Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Korleis skrive innleiing og avslutning i diktsamanlikning?

Korleis går du fram for å skrive ei god innleiing, avslutning og ein god tittel når du skal samanlikne to dikt?
Ung gut sit ved pulten og skriv på ein pc i klasserommet. Framfor han sit det fleire andre elevar på rekkje og rad ved pultane sine. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I denne oppgåva skal du skrive innleiing, avslutning og tittel til ei samanlikning av dikta "Midt i byen" av Rudolf Nilsen og "Signaler" av Rolf Jacobsen. Dikta finn du nedst på sida som relatert artikkel.

Du vil få tips om kva som kjenneteiknar gode innleiingar, avslutningar og titlar ved å lese modelltekstar. Modelltekstane tek utgangspunkt i dikta "Fra en annen virkelighet" av Gunvor Hofmo og "Som i en kinosal" av Paal Brekke.

Trinn 1: Skriv innleiinga

Innleiinga skal først og fremst presentere emnet du skal skrive om. Her kan det òg vere lurt å skrive litt om den litterære perioden forfattarskapane høyrer heime i. Søk etter relevant informasjon om forfattarane i bøker og på nett før du byrjar å skrive.

Viss du skriv om moderne dikt, til dømes dikt gitt ut dei siste 20–30 åra, kan det vere vanskeleg å plassere forfattarane innanfor ei retning. Er du usikker, presenterer du berre forfattarane, dikta, året dikta har vore gitt ut og eventuelt samlingane dei er henta frå.

Oppgåve

Under ser du to døme på innleiingar til samanlikning av to dikt. Den første er lang og omfattande, medan den andre er kortare, men framleis ei grei innleiing.

Les desse og bruk dei som inspirasjon til å skrive ei innleiing til samanlikninga av dikta "Midt i byen" av Rudolf Nilsen og "Signaler" av Rolf Jacobsen.

Trinn 2: Skriv avslutninga

I avslutninga kan du reflektere meir over tematikken og den tida dikta blei skrivne i. Det er mange moglegheiter her, og det viktigaste er at du forlèt analysen og ikkje kjem med nye moment. Ta gjerne opp igjen nokre av poenga frå innleiinga, men ikkje gjenta dei ordrett.

Oppgåve

Les avslutninga under og skriv ei avslutning til samanlikninga av dikta "Midt i byen" og "Signaler". Du treng ikkje kopiere modellteksten. Avslutningar kan skrivast på så mange vis, men sjå gjerne på strukturen viss du treng tips til kva du skal skrive om, og korleis du skal skrive det. Uansett bør avslutninga di samanfatte hovuddelen.

Trinn 3: Lag ein tittel

Lag ein god tittel til samanlikninga di. Ein god tittel er kort, men klarer likevel å vise lesarane kva teksten skal handle om. Til dømes har vi kalla samanlikninga vår av dikta "Det er ingen hverdag mer" og "Som i en kinosal" for:

Hofmo, Brekke og den modernistiske framandkjensla

Oppgåve

Skriv ei avslutning til samanlikninga av dikta "Midt i byen" og "Signaler".

Relatert innhald

Det modernistiske diktet "Signaler" (1933) av Rolf Jacobsen handlar om mennesket sitt forhold til byen.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 22.04.2022

Læringsressursar

Å samanlikne tekstar