Hopp til innhald

Norsk kort butid (SF vg1) – ferdig 2025

Dette faget er under utvikling. Vi fyller på med ressursar fortløpande.

Språket som system og mogelegheit

Språk er lydar som er sette saman for å skape meining. Vi bruker lydane til å bygge ord, og vi set saman ord til setningar etter bestemde reglar. Språket tilbyr oss òg ei mengd verktøy, slik at vi kan få sagt og skrive alt vi vil – i alle fall nesten!

Lær deg norsk

I norskfaget skal du snakke, lese, skrive og lytte til norsk. Ein god måte å bli flink til dette på er å bruke norsk så ofte du kan. Det er òg lurt å samanlikne norsk med førstespråket ditt, og finne kva som er likt og ulikt.

Ordklassar

Vi deler ord med same eigenskapar inn i ordklassar. Orda kan til dømes ha lik måte å bøyast på og same funksjon i setninga. Verb, substantiv, adjektiv, adverb og preposisjonar er nokre døme på ordklassar.

Preposisjonar

Preposisjonar er ord som står framfor eit substantiv eller pronomen for å beskrive kvar noko eller nokon er i stad eller tid.