Korleis blir historia fortald?
Dette er tredje steg i ein læringssti om komposisjon. Finn første steg ved å gå til artikkelen "Korleis startar forteljinga?"
Desse fagomgrepa blir brukte i fagartikkelen:
- Roman
- Ein roman er eit døme på skjønnlitteratur, altså litteratur som er oppdikta (ikkje sann). Ofte blir romanar gitt ut som eigne bøker.
- Novelle
- Ei novelle er òg eit døme på oppdikta litteratur (skjønnlitteratur). Noveller pleier å vere kortare enn romanar. Ofte inneheld ei bok fleire noveller (novellesamling).
- Forteljemåtar
- Ein forteljemåte er ein måte ein forfattar vel å bygge opp historia si på.
- Karakter
- Ein karakter er ein person i ein roman, ei novelle eller eit drama.
- Frampeik
- Eit frampeik betyr å peike framover, å vise at noko skal skje.
- Kronologisk
- Kronologisk betyr at noko følger i rett tidsrekkefølge.
- Tilbakeblikk
- Eit tilbakeblikk betyr å sjå tilbake i tid.
- Parallellhistorie
- Parallellhistorier er et verkemiddel. Det er når to handlingar skjer samtidig i ein tekst.
Forfattaren kan velje mellom ulike måtar å fortelje ei historie på i skjønnlitteratur. Ofte finn du fleire forteljemåtar i ein og same tekst.
Kronologisk forteljemåte
Forfattaren kan fortelje historia kronologisk. Det vil seie i den rekkefølga noko faktisk skjer. I eventyr og andre munnlege forteljingar blir handlinga fortald i kronologisk rekkefølge (tidsrekkefølge). Også i islendingsagaene er kronologisk rekkefølge det normale.
Tilbakeblikk (retrospeksjon)
Ein annan vanleg forteljemåte er tilbakeblikk (retrospeksjon). Det betyr at handlinga går føre seg både i notid og fortid. Til dømes kan handlinga starte i notid, men så vil vi etter kvart kunne lese om fortida til personane. Desse tilbakeblikka kan gjere at vi forstår personane og handlinga betre. Eller kanskje bruker forfattaren tilbakeblikka for å skape spenning. Det er til dømes ein vanleg forteljemåte i kriminalromanar.
Henrik Ibsen – ein meister på tilbakeblikk
Noregs mest kjende forfattar, Henrik Ibsen, var kjend for å bruke tilbakeblikk. Skodespela hans starta i notid, men i løpet av historia blir vi kjende med fortida til karakterane. Slik skjønner lesaren at alle karakterane har nokre hemmelegheiter dei prøver å skjule for dei andre.
I hans aller mest kjende skodespel, Et dukkehjem, fører hemmelegheitene frå fortida til at ekteskapet mellom Nora og Thorvald blir øydelagt.
Frampeik
Ein annan forteljemåte er frampeik. Frampeik er hint om kva som skal skje seinare. Eit døme er frampeiket i novella "Å drepe et barn" av Stig Dagerman. Novella handlar om ein biltur som kjem til å ende med at eit barn blir drepe.
Vi følger to ulike historier. I den eine historia køyrer ein mann og ei dame i ein bil. I den andre følger vi ein familie med eit lite barn.
Ennå sitter barnet på gulvet og knepper stroppelivet, og mannen som barberer seg, sier at i dag skal de ta en rotur nedover elven, og kvinnen nynner og legger det nyoppskårne brødet på et blått fat.
Det farer ingen skygge over kjøkkenet, og likevel står mannen som skal drepe barnet, ved en rød bensinpumpe i den første landsbyen. Det er en lykkelig mann. (Dagerman (1948/1987).
Her står det: "[...] likevel står mannen som skal drepe barnet [...]". Lesaren får altså vite kva som skal skje seinare i handlinga. I avslutninga av novella møtest dei to parallellhistoriene, og mannen køyrer på og drep barnet.
Ikkje alle frampeik er like tydelege. Av og til kan frampeika gi små hint om handlinga seinare i historia. Til dømes står det "Det er en lykkelig mann". Men vi lesarar veit meir enn denne mannen. Vi veit at han skal drepe eit barn, og dermed er dette eit frampeik om at han ikkje er lykkeleg når historia er slutt.
Parallellhistorier
Viss forfattaren bruker parallellhistorier, betyr det at hen byter mellom to eller fleire historier i same tekst. Dei ulike historiene har som oftast ulike karakterar, men historiene er sette saman i ei og same forteljing.
Kvifor parallellhistorie?
Det kan vere fleire årsaker til at forfattaren vel parallellhistorie. I novella "Å drepe et barn" følger vi både eit ungt par på biltur og ein familie som lagar frukost. Dei to handlingane møtest når bilen med det unge paret køyrer på barnet.
Dagermann vel å bruke parallellhistorier for å skape spenning og for å skape ein kontrast. Det viktigaste i novella er ikkje om barnet blir drepe, men korleis. Stig Dagermann ville vise lesaren kva som kunne skje om ein køyrde utan å følge med på vegen. Når vi både følger sjåføren og den vesle guten parallelt, får vi sympati med begge karakterane.
Gå vidare i læringsstien for å gjere oppgåver om forteljemåten i eit utdrag frå romanen Tante Ulrikkes vei.
Relatert innhald
Utforsk kronologien i romanen "Tante Ulrikkes vei".