Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kreativitetsøving: Slumpord

Nokre gonger kan det vere vanskeleg å komme på idéar sjølv. Her er ei øving som kan hjelpe dykk til å komme i gang. Øvinga blir kalla slumpord og er ei kreativitetsøving som går ut på å setje saman ulike ord til noko nytt. Kanskje de finn opp eit nytt produkt eller ei ny teneste?
Fire jenter sit ved eit bord med mange små papirlappar på. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Framgangsmåte

  1. Skriv vedlegget under, og klipp ut korta.

  2. Gå i grupper på inntil fem elevar. Forsøk å setje saman to og to ord som kan gi dykk idéar til nye produkt og tenester. Alternativt kan de trekke lappar tilfeldig. Prøv gjerne fleire variantar.

  3. Bli slutt einige om ein av idéane som de vil satse på.

  4. Diskuter:

    • Kva går idéen ut på?

    • Kva kan han brukast til?

    • Kva kundegruppe er han meint for?

Filer

Slumpord

Jobb vidare med idéen

  1. Sett dykk inn i kva som ligg i ein forretningsidé på sida Visjon og forretningsidé.

  2. Formuler idéen dykkar til ein forretningsidé.

  3. Beskriv forretningsidéen de har komme fram til. Kva går han ut på? Kven er målgruppa? Kva behov har målgruppa?

  4. Vurdere positive og negative sider ved hjelp av analyseverktøyet SWOT.

  5. Til slutt vurderer de kor berekraftig idéen er med utgangspunkt i FNs berekraftsmål.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Vigdis Jonsen.
Sist fagleg oppdatert 19.12.2023

Læringsressursar

Å starte eiga bedrift