Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

SWOT-analyse. Er idéen liv laga?

Kva styrkar, svakheiter, mogelegheiter og truslar har ein forretningsidé? I denne øvinga skal de prøve å analysere ein idé de har, frå ulike sider. Til det kan de bruke ein SWOT-analyse.
Matrise som viser korleis ein kan rangere ein idé med bakgrunn i idéens styrker, svakheiter, mogelegheiter og truslar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

SWOT

SWOT er eit analyseverktøy som blir brukt til å vurdere dei sterke og svake sidene ved ein idé. Forkortinga SWOT kjem av dei engelske orda strenghts, weaknesses, opportunities og threats. På norsk blir dette set om til:

  • styrkar

  • svakheiter

  • mogelegheiter

  • truslar

Vurder idéen dykkar med SWOT

No skal de bruke SWOT-analyse til å vurdere ein idé de har. Bruk til dømes ressursen Kreativitetsøving: Slumpord for å få fram gode idéar, eller bruk andre idéar de vil gå vidare med.

Her er forslag til punkt som kan vere aktuelle å ta med i ein SWOT -analyse:

Kva styrkar har idéen?

Med styrkar meiner vi sider ved idéen som gir fordelar i forhold til andre idéar eller eksisterande produkt. Dette kan vere at

  • idéen gir konkurransefordelar, og det er noko som skil idéen frå andre produkt eller tenester på marknaden

  • de har god kompetanse på den aktuelle idéen i gruppa, og de utfyller kvarandre godt

  • idéen er lett å marknadsføre og selje

  • det finst eit bra kundegrunnlag

  • det er god tilgang på lokale råvarer eller tenestemogelegheiter

  • de har nødvendig utstyr til å gjennomføre idéen

  • plassering for bedrifta er veleigna

  • det er gode mogelegheiter for å få finansiering

Kva svakheiter har idéen?

Svakheiter er faktorar som gir ei ulempe i forhold til konkurrentar: Døme på svakheiter kan vere at

  • det finst liknande produkt på marknaden frå før

  • det er manglande kompetanse i gruppa, og det blir vanskeleg å realisere idéen

  • det er utfordringar med å skaffe utstyr

  • det er utfordringar med å skaffe råvarer

  • det er ein liten marknad, og kundegrunnlaget er dårleg

  • det er utfordringar med finansiering

  • plasseringa for bedrifta ikkje eignar seg

Kva mogelegheiter har idéen?

Faktorar de kan utnytte for å få ein fordel, kan vere at idéen har

  • marknadsfordelar

  • potensial for vidareutvikling

  • gode salsmogelegheiter

  • mogelegheit for å nyte godt av støtteordningar

Kva truslar/utfordringar møter idéen?

Truslar eller utfordringar som kan skape problem for gjennomføringa av ideéen, kan vere

  • konkurranse frå liknande produkt eller tenester i marknaden

  • nye lover og reglar

  • finansiering

  • at produksjonen er vêr-og/eller sesongavhengig

Bruk gjerne tabellen under når de skal analysere idéen dykkar. Klikk på pluss-teikna for å legge til aktuelle punkt for idéen de analyserer. Til slutt kan de eksportere det de har skrive, inn i eit dokument og gjere eventuelle justeringar i layout. De har laga dykkar eigen SWOT-analyse!

Kjelder

Distriktssenteret. (u.å.). SWOT-analyse. Henta 18. desember 2023 frå https://distriktssenteret.no[-verktoy\swot-analyse\

Skape. (u.å.). SWOT-analyse mal. Henta 18. desember 2023 frå https://www.skape.no/maler/swot-analyse-mal

CC BY-SASkrive av Vigdis Jonsen.
Sist fagleg oppdatert 19.12.2023

Læringsressursar

Å starte eiga bedrift