Hopp til innhald

Fagstoff

Komponentane i ein logo

Symbol og typografi er dei viktigaste komponentane i ein logo. Når du formgir og vel eigenskapar for symbol og bokstavar, avgjer det kvaliteten på logoen.
Foto av ein Shell bensinstasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fire kategoriar funksjonelle logoar

Logoar som passar inn under ein av dei fire kategoriane nedanfor, er ofte velfungerande logoar.

  • eit symbol som førestiller noko du lett kan kjenne igjen
  • symbolet er veldig stilisert eller geometrisk i forma
  • symbol som består av ein forbokstav
  • ein typografisk logo som er basert på ei forkorting på opptil fire bokstavar

Tenk over

Kva for kategoriar høyrer dei ulike logoane nedanfor til?

Symbol og typografi

Ein logo består vanlegvis av to delar: typografi og symbol. Den typografiske delen består gjerne av heile eller forkortinga av namnet på firmaet. Symbolet er ofte stilisert frå eit foto av noko figurativt, er ein geometrisk figur, eller ein bokstav inni ei form.

Den viktigaste grunnen til å bruke både heile namnet og eit bilete er at desse to utfyller kvarandre. Namnet og ikonet eller symbolet skal ofte bli vist saman, men må kunne fungere kvar for seg.

Symbolet skal vere så enkelt og tydeleg som mogleg, så det visest godt, sjølv når det har veldig lite plass. Det vil ofte skilje seg meir ut frå andre symbol enn eit namn, nettopp fordi det er eit bilete og ikkje ei lang samling bokstavar. Tenk på “svosjen” til Nike eller skjelet til Shell.

Tidlegare var det enklare å klare seg utan eit enkelt lite symbol eller monogram som kunne fungere som symbol.

Når du designar logoar i dag, må du til og med tenkje på dei ørsmå merka som står i fanen på ein nettlesar. Dei er typiske døme på at symbolet skal kunne stå åleine, og likevel kunne bli identifisert av målgruppa. Dei blir kalla favikon.

Bokstav som symbol

I dei seinare åra har det blitt stadig vanlegare å bruke berre ein førebokstav, A-en til Amazon, eller ein førebokstav som blir sett i ei form, altså oftast ein kvit bokstav på farga botn, som F-en til Facebook eller K-en i Cirkle K.

Nokre gongar blir det også brukt to til fire bokstavar. Nettordboka Word Reference bruker både W-en og R-en. Selskap med namn som i verkelegheita er ei forkorting, bruker gjerne forkortinga som symbol. NRK, DnB, Coop og IKEA er kjende døme på dette. Alle desse står eigentleg for noko anna, men er så etablerte at mange av oss ikkje veit kva dei er ei forkorting av.

Skal du lage eit monogram, bør du ta utgangspunkt i skrifta du har valt til namnedelen av logoen din, men om du tenkjer å bruke eit symbol, kan du like gjerne begynne med det, og la det vere bestemmande for typografien og fargar i resten av logoen.

Utforming i svart og kvitt

Skal du utarbeide ein logo, er det viktig å få han på plass i svart og kvitt først. Då kan du fokusere på få til ein enkel logo som fungerer med tanke på form. Når ein kvit eller lys bokstav blir sett på ein mørkare botn, seier vi at han er negativ. Ein logo skal kunne fungere både som positiv og som negativ.

Så kan du begynne å jobbe med fargar. Du bør altså vente med å jobbe fram ein fargepalett til logoen er ferdig. Det er likevel ikkje noko i vegen for å lage ein palett i høve med research og moodboard, og så kome tilbake til han når logoen er klar.

Korleis ser du føre deg fargane på nokre av desse logoane i svart og kvitt?

Logobook.com: Ei samling logoar i svart og kvitt

Dei aller mest innovative og internettbaserte merkevarene vågar å leike med logoen innimellom. Google er kanskje det mest kjende dømet på nett dette, med sine doodles, som dukkar opp i høve med merkedagar eller noko som skal feirast.

Relatert innhald

Ikon er visuelle forenklingar av verkelegheita, mens symbol er abstrakte teikn som krev at ein har lært tydinga for å kunne forstå dei.

CC BY-SASkrive av Andrea Søndervik.
Sist fagleg oppdatert 03.01.2019

Læringsressursar

Grafisk design