Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Ruth Lillegraven og Rolf Jacobsen om mennesket og naturen

Forholdet mellom naturen og sivilisasjonen var eit gjennomgåande tema i Rolf Jacobsens dikting. I dag er temaet meir aktuelt enn nokosinne. Ruth Lillegraven er ein poet som skriv dikt om nettopp dette. I denne oppgåva skal de samanlikne to dikt og øve på å lese dikt høgt.

Del 1: Naturen i litteraturen

Sjå filmen om naturen i litteraturen. Svar på desse spørsmåla undervegs:

  1. Korleis blei naturen skildra av romantiske diktarar?

  2. Kvifor skildra romantikarane naturen slik dei gjorde?

  3. Delar av diktet "Mørk saga" av Rolf Jacobsen blir lesne opp i filmen. Korleis blir forholdet mellom menneske og natur skildra her?

  4. Kva seier dei to forfattarane Espen Stueland og Gert Nygårdshaug om motivasjonen sin for å skrive om naturen i litteraturen?

  5. Både Stueland og Nygårdshaug snakkar om kva påverknadskraft litteraturen kan ha på samfunnet. Kva meiner dei om dette?

  6. Kjenner du til litteratur som har påverka samfunnet på noko vis? Kom med døme.

Del 2: Opplesnad av to dikt om menneske og natur

La du merke til korleis skodespelaren i filmen las dikta på ulike vis for å formidle tematikken i tekstane? No skal de prøve på det same. Les diktet "Myrstrå vipper" (1935) av Rolf Jacobsen og "NORGE MITT NORGE" av Ruth Lillegraven. Først øver de på å lese dikta høgt i grupper, deretter kan frivillige lese framfor klassen.

Dikta "Myrstrå vipper" og "NORGE MITT NORGE" ligg som relatert innhald under oppgåvene.

  1. Les først gjennom dei to dikta aleine. Noter ned det du synest er temaet i diktet. Prøv også å lese diktet inni deg og tenk over korleis du ville ha lese det høgt.

  2. Gå saman i gruppene og diskuter kva som er tema i dikta.

  3. Planlegg korleis de vil lese dikta høgt for å understreke temaet. Sjå gjerne videoen om naturen i litteraturen ein gong til for inspirasjon til høgtlesing.

  4. Fordel tekst mellom dei fire gruppemedlemmane og øv på å lese høgt. Ikkje ver flau, men slepp dykk laus! Å vise innleving skal ikkje vere noko å skamme seg over.

  5. Gå tilbake til heil klasse. Frivillige grupper les dikta høgt for kvarandre.

  6. Diskuter i plenum: Korleis bidrog dei ulike måtane gruppene las dikta høgt på til korleis de oppfatta temaet i dikta?

Relatert innhald

Diktet "Myrstrå vipper" av Rolf Jacobsen handler om forholdet mellom naturen og sivilisasjonen.

Lillegraven var husdiktar for Salongen på NRK P2 i 2016. Dette er dikt nummer 2 – om regjeringa som sel ut landet vårt.

Smale, høge strå i åker. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 3: I djupna på "Myrstrå vipper"

No skal de undersøkje korleis tema og skrivestil heng saman i "Myrstrå vipper" av Rolf Jacobsen. Jobb først aleine og gå deretter saman med ein medelev.

  1. Formuler det du meiner er temaet i diktet.

  2. Strek under passasjar i diktet som du særleg meiner får fram temaet.

  3. Prøv å setje namn på nokre verkemiddel du synest får fram temaet.

  4. Gå saman i par. Samanlikn svara.

  5. Diskuter: Korleis får skrivestilen i diktet fram tematikken?

Tips til fagomgrep
  • teiknsetting og lengde på verselinje (skaper kontrast)

  • sirkelkomposisjon

  • gjentaking

  • assonans

  • verbbruk i sivilisasjons- og naturstrofene

  • upoetiske ord

Del 4: I djupna på "NORGE MITT NORGE"

Gå saman i par

  1. Les diktet "NORGE MITT NORGE" høgt for kvarandre.

  2. Diskuter kva som kan vere temaet i diktet.

  3. Prøv å setje namn på verkemiddel som formidlar temaet.

Tips til fagomgrep
  • teiknsetjing

  • overdriving (hyperbol)

  • sarkasme og ironi

  • retoriske spørsmål

  • gjentaking og anafor

  • allusjon (Det er fleire allusjonar til eldre norske tekstar om naturen. Finn de dei? Kva funksjon har dei?)

Del 5: Samanlikn dikta

Jobb aleine. Svar skriftleg på spørsmåla:

  1. Kva fellestrekk har desse to dikta i motiv og tema?

  2. Meiner du det er nokon viktige forskjellar mellom dikta? Grunngi svaret og vis til døme.

  3. Meiner du at begge dikta har ein bodskap? Grunngi svaret ditt.

  4. Samanlikn tonen og stemninga i dikta. Prøv å setje namn på ho (sint, roleg, avslappa, romantisk ...).

Del 6: Tekst i kontekst

Skriv ein tekst på 500–800 ord. Du skal samanlikne motivet og temaet til dikta og drøfte den kulturhistoriske konteksten dei kom ut i. Bruk minst éi kjelde i teksten din. Målet er at du skal øve deg i å samanlikne tekstar, skrive akademisk og vise til kjelder.

Forslag til kjelder

Intervju med professor Nina Goga på nettsidene til Norsk barnebokinstitutt

Hjelp til skrivinga

Relatert innhald

Når forholdet mellom menneske og litteraturen er hovudtema i litteraturen, kallar vi det for økolitteratur. Det er ikkje ein ny sjanger.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 24.11.2021

Læringsressursar

Å samanlikne tekstar