Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Samanlikn forma i tekstane

I denne oppgåva skal du samanlikne forma til to tekstar: Min kamp 4 av Karl Ove Knausgård og Sagaen om Gunnlaug Ormstunge. Du skal særleg øve deg på å bruke fagomgrep og sjå på den funksjonen verkemidla har for ein tekst.

Når du har gjennomført både nærlesing, diskusjon og skrive avsnitt om innhaldet i tekstane du skal sammenlikne, er det på tide å gå over til å sjå på korleis tekstane er skrivne, altså det vi kallar forma i tekstane.

Etter at du har gjennomført denne oppgåva, skal du ha nærlese, diskutert og brukt fagomgrepa

  • forteljar og synsvinkel
  • direkte personskildring
  • indirekte personskildring
  • naturskildring
  • miljøskildring
  • tankereferat
  • handlingsreferat
  • scenisk framstilling
  • replikkar
  • dialog
Oppgåva

Vedlegg: Utdrag frå Min kamp 4 av Karl Ove Knausgård (2010) og utdrag frå Soga om Gunnlaug Ormstunge, skriven ned på 1200-talet.

Begge tekstane som ligg ved, handlar om forholdet mellom far og son, men det er 800 år mellom dei. Samanlikn form og innhald i dei to tekstane.

Kommentar: Du skal samanlikne både form og innhald, og du skal vise kunnskap om norrøn tid og samfunnet i dag. Du skal gjere greie for verkemiddel i tekstane, vise kva funksjon dei har og grunngi dine eigne tankar om tekstane. Bruk relevant fagspråk.

Oppgåve 1. Hugsar de fagomgrepa om form?

Før de set i gang med å nærlese utdraga frå Min kamp 4 og Sagaen om Gunnlaug Ormstunge, bør de friske opp kva fagomgrepa over betyr.

Set dykk i grupper og diskuter omgrepa i lista over. Prøv å kome med døme på alle fagomgrepa.

Oppgåve 2. Kva synsvinkel er brukt?

  1. Jobb først aleine. Les gjennom dei to utdraga og skriv ned det du meiner er det riktige namnet på synsvinkelen i tekstane. Om du er i tvil om omgrepa, så les gjennom artikkelen om synsvinklar under.
  2. Samanlikn svaret ditt med tre andre i klassen. Om de har ulike svar, bør de diskutere tekstane saman og kome fram til det de meiner er riktig svar. Grunngi ved å bruke sitat.
  3. Kva funksjon har synsvinkelen i dei to tekstane? Diskuter dette ved å svare på desse spørsmåla:

    • Ein av tekstane er fortald av ein personal forteljar, medan den andre har ein autoral forteljar. Kva har val av synsvinkel å seie for kven sine tankar vi får tilgang til?
    • Vi får berre innsyn i kjenslene til ein av karakterane. Kva har det å seie for korleis vi oppfattar historiene og karakterane?

Oppgåve 3. Referat, scene og miljø- og naturskildring

  1. Jobb først aleine: No skal du sjå på kva framstillingsformer som blir brukte i tekstane. Det er vanleg at dei fleste historier blir fortalde med ei veksling mellom referat, scene og skildring, men somme tekstar kan ha meir av det eine enn det andre. Marker alle stader i dei to tekstane som er fortalde med
    • handlingsreferat
    • tankereferat
    • scenisk framstilling (replikkar)
    • miljøskildring
    • naturskildring
  2. Gå saman i par. Samanlikn svara dykkar.
  3. Diskuter i firargrupper:
    • Kva framstillingsformer dominerer i dei ulike tekstane?
    • Kva framstillingsformer manglar heilt?
    • Korleis heng val av synsvinkel saman med val av framstillingsformer?

Oppgåve 4. Direkte og indirekte personskildring

Diskuter i grupper:

  1. Kven av personane i utdraga blir beskrivne direkte, og kven blir skildra indirekte?
  2. Diskuter i gruppene:
  • I Min kamp 4 blir vi stort sett kjende med faren gjennom indirekte personskildring. Korleis verkar han i replikkane og handlingane sine?
  • Påstand: "Gunnlaug blir skildra både direkte og indirekte". Finn døme på dette i teksten.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 15.01.2021

Læringsressursar

Å samanlikne tekstar