Hopp til innhald

Fagstoff

Visuelle konsept

Eit kreativt konsept handlar om sjølve ideen og grunnlaget bak designet av eit produkt. Eit overordna tema skaper heilskap og kontroll. Målet med å utvikle konsept er å skape synlegheit, skaffe nye kundar, behalde trufaste kundar, bygge omdømme eller tene pengar.

Om konsept

Eit godt gjennomarbeidd konsept gir ei kjensle av profesjonalitet, identitet og soliditet. Konsept speler på kjenslene, meiningane og tankane til målgruppa for å få målgruppa til å knyte seg til produktet.

Nike sitt slagord "Just do it" frå 1988 dannar framleis grunnlaget for korleis Nike utformar reklame-kampanjane sine. Sjølv om dei har hatt mange ulike vinklingar på kampanjane sidan 80-talet, har dei alltid brukt menneske som vel å vere aktive.

Foto av logoen til Rema på ein vegg.

Rema let i mange år slagordet "Det enkle er ofte det beste" gjennomsyre all reklame, men valde så å prøve ut konseptet "Det er 1000 grunner til å velge REMA 1000", der merksemda blir retta mot éi og éi årsak til å velje nettopp dei. Dette er døme på konsept som fullt ut pregar ansiktet til selskapet utetter. Få eit betre inntrykk av konseptet på Rema 1000s nettsider.

Beskriving av visuelle konsept

Eit visuelt konsept tydeleggjer temaet eller den grunnleggande logikken bak designet. Ei konseptbeskriving kan vere skriftleg, visuell eller begge delar. Ho gir retningslinjer for kva som skal gjere konseptet unikt og gjenkjenneleg i alle samanhengar og kanalar. Eit visuelt konsept er med andre ord ikkje ein bodskap, det er sjølve innpakninga – både visuelt og språkleg – som gjer bodskapen interessant, unik og lett å hugse.

Foto av ei kvinne på ein scene som presenterer bilete frå Minecraft. Bileta viser firkanta menneske, dyr og tre.

Både dataspel og brettspel er bygde på visuelle konsept som speglar identiteten til spelet. Anten ein ser logoen til spelet, ein av karakterane, spelverda eller ein reklameannonse for spelet, skal ein kjenne igjen kvar det kjem frå, og få dei rette assosiasjonane.

TV-program, seriar og filmar, festivalar og konsertar, konferansar og kurs har eigne visuelle tema. Hotell, kjøpesenter, flyplassar, museum, sjukehus og andre store bygningar har også konsept i botnen – som dannar grunnlag for korleis fasaden ser ut, val av fargar og materiale i interiøret og korleis innsjekkingsskranken, arbeidskleda, restaurantmenyane og dørskilta skal sjå ut. Det er også nokon som tenker tema og konsept når dei skal planlegge bryllaup, kjøpe interiør til heimen, pynte til høgtider eller ha fest.

Foto av tre norske pengesetlar: ein femtilapp med fyrtårn, ein femhundrelapp med ei redningsskøyte og ein tohundrelapp med ein torsk.

Dei norske pengesetlane er også baserte på eit konsept. Då Noregs Bank lyste ut ein design-konkurranse for dagens pengesetlar, var temaet "havets betydning for utviklingen av Norge". Dei braut då den lange tradisjonen med å ha portrett av kjende nordmenn som hovudmotiv på pengane.

Utvikling av visuelle konsept

Det kan ta litt tid å utvikle eit visuelt konsept, men dersom det knyter målgruppa tett til produktet, er det verdt den ekstra innsatsen. Visuelle konsept må gi ei god skildring av stilen som er ønskt, og skape gode assosiasjonar til produktet, arrangementet eller verksemda dei representerer. Utviklinga går i fasar, frå ein formlaus idé til ei presis beskriving med tydelege retningslinjer og visuelle døme. Undervegs er det lurt å ta imot råd frå målgruppa.

Foto av fleire trekanta fareskilt.

I utviklinga av eit konsept vil det vere mykje meir enn design som speler inn, som økonomi, logistikk, planlegging og arrangement. Sånt er det andre som tek seg av, til dømes ein prosjektleiar. Sjølv om det er nyttig å ha oversikt over heile konseptet, handlar konseptutvikling for ein grafisk designar om det reint visuelle.

Ofte presenterer kunden oppdraget i ei brifing. Kva er målet? Kva slags produkt ønsker og treng dei? Kva kanalar og format kan nyttast? Har konseptet eit namn eller slagord? Kven er målgruppa? Kva assosiasjonar skal det visuelle konseptet gi?

Sju trinn i konseptutvikling

  1. samle fakta, beskrive oppdraget og bli kjend med målgruppa

  2. idéarbeid

  3. visuell utforsking og utprøving

  4. designreglar

  5. presentasjon av idear og skisser for kunden

  6. forbetre og gjere ferdig idear etter avtale med kunden

  7. få klarsignal frå kunden og setje konseptet i produksjon

Samle fakta, beskrive oppdraget, bli kjend med målgruppa
  • Skriv ned ei problembeskriving/oppdragsbeskriving.

  • Beskriv målgruppa – eller

  • Snakk med folk i målgruppa, bli kjend med dei, og finn ut kva dei treng og liker.

  • Vel fem adjektiv eller ord som beskriv den ønskte stilen.

Idéarbeid
  • Start med ei idémyldring, og prøv å generere mange konseptidear.

  • Etter idémyldringa må de sortere, evaluere og gjere ferdig idéane.

  • Bruk AIDA-modellen. Kva kan vi gjere for å få merksemd frå målgruppa, halde på interessa deira, skape eit ønske eller behov og motivere dei til å handle?

  • Deretter kan de vurdere og velje verkemiddel og retoriske appellformer.

Visuell utforsking og utprøving
  • gjere research og hente inspirasjon

  • lage moodboard

  • lage fargepalettar

  • gjere typografisk utprøving

  • lage mange handteikna skisser som behandlar idéane på fleire måtar

  • lage digitale skisser/prototypar

  • få tilbakemeldingar frå målgruppa

Designreglar
  • lage designmanual

  • beskrive temaet eller konseptet skriftleg

  • gi døme på bruk av typografi, fargar, bilete, illustrasjonar, grafar, diagram, ikon og symbol

Presentasjon av idear og skisser for kunden
  • pitch

  • kundebrifing

Forbetre og gjere ferdig idear etter avtale med kunden
  • ferdiggjering i eigna programvare

  • korrekturrundar og kommunikasjon med kunden

Utføre
  • få klarsignal frå kunden

  • setje konseptet i produksjon

CC BY-SASkrive av Ellen Johansen.
Sist fagleg oppdatert 11.09.2023

Læringsressursar

Visuell kommunikasjon