Hopp til innhald

Fagstoff

Samanlikning av episke tekstar

Når du blir beden om å skrive samanlikningar, skal du utforske både likskapar og forskjellar mellom tekstar. Det er ei god øving i å tenkje analytisk og sjølvstendig. Det kan nok synast vanskeleg å strukturere samanlikningar, men med god rettleiing i prosessen kan det faktisk bli ganske gøy!

Kva er ei samanlikning?

Den skriftlege samanlikninga liknar artikkelsjangeren. Det vil seie at du skal skrive objektivt og akademisk. Det er ein akademisk sjanger som stort sett blir brukt i skule- og universitetssamanheng. Det å øve på å skrive samanlikningar på vidaregåande skule vil ruste deg godt til å drøfte og skrive akademiske tekstar på høgskular og universitet.

Når du samanliknar tekstar, vil du òg øve deg på å tenkje kritisk. Ofte skal du samanlikne tekstar som behandlar same tema, men kanskje på ulike vis? Viktige kritiske spørsmål til tekstane kan vere:

  • Kva seier tekst 1 om saka?
  • Korleis behandlar tekst 2 det same temaet?
  • Er det slik at tekstane har både likskapar og forskjellar?
  • Kva har konteksten å seie for framstillinga av emnet i tekstane?
  • Kva grep bruker tekstane for å framstille tema?

Samanlikning av skjønnlitterære tekstar

Ei vanleg oppgåve når du skal skrive i norskfaget, er å utforske korleis to fiksjonstekstar behandlar same tema. Ofte kan tekstane vere frå heilt ulike periodar, og då kan det vere interessant å sjå både kor likt og ulikt vi menneske har tenkt gjennom tidene. Kanskje vil du finne ut at tekstar som er skrivne med 1000 års mellomrom, viser at du og ein 17-åring frå vikingtida hadde dei same tankane om til dømes kjærleik, familie eller døden?

Tekst i kontekst

Medan du utforskar tekstane, kan det òg vere du finn nokre forskjellar. Dette kan vere forskjellar som viser at tida har gått, og at både samfunnet og mentaliteten til menneska har forandra seg. Når du set deg inn i dette, utforskar du den konteksten tekstane kom ut i.

Ved å samanlikne tekstar på denne måten får du innsikt i andre menneske sine tankar og livsvilkår. Når du les eldre tekstar og set dei opp mot moderne litteratur, vil du òg forstå di eiga samtid betre. Årsaka er at du kan sjå på ho med eit kritisk blikk. For slik vi tenkjer no, har vi ikkje alltid tenkt.

Dei evige temaa

Ofte kan det vere interessant å studere ulike tekstar som er innom same tema. Nokre tema reknar vi som "evige". Det vil seie at det er grunntankar vi menneske alltid har vore opptekne av, uavhengig av tid og stad. Døme kan vere:

  • venskap
  • kjærleik
  • døden
  • ære og skam
  • tru og overtru
  • helten
  • forholdet mellom kjønna
  • å passe inn

Kva kan du finne ut?

Om du samanliknar tekstar som handlar om desse temaa, så vil du kanskje oppdage at vikingane var endå meir opptekne av venskap enn vi er på 2000-talet. Samtidig vil du finne ut at venskapsomgrepet var forskjellig frå i dag. Ein ven var ikkje berre ein du drakk mjød med og fortalde dei indre tankane dine til. Ein ven måtte òg få gåver – viss ikkje kunne venskapen ryke. Og om du samanliknar ein tekst frå 1700-talet, skriven av Ludvig Holberg, med ein moderne tekst om kvinnerolla, vil du kanskje finne ut at Holberg hadde eit meir moderne kvinnesyn enn mange menneske i dag. Kanskje er vi ikkje så langt framme og moderne som vi trur?

Korleis skal du gå fram?

Det er inga oppskrift på korleis du skal gå fram når du skal skrive ei samanlikning, men her vil vi gi deg tips og råd om kva vi synest er gode strategiar.

Tips:

  • Gjer eit veldig grundig arbeid i førskrivingsfasen. Lær deg å nærlese grundig. Får du til dette, vil du ha langt meir å skrive om når du set i gong med teksten din.
  • Lag spørsmål til tekstane når det er noko du ikkje forstår eller lurer på.
  • Diskuter tekstane godt med andre i klassen før du startar å skrive. Hugs å notere ned gode poeng frå medelevane dine.
  • Jobb hardt med det første avsnittet. Når du først har lært deg å lage eit avsnitt der du samanliknar tekstar, så kan du bruke dette mønsteret heile vegen.
To figurar som held i kvar sin tråd og beveger dei som i bølger. På den eine står det tekst 1, på den andre tekst 2.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  • Vi tilrår at du samanliknar tekstane parallelt. Det vil seie at du ikkje skriv om den eine teksten først, deretter den andre. Årsaka er at når du blir beden om å samanlikne tekstar, så vil du svare best på oppgåva om du ikkje bruker den første halvdelen av teksten din til å berre skrive om den eine teksten. Då svarer du jo ikkje på oppgåva før du er halvvegs.
Ei bok ligg. Opp frå denne stikk ei hand som tar ein figur i handa. I tillegg er det ei rekke snakkebobler med setningskoplarar som "Eit anna døme er" og "I tillegg"
Opne bilete i eit nytt vindauge
  • Bruk setningsbindarar
    gjennom heile teksten. Det er viktig å bruke setningsbindarar for å skape flyt i tekst i alle sjangrar, men når du skriv samanlikningar, vil småord som skaper flyt, gjere teksten din spesielt lesarvenleg. Sjå for deg at du skal ta lesaren din i handa og elegant føre hen gjennom teksten din. Flyt er språkmagi!
  • Spør andre elevar om de kan byte og lese kvarandre sine tekstar. Då kan du både få gode idear og nyttige tilbakemeldingar.
  • Bruk fagomgrep om både innhaldet og forma i teksten. Slik får du vist gode, norskfaglege kunnskapar.

Framgangsmåte

Også framgangsmåten kan vere ulik, men vi har desse forslaga:

  1. Start med å nærlese tekst 1 grundig. Konsentrer deg berre om innhaldet, altså motiv og tema.
  2. Gå over til å nærlese tekst 2. Prøv å "gløyme" den første teksten du las. Det er om å gjere å leggje merke til særpreget i kvar tekst for seg sjølv.
  3. Samanlikn tekstane: Kva likskapar og forskjellar er det i motivet og temaet i desse tekstane? Om du ikkje har valt tekstane sjølv, men fått dei av ein lærar eller til eksamen, så tenk: Kvifor har nettopp desse tekstane blitt sette saman? Kva er det dei vil at eg skal finne ut av?
  4. Diskuter funna dykkar i grupper. Skriv ned sitat frå tekstane dykkar som de synest er fine å samanlikne.
  5. Skriv nokre avsnitt om motiv, tema og anna som er aktuelt om innhaldet i tekstane.
  6. Nærles tekstane ein gong til. No skal du konsentrere deg om forma i tekstane, altså måten dei er skrivne på. Noter ned alle relevante fagomgrep om synsvinkel, personskildring, framstillingsformer, setningsoppbygging, språklege bilete og andre relevante verkemiddel.
  7. Diskuter og samanlikn i grupper igjen. Bli einige om kva fagomgrep som er relevante å bruke om kvar tekst og diskuter den funksjonen forma har på temaet i tekstane.
  8. Skriv avsnitta som samanliknar forma i tekstane.
  9. Skriv innleiinga.
  10. Skriv avslutninga.
  11. Skriv overskrifta.
  12. Sluttfør teksten ved å lese godt gjennom han før du leverer inn.
CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 15.01.2021

Læringsressursar

Å samanlikne tekstar