvarandre. Konflikten i historia løyser seg.
Øvst på denne sida kan du sjå sistesida i dramaet Et dukkehjem av Henrik Ibsen. Konflikten i dramaet er at hovudpersonen Nora føler at mannen ikkje behandlar henne som eit menneske, men som ei dokke. Temaet er fridom og eit ønske om å bli sjølvstendig. Vi kan seie at slutten er lukka sidan konflikten blir løyst ved at Nora reiser frå mannen sin.
Men nokon vil òg seie at slutten er ganske open. For kva skjer vidare med Nora etter at ho har forlate Thorvald?
Gå vidare i læringsstien for å teste kunnskapane dine om kronologi ved å tolke novella "Gutten" av Margaret Skjelbred.
Relatert innhald
Jobb med kronologien i novella "Gutten" av Margaret Skjelbred.