Norsk kort butid (SF vg1) – ferdig 2025
Dette faget er under utvikling. Vi fyller på med ressursar fortløpande.
Språket som system og mogelegheit
Språk er lydar som er sette saman for å skape meining. Vi bruker lydane til å bygge ord, og vi set saman ord til setningar etter bestemde reglar. Språket tilbyr oss òg ei mengd verktøy, slik at vi kan få sagt og skrive alt vi vil – i alle fall nesten!
Lær deg norsk
I norskfaget skal du snakke, lese, skrive og lytte til norsk. Ein god måte å bli flink til dette på er å bruke norsk så ofte du kan. Det er òg lurt å samanlikne norsk med førstespråket ditt, og finne kva som er likt og ulikt.
Ordklassar
Vi deler ord med same eigenskapar inn i ordklassar. Orda kan til dømes ha lik måte å bøyast på og same funksjon i setninga. Verb, substantiv, adjektiv, adverb og preposisjonar er nokre døme på ordklassar.
Verb
Å synge, å hoppe, å fortelje, å spele. Vi bruker verb når det skjer noko. Ein tekst utan verb hadde vore ei kjedeleg oppleving.