Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Korleis samanlikne innhaldet i tekstane?

Når du blir beden om å skrive samanlikningar av tekstar, er det viktig å gjere eit grundig arbeid før du set i gang med skrivinga, både aleine og saman med andre. No skal du samanlikne eit utdrag frå Karl Ove Knausgårds Min kamp med Sagaen om Gunnlaug Ormstunge.

Oppgåva

Vedlegg: Utdrag frå Min kamp 4 av Karl Ove Knausgård (2010) og utdrag frå Soga om Gunnlaug Ormstunge, skriven ned på 1200-talet.

Begge dei vedlagde tekstane handlar om forholdet mellom far og son, men det er 800 år mellom dei. Samanlikn form og innhald i dei to tekstane.

Kommentar: Du skal samanlikne både form og innhald, og du skal vise kunnskap om norrøn tid og samfunnet i dag. Du skal gjere greie for verkemiddel i tekstane, vise kva funksjon dei har og grunngi dine eigne tankar om tekstane. Bruk relevant fagspråk.

Vedlegg 1: Utdrag frå Min kamp 4

Relatert innhald

Utdrag frå romanen Min kamp 4 av Karl Ove Knausgård.

Vedlegg 2: Utdrag frå Soga om Gunnlaug Ormstunge

Om Gunnlaug er det sagt, at han vart tidleg vaksen og stor og sterk; han hadde vakkert, lysebrunt hår, svarte øine og eit godt ansikt, men nasen kunne vore finare. Han var midjesmal og bredskuldret og svært velbygget. Av lynne var han arrogant og ærekjær, stri og hard støytt og ein god skald, glad i å gjere nidviser, — derfor vart han kalla Gunnlaug Ormstunge. Hermund var meir vennesæl og var reint som ein høvding å sjå til. Då Gunnlaug var femten år gammal, bad han faren om utrusting til ei reise; han sa han ville fare utanlands og sjå andre folks skikkar. Illuge bonde drog på det, — det var ulikt å sende han utanlands, for det var snautt han rådde med han her heime, sa han. Kort etter dette gjekk Illuge bonde ut tidleg ein morgon og fekk sjå at stabburet stod ope; nokre varesekker var lagt ut, og likeens kløvgreier. Som han stod og undra seg, kom det éin leigande med fire hestar. Det var Gunnlaug. Han sa: «Det er meg som har lagt ut sekkene». Illuge spurde, kvifor han det hadde gjort. Han svarte at det var til reisa hans. «Til den får du inga hjelp av meg», sa Illuge, «og ingenstad skal du reise, før eg vil»; og dermed kasta han varesekkene inn igjen. Då rei Gunnlaug av garde og kom til Borg om kvelden; Torstein bonde bad han vere der, og det tok han imot.

Del 1: Nærles Min kamp 4

Les utdraget frå Min kamp 4 grundig, minst tre gonger. Det er viktig at du strekar under og noterer ned stikkord til det du les undervegs.

  • Etter første gongs lesing – kva meiner du er motivet i denne teksten? (Kva skjer i dette utdraget?)
  • Etter andre gongs lesing – korleis synest du forholdet mellom far og son verkar i teksten?
  • Etter tredje gongs lesing – kva er temaet i teksten?

Del 2: Nærles Sagaen om Gunnlaug Ormstunge

Bruk same metode som du gjorde i del 1, men no på utdraget frå Sagaen om Gunnlaug Ormstunge. Svar på akkurat dei same tre spørsmåla som i del 1.

Del 3: Samanlikn innhaldet i tekstane

Skriv ned alt du synest kan vere relevant å ta med når du skal samanlikne dei to utdraga. Du kan til dømes skrive om

  • kva som er felles for begge tekstane
  • kva som er ulikt i tekstane
  • korleis fedrane verkar
  • korleis gutane opptrer
  • kven som reiser i tekstane

Del 4: Diskuter tekstane i grupper

No har de jobba grundig aleine med motiv og tema i kvar av tekstane. Då er det spennande å snakke med andre elevar i klassen og sjå om de har lagt merke til det same. Diskuter svara i gruppe og noter ned det dei andre seier.

Fyll ut skjemaet under eller skriv ein annan stad:

Tips til samanlikninga:

Legg merke til konflikten i tekstane. I sagaen er det ein open konflikt mellom far og son. Men korleis vil de karakterisere konflikten i Min kamp?

Kva for ein av fedrane verkar mest omsorgsfull? Kvifor?

Kven av sønene viser mest kjensler?

Samanlikn kva Karl Ove fortel om korleis han oppfører seg overfor far og stemor og kva han seier om tankane og kjenslene sine.

Legg spesielt merke til avslutninga frå utdraget til Min kamp. Kvifor trur de Karl Ove byrjar å gråte når han tenkjer "Likte han meg"? Kva seier det om dei kjenslene han har for far sin?

Kva kan vere motivet for at Gunnlaug ønskjer å reise i viking?

Del 5: Tekst i kontekst

Diskuter i grupper:

  • Både Gunnlaug og Karl Ove er tenåringar, men dei lever på høvesvis 900- og 1900-talet. Synest du desse to tenåringane verkar som dei er typiske for si tid? Du kan til dømes peike på typiske heiltrekk ved sagafiguren Gunnlaug og typiske samtidsproblem Karl Ove opplever i utdraget.
  • Kunne Karl Ove vore ein sagahelt? Kvifor (ikkje)?
  • Utdraget har vist at tenåringen Karl Ove er full av kjensler. Likevel prøver han å skjule dei for faren og stemora. Betyr det at mannsrolla ikkje har forandra seg på 1000 år? Er det lov for gutar å gråte i dag?
  • Kva rolle speler ære for dei fire mannlege karakterane du har møtt i utdraga?

Del 6: Diskuter i plenum

Alle gruppene deler idéane sine i plenum. Få læraren til å skrive det de seier på tavla. Noter ned eller ta bilete av tavla, slik at de har idéane til alle elevane i klassen før de set i gong med å skrive samanlikninga.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 15.01.2021

Læringsressursar

Å samanlikne tekstar