Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lær deg fleire uttrykk med verb og preposisjon

I denne oppgåva skal du lære deg fleire uttrykk som inneheld verb og preposisjon saman. Du skal både lese ein tekst, starte på arbeidet med å lage ei ordliste og leike mimeleiken med andre i klassen.
Fire jenter snakkar saman rundt eit bord i eit klasserom. Foto.

Del 1: Finn preposisjon + verb

Teksten under er eit utdrag frå romanen Lappjævel av Katrine Nedrejord. Romanen fortel om eg-personen Sammol som skal begynne på ny skule. Han er samisk og snakkar ikkje norsk.

  1. Les utdraget. Marker alle preposisjonane du finn.

  2. Kva for nokon av preposisjonane står saman med eit verb? Skriv ned alle uttrykka du finn som er verb + preposisjon (eit døme på eit slikt uttrykk er "hviske til" (nynorsk: kviskre) i teksten).

  3. Samarbeid med ein eller fleire i klassen: Klarer de å forklare kva uttrykket med verb + preposisjon betyr?

  4. Samanfatt i klassen. Få hjelp av læraren dykkar viss de er usikre på kva uttrykka betyr.


"Men jeg kan ikke norsk", hvisker jeg til pappa.

Pappa skal til å si noe, men så ser han på rektor Rygh. Han har lagt armene bestemt . Pappa klapper meg på hodet og sukker:

"Det lærer du nok."

Det høres ikke ut som han trur på det . Rektor Rygh snakker igjen. Pappa oversetter:

"Følg meg! Det er på tide å vise deg hvor du skal sove fremover."

Og jeg tenker: NÅ, nå løper du hjem, Sammol! Men pappa hører visst tankene mine, for han tar tak i handa mi og drar meg inn i bygninga.
(Nedrejord, 2020, s. 13)

Del 2: Lag ei ordliste

Begynn å lage ei ordliste med verb og preposisjonar som heng saman. Du skal bruke uttrykka du skreiv ned i del 1. Kvart uttrykk bør ha eit døme, og du bør forklare uttrykket med eigne ord på førstespråket ditt, til dømes ved å omsetje det.

Dette skal berre vere starten på det som skal bli ei lengre ordliste. Fyll inn nye uttrykk når du oppdagar dei, anten når du snakkar med folk, ser på tv eller les.

Her ser du eit døme på korleis ordlista kan sjå ut:

Verb + preposisjon

Uttrykk på nynorsk

Døme frå utdraget

Forklaring (skriv på førstespråket ditt)

kviskre til"hvisker jeg til pappa"
skulle til"Pappa skal til å si noe"
sjå på

"så ser han rektor Rygh"

legge i kors"Han har lagt armene[...] i kors"
klappe på"Pappa klapper meg hodet"
tru på"Det høres ikke ut som han trur på det"
ta tak i"han tar tak i handa mi"
dra inn (i)"[han] drar meg inn i bygninga"

Under her kan du laste ned eit Word-dokument du kan skrive inn i:

Filer

Kvifor er det lurt å lage ei ordliste?

  • Det er lurt å lære seg verb og preposisjon saman fordi preposisjonen bestemmer kva verbet betyr.

  • Dessutan er kombinasjonen verb + preposisjon veldig vanleg på norsk, og mange synest det er vanskeleg å forstå korleis dei skal bruke preposisjonar. Viss du lærer deg verb og preposisjon saman, og har med eit døme, kan det bli lettare for deg å forstå når du skal bruke kva for preposisjon.

Del 3: Mimeleik

"Å mime" betyr at du skal forklare noko utan å bruke ord. No skal de ha mimeleik med verb + preposisjon. Ein av dykk startar. Gå fram slik:

  1. Stå framfor klassen. Bestem deg for eit av uttrykka med preposisjon + verb frå utdraget frå Lappjævel over.

  2. Mim uttrykket. Du skal vise dei andre uttrykket med kroppen. Det er ikkje lov å seie noko eller lage lydar.

  3. Dei andre skal gjette kva uttrykk du mimar. Dei må seie rett verb og rett preposisjon for å få rett. Rett svar gir eit poeng.

  4. Ein annan går opp framfor klassen og mimar eit nytt uttrykk.

Kjelde

Nedrejord, K. (2020). Lappjævel. Aschehoug.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 13.08.2024

Læringsressursar

Preposisjonar