Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Hugsar du merkevarer?

Kva for merkevarer hugsar du, og kor godt? Undersøk nærmare kjente norske merkevarer.
Oppstilling av ulike logoer. Grafisk.

Oppgåve 1

  • Bruk nokre minutt på å skrive ei liste (5–10 namn) med dei første varemerka du kjem på. Hugsar du logoen til desse merkevarene?
  • Finn fram nokre tusjar eller fargeblyantar, og teikn dei raskt etter minnet, helst med fargar.
  • Ikkje leit opp logoen før du teiknar han, du gjer denne øvinga for å sjå kor lett eller vanskeleg det er å hugse og å kopiere dei!
  • Når du har prøvd å kopiere “dine” logoar, kan du sjå korleis andre har lukkast.
  • Ferdig? Studer denne også: Branded in Memory: Korleis blir etablerte amerikanske merke hugsa?

Oppgåve 2

Her har du ti kjende norske logoar. Greier du å teikne dei ut frå minnet?

  • NSB, Stabburet, Freia, Nidar, Rema 1000, Meny, Kiwi, Peppes pizza, Helly Hansen

Det viktigaste er at logoen blir kjent att. Det at mange er i stand til å kopiere logoen korrekt etter minnet, kan ein også tolke som eit teikn på at han er enkel og tydeleg, og dermed lett å hugse, lett å identifisere, og at han skil seg brukbart frå konkurrentane.

CC BY-SASkrive av Andrea Søndervik.
Sist fagleg oppdatert 21.12.2018

Læringsressursar

Visuell kommunikasjon