Øv på preposisjonar om tid og stad
Sitt i grupper og gjer desse oppgåvene saman:
Del 1: Diskuter
Veit de kva ein preposisjon er? Kom med døme på norske preposisjonar.
Klarer de å lage tre norske setningar med ulike preposisjonar i?
Synest de det er vanskeleg eller enkelt å vite korleis de bruker preposisjonar på norsk? Grunngi svara dykkar.
Del 2: Skriv og forklar
Set om dei tre setningane under til førstespråka dykkar. Preposisjonane er under, på og om.
Katten ligg under bordet.
Eg er på butikken.
Om morgonen søv eg lenge.
Marker korleis du set om dei tre norske preposisjonane til førstespråket ditt. Du kan til dømes setje ein ring rundt den delen av setninga som du har omsett frå "under", "på" og "om".
Vis og forklar dei andre i gruppa korleis du omsette setningane til førstespråket ditt.
Klarer de å finne ut kva likskapar og forskjellar det er mellom norsk og førstespråka dykkar når det gjeld bruk av preposisjonar? Diskuter og samanlikn.
Les fagartikkelen "Kvifor er det så vanskeleg med preposisjonar?".
Gjenfortel det de har lese i grupper. Var det nokon av reglane som var nye for dykk, og som de syntest det var nyttig å lære?
Sjå på bileta og skriv inn rett preposisjon i setningane.
Sitt i par. Diskuter kva som er rett setning. Forklar kvifor. Rett svar finn de ved å snu kortet.
Skal det vere "på" eller "i"? Fyll inn rett preposisjon.
Vel dei setningane som har rett preposisjon om tid.
Fyll inn rett preposisjon. Hugs stor bokstav viss preposisjonen står først i setninga. Du kan finne tips nedst i kvar oppgåve viss du treng hjelp.