Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lag logo og designprofil

Lag ein logo som består av ein typografisk del med namnet til oppdragsgjevaren og eit symbol.

Utviklinga av idéskissene er for ein tenkt dyrebutikk: Snute. Fleire symbol kan stå for kjæledyr: Potar, snute, munn og hus. Dei fleste vil godta det som logo for alt ein treng til kjæledyra sine.

Lag ein logo for ei verksemd

Ta utgangspunkt i éin av desse fire kategoriane:

  • eit symbol som førestiller noko ein lett kan kjenne igjen
  • symbolet er veldig stilisert eller geometrisk i forma
  • symbol som består av ein forbokstav
  • ein typografisk logo som er basert på ei forkorting på opptil fire bokstavar

Research

Før du startar, bør du tenkje over:

Kven er kunden?

  • Kva slags bedrift eller organisasjon er det?

    • stor eller liten
    • kommersiell eller ideell
    • kva typar produkt eller tenester

  • Kven er dei viktigaste konkurrentane til kunden?

    • Korleis ser logoane deira ut?

    NB! Kunden din sin logo bør skilje seg ut frå konkurrentane sine logoar, elles kan det oppstå forvirring hos målgruppa, eller du kan bli skulda for plagiat.

Finn ut mest mogleg

  • Spør folk på gata eller på nett korleis dei oppfattar verksemda. Lag gjerne ei spørjeundersøking eller gjennomfør intervju.
  • Be kunden om å lage eit moodboard med ting dei likar. Det kan bestå av andre logoar, typografi, fargar, bilete, illustrasjonar og så vidare. Poenget er ikkje at kunden skal lage ei skisse av korleis logoen skal sjå ut, men at du skal få vite mest mogleg om kva kunden din har sans for. Då veit du litt om kvar du kan sjå vidare etter inspirasjon, og kva du ikkje treng å tenkje meir på.
  • Sett deg inn i historia til bedrifta, kundegrunnlag, personale og drift. Snakk med fleire i bedrifta om bedrifta.

2 Idémyldring og skisser

Vurder kva informasjonen du har samla om kunden din, har å seie for verkemiddel du skal velje til logoen: Kva for typografi skal du bruke, kva for symbol er relevante, og kva er passande fargar?

  • Lag ei idémyldringsliste og organiser idéane dine i eit tankekart.
  • Skisser ut ei mengde frimerkeskisser.
  • Kva kan du visualisere som kan forsterke namnet, og som også kan stå åleine der det er nødvendig? På engelsk snakkar designarar om å finne det riktige designet: “Get the right design”.
  • Når du har funne ut kva du skal fokusere på, blir neste trinn å finne ut korleis dette designet bør bli utforma for å få fram essensen: “Get the design right”.

Arbeid med fontar

Finn fram forskjellige fontar som kan vere aktuelle.

  • Det må vere lett å lese bokstavane. Fonttypen du vel, vil seie ein del om kva slags verksemd logoen representerer. Er det ein enkel grotesk, med få detaljar, eller ein egyptienne, enkel og robust, men likevel med fleire detaljar og noko meir særpreg? Ein erfaren designar vel ikkje same skrift for ei kebabsjappe som for ein gourmet-restaurant.
  • Finn fram fleire moglege skrifter og test ut på målgruppa: Kva for skrifter sender ut dei riktige signala?
    Spør gjerne også medelevar eller andre om kva dei forbind med dei forskjellige skriftene.

Skisser i vektorprogram

  • Lag skisser både av symbol og typografi og kombinasjonar av desse i eit vektorprogram.

Sjølv om du har begynt å skisse på ei datamaskin, hugs at du alltid kan ta fram blyant og papir om du raskt vil teste ut måtar å gjere ting på, før du fortset i programvara. Det kan spare deg for mykje tid. Du skal uansett bruke ein del tid på å få detaljane på plass i dei ferdige forslaga.

3 Ferdiggjering av logo og døme på bruk

Lag ferdig eitt eller fleire forslag

  • Planlegg at du skal presentere for ein kunde. Då er det ikkje uvanleg å ha meir enn eitt alternativ. Mange vil seie at tre er eit gunstig tal.

Kanskje alternativa ikkje er så veldig forskjellige frå kvarandre, men kunden vil likevel føle at dei har litt å velje i. Du må sjølvsagt argumentere for den versjonen du tilrår, samtidig må du også stå inne for dei to andre versjonane, så du ikkje blir ansvarleg for å setje ut i livet noko du ikkje kan stå inne for.

Designprofil og designmanual

  • Få på plass designprofilen.

Ikkje gjer det for omfattande, finn fram til dei viktigaste bruksområda for logo og symbol og sett desse inn i ein samanheng, så kunden kan sjå korleis desse elementa fungerer. Få også på plass fargepalett og korleis typografi kan fungere.

Om du har laga logo til ein kafé, er det naturleg at du viser korleis han vil fungere inne og ute og saman med fargene i paletten du har valt.

Når du har laga ferdig eit utkast til symbol, kan du også teste korleis det fungerer i miniatyr. Om det fungerer bra i eit lite format, som på fana i ein nettlesar, er det eit teikn på at logoen fungerer.

Dokumenter prosessen din

Hugs å dokumentere og ta vare på utviklinga i prosessen.

  • Opprett eit dokument.
    Her viser du forskjellige idéar du har utforska nærmare, men forkasta, og grunngje kvifor du har forkasta noko og gått vidare med andre idéar.
  • Lag ein presentasjon av prosessen, så har du god kontroll på designet.

Tips

Lag ein PDF før du presenterer eller sender til kunde eller lærar, slik at du er sikker på å få med dei riktige fontane i dokumentet.

CC BY-SASkrive av Andrea Søndervik.
Sist fagleg oppdatert 16.06.2022

Læringsressursar

Visuell kommunikasjon