Hopp til innhald
Fagartikkel

Verb + preposisjon = sant

Veldig mange verb står saman med preposisjonar. Du kan til dømes tenke nokon, du kan hoppe over noko eller ete opp noko. Les meir om verb saman med preposisjonar og kvifor det er så viktig å lære seg dei.

Før du les

Desse fagomgrepa blir brukte og forklarte i løpet av teksten:

Preposisjon
Preposisjonar er ord som vi ofte bruker for å fortelje om tid eller stad. I setninga Ho var i Oslo i går bruker vi preposisjonen "i" for å fortelje om tid (i går) og stad (i Oslo).
Verb
Eit verb beskriv ei handling eller ein tilstand. Ei handling er til dømes "å hoppe" eller "å ete". Ein tilstand er til dømes "å bli" eller "å vere".
Uttrykk
Her: Eit uttrykk er to eller fleire ord som høyrer saman. Når vi set saman eit verb og ein preposisjon, til dømes "komme til" i setninga Eg kjem til deg, er det eit uttrykk (preposisjonsuttrykk).

Preposisjonen bestemmer betydninga

Eit verb er ikkje berre eit verb. Viss du set det saman med ein preposisjon, kan verbet få ulike betydningar. Vi kan til dømes sjå på verbet å kjenne. Viss verbet står utan preposisjon, men saman med eit objekt, betyr det å vite kven nokon er, kanskje å vere venner med nokon:

  • Eg kjenner far din.

Men viss du legg til ein preposisjon etter verbet "å kjenne", får det ulike betydningar. Her har vi lagt til preposisjonane , etter og til:

  • Å kjenne Eg kjenner på graset. Uttrykket betyr å ta på noko.

  • Å kjenne etter Då eg kjende etter, merka eg at eg hadde vondt i beinet. Uttrykket betyr å legge ekstra godt merke til noko.

  • Å kjenne til Eg kjenner til dette problemet. Uttrykket betyr at du har kunnskap om / erfaringar med noko.

Preposisjon og verb saman er vanleg

På norsk er uttrykk med preposisjon og verb saman veldig vanleg. Du bør derfor prøve å lære deg vanlege uttrykk for å auke både forståinga og ordforrådet ditt.

Mange synest preposisjonar på norsk er vanskelege å lære. Når skal du eigentleg bruke kva for nokon preposisjonar? Svaret er at det er vanskeleg å lage ein regel du kan bruke, spesielt når preposisjonen heng saman med verbet i eit fast uttrykk.

Lag derfor gjerne ei ordliste med døme og omsetjing til førstespråket ditt over vanlege uttrykk med verb og preposisjon saman.

Viss du gjer oppgåva "Lær deg fleire uttrykk med verb og preposisjon", vil du vere godt i gang!

Relatert innhald