Kvifor er det så vanskeleg med preposisjonar?
Mange synest det er vanskeleg å forstå når dei skal bruke kva for preposisjon. Det er dessverre umogeleg å gi reglar for all bruk av preposisjonar, men no skal du lære meir om når du bruker preposisjonar, og korleis du kan bli flinkare til å bruke dei på rett måte.
Nesten alle språk har preposisjonar. På norsk er preposisjonar ofte korte ord som vi bruker saman med andre ord, ofte substantiv. Døme på preposisjonar er i, på, over, under og etter.
Ofte bruker vi preposisjonar for å fortelje kvar noko er. Då står preposisjonen framfor eit substantiv. Dei vanlegaste preposisjonane for å fortelje om stad er på, under, over, i, bak, framfor og mellom.
Tenk over
Bruker du preposisjonar på same måte i førstespråket ditt? Prøv deg fram ved å omsetje setningane i presentasjonen over.
På eller i om stad?
Det kan vere vanskeleg å skjønne når du skal bruke "på" og når du skal bruke "i" når du snakkar om stad. Her er nokre av reglane som kan vere greie å kunne:
På
Vi bruker "på" når vi snakkar om ein institusjon:
Ho er på skulen.
Vi går på universitetet.
Han er på biblioteket.
Vi bruker "på" om fjell og øyer:
Eg har vore på Grønland.
Han har vore på Mount Everest.
Vi bruker "på" om norske stadnamn som sluttar på "-landet":
Ho bur på Sørlandet.
Vi har vore på Austlandet.
I
Vi bruker "i" om utanlandske stadnamn, bortsett frå øyer og fjell:
Ho er i Frankrike.
Vi har vore i Midtausten.
Vi bruker òg "i" om landsdelane i Noreg med "-Noreg" som siste ledd, og om dalar:
Eg har vore i Nord-Noreg.
Han bur i Gudbrandsdalen, eg bur i Østerdalen.
Om stader i Noreg
Viss du synest det er vanskeleg å vite om du skal bruke på eller i om ulike stader i Noreg, er det ikkje rart. Det er få faste reglar her.
Du kan legge merke til at vi bruker "i" om alle dei store norske byane:
Eg har både vore i Oslo, Bergen, Stavanger, Trondheim, Kristiansand og Drammen.
På/om
Preposisjonane "på" og "om" bruker vi litt om kvarandre.
Vi bruker "på" om vekedagar og andre dagar:
Eg kjem på julaftan.
Har du bursdag på måndag?
Vi bruker "på" eller "om" om ei årstid og om noko som skjer regelmessig:
På/Om sommaren liker eg å bade.
Eg har ferie på/om hausten.
Viss vi snakkar om noko som gjentek seg ei spesiell tid på døgnet, bruker vi "på" eller "om":
På/Om kvelden speler eg fotball.
På/Om morgonen gjer eg yoga.
I
Vi bruker "i" om år og månader:
Eg er fødd i 1999.
Han har bursdag i juli.
Vi bruker "i" når vi snakkar om tid på døgnet og om noko som skjer ein gong.
I morgon skal eg stå opp tidleg.
I går var eg på jobb.
Vi bruker "i" når vi snakkar om årstid og om noko som skjer ein gong.
I sommar har eg bada mykje.
I haust har eg ferie.
Om framtid
Når vi snakkar om noko som skal skje ein vekedag eller ein spesiell dag i framtida, bruker vi "på":
På fredag har eg bursdag.
På julaftan har eg alltid på meg dress og slips.
Når vi snakkar om noko som skal skje ein månad, eit år eller ei tid på døgnet i framtida, bruker vi "i":
I mai skal eg flytte heimanfrå.
I 2028 skal Los Angeles arrangere OL.
I kveld skal vi sjå på ein film saman.
Elles bruker vi "om" om framtid:
Om to dagar reiser vi.
Om tre veker kjem pappa heim.
Hugs på dette om tid:
Ein viktig forskjell når det gjeld preposisjonar om tid, er altså at du skal bruke "i" når du snakkar om noko som skjer éin gong: i morgon, i sommar og i juni.
Du skal bruke bruke "om" eller "på" når du snakkar om noko som skjer ofte. Då må du hugse bestemd form av substantivet: om/på morgonen og om sommaren.