Hopp til innhald
Oppgåve

Preposisjonsorakelet svarer om "på" og "i" i huset

Eit orakel er ein mytisk person du kan spørje om alt. Preposisjonsorakelet kan alt om preposisjonar på norsk. Kva svarer han om bruk av eller i om rom i huset?

Preposisjonsorakelet får eit vanskeleg spørsmål. Bla gjennom presentasjonen under for å få vite kva han kan om bruken av preposisjonar om rom i huset.

Oppgåve 1. Preposisjonar om hus

Sitt i par. Svar på spørsmålet på kvar side med ei heil setning: "Eg er på/i ..." Sjå på biletet eller les ordet under spørsmålet for å svare på rett måte. Snu biletet for å finne ut om de har brukt rett preposisjon.

NB! Hugs at du må bruke bestemd form av substantivet når du svarer: Eg er på soverommet. Årsaka er at du alltid skal bruke bestemd form av substantivet når du snakkar om eit bestemt rom.

Oppgave 2. Svar med ei heil setning

I denne oppgåva skal du øve på to ting:

  • å bruke rett preposisjon

  • å skrive heile setningar der leddsetninga står først

Kva skal du gjere?

Svar på spørsmålet. Det første ordet i svaret er fylt inn for deg. Du skal skrive resten av setninga. Hugs komma etter og punktum til slutt.

Døme:

  • Kvar er du når du ser på tv?

Du skal svare:

  • (Når) eg ser på tv, er eg i stua.