Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Lag ein logo

Når de har forretningsidéen eller bedrifta klar, kan det vere fint å få laga ein logo. Ein logo er eit kjennemerke som kort sagt visualiserer kva verksemda tilbyr, og kva ho står for.

Kva kjenneteiknar ein god logo?

Ein logo skal vere eit blikkfang og lett gjenkjenneleg. Han skal òg visualisere kva ei verksemd ønsker å formidle til kunden. Han skal vere enkelt utforma, men likevel få fram bodskapen. For mykje tekst, detaljar eller overdriven bruk av fargar vil som regel berre ta vekk merksemda frå det ein ønsker å formidle.

Før de startar, kan de lese meir om oppbygninga av logoar i artikkelen om komponentane i ein logo.

Oppgåve

Del 1. Vurder logoar

I presentasjonen under finn de fem døme på logoar frå landbrukssamvirket.

  1. Sett dykk saman i bedrift, gruppe eller to og to.

  2. Gå gjennom dei ulike logoane og diskuter følgande:

    • Korleis er logoane utforma? Legg merke til bruk av fargar, bokstavar, figurer, bakgrunn.

    • På kva måte fangar dei merksemda di?

    • Får verksemdene fram bodskapen sin i logoane? Forklar.

    • Kva logo liker de best? Kvifor?

  3. Vel ein logo frå ei verksemd de sjølve kjenner til. Det kan til dømes vere ei bedrift, eit klesmerke eller eit bilmerke, ein organisasjon, eit politisk parti, sosiale medium eller noko anna.

    • Kva er det de liker med akkurat denne logoen?

    • Ta ei kort oppsummering i plenum til slutt.

Del 2. Arbeidsoppdrag. Lag ein logo

I denne delen av oppgåva skal de lage ein logo ved hjelp av verktøyfunksjonar i PowerPoint. Viss de ikkje allereie har ein bedriftsidé, går det an å ta utgangspunkt i Kreativitetsøving: Slumpord.

  1. Set dykk saman i bedrifter eller grupper (to til fem personar).

  2. Opprett ein felles PowerPoint, gjerne med delt redigering.

  3. Klikk på "Set inn" frå verktøymenyen og bruk deretter funksjonane "Figurer", "Smartart", "Ikoner". De kan òg forandre farge, skrift og tjukkleik på strekar. I tillegg har de teiknefunksjonen "Tegn".

  4. Lag gjerne fleire skisser, og prøv dykk fram med ulike funksjonar. Hugs at ein logo bør

    • ha ein enkel oppbygning

    • spegle forretningsidéen

    • ha ein iaugefallande struktur som fangar merksemda til ønskt kundegruppe

  5. Gå gjennom skissene og bli til slutt einige om den logoen de synest vart best.

  6. Kvar gruppe presenterer logoen sin. Dei andre gruppene kan komme med innspel på kva som er bra, og forslag til forbetringar.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Vigdis Jonsen.
Sist fagleg oppdatert 03.01.2024

Læringsressursar

Å starte eiga bedrift