Hopp til innhald

Fagstoff

Modelltekst: Familien i litteraturen

Oppgåva:

Familien er eit tema som går igjen i litteraturen. Skriv ein fagartikkel der du drøftar korleis familietemaet blir behandla i moderne tekstar. Du vel sjølv kva tekstar du vil skrive om, men for å få breidd i svaret ditt, bør du ha minst tre ulike tekstar.

Kommentar: Du skal vise kunnskap om familien som tema i litteraturen. Samanlikn tekstane og vis korleis dei stiller seg til si eiga samtid (konteksten). Skriv om både form og innhald.

Familien – det perfekte utstillingsvindauget

Alle lykkelige familier ligner hverandre, hver ulykkelige familie er ulykkelige på sin egen måte. (Leo Tolstoj)

Eit evig tema i litteraturen er familien. Akkurat som i tilfellet med kjærleik, hemn, ære og døden, er familien eit tema som aldri går ut på dato. Stort sett er det jo slik at vi alle er fødde inn i ein familie. Men korleis blir eigentleg denne familien framstilt i moderne tekstar? Er det fryd og gammen, hyggjelege søndagsmiddagar og fredelege konversasjonar om viktige tema – eller er det konflikt, skam og hemn?

Framstillingane er antakeleg minst like mangfaldige som typar familiar som finst. I gamle dagar budde besteforeldre, foreldre og barn ofte under same tak i ein storfamilie. I moderne tid har det vore vanlegast at kjernefamilien – med mor, far og barn – bur saman. I dag har vi i tillegg familiar med éin forelder og barn, to foreldre av same kjønn og steforeldre. Ja, det finst til og med barn som har fire foreldre. I alle typar familiar finst det kjærleik, konfliktar og hendingar som kan inspirere ein forfattar til å skrive, og som vi alle kan kjenne oss meir eller mindre igjen i.

Ein forfattar som har skrive mykje om eigen familie, er Karl Ove Knausgård. I 2009 kom Min kamp 1 ut, ei bok som blei ein kjempesuksess. I dag er Knausgård ei litterær superstjerne. Hovudpersonen i romanen heiter Karl Ove, så sjølv om boka er definert som ein roman, så er det ingen tvil om at boka er sjølvbiografisk. Det har Knausgård heller ikkje lagt skjul på. Karl Ove voks opp i ein kjernefamilie, men då han var ungdom, blei foreldra skilde. Faren går langsamt til grunne, blir tungt alkoholisert, og mot slutten av livet flyttar han tilbake til mor si og døyr i huset hennar. Karl Ove har synsvinkelen i romanen, og vi les om korleis han og broren prøver å rydde opp i det forferdelege rotet faren har etterlate seg. Innsikt i forholdet som hovudpersonen har til faren, får vi gjennom Karl Oves stadige tilbakeblikk. Desse viser at han heile tida ønskjer anerkjenninga til faren, men i staden møter han ein uinteressert og fråverande far.

Eit døme på denne manglande interessa viser seg i scenen der faren flyttar frå heimen. Den unge Karl Ove er vitne til at ein bakfull far pakkar saman sakene sine. Undervegs tenkjer han om faren:

Han visste ikke navnet på en eneste av kameratene mine, ikke engang Jan Vidar, som jeg hadde gått sammen med i tre år, hadde han fått med seg. Men nå satt han ved siden av Unni og skulle vise seg som en god og fortrolig far. (Knausgård, 2010, s. 136)

Tankereferatet viser ein fråverande far som sonen ser ut til å mislike. Men ein seinare episode viser at sonen òg har ømme kjensler for far sin. For då faren skal til å reise, seier han «Vi holder kontakten» og tek sonen på skuldra. Karl Ove reagerer spontant: «Øynene mine ble blanke, og jeg så ned. Han tok hånden til seg, kløv opp i førersetet, startet motoren og kjørte sakte nedover bakken. Likte han meg? Kunne det være mulig?». Både tårene og dei to siste spørsmåla viser at Karl Ove har ambivalente kjensler for den fjerne far sin: Han misliker han, men samtidig ønskjer han så sterkt å bli sett.

Romanen viser slik fram familien som ein vanskeleg stad å vere. Den handlar om foreldre som ikkje klarer å halde saman, ein fjern far og ein son som ikkje føler seg sett. Det at ein moderne norsk roman handlar om ein skilsmisseheim, speglar den tida han er skriven i. I Noreg endar nesten 40 % av ekteskapa i skilsmisse (SSB, 2021). Mange barn veks altså opp med foreldre som bur frå kvarandre. Denne romanen tematiserer òg korleis det kjennest for ein ung gut når ein av foreldra gradvis distanserer seg frå han og er uengasjert i han.

Ein annan forfattar som skriv om familien, er Vigdis Hjorth. Romanen Arv og Miljø (2016) handlar om eg-personen Bergljot som i godt vaksen alder tek eit oppgjer med familien. Ho er vaksen opp i ein tilsynelatande lykkeleg familie, og foreldra hennar er framleis gift og verkar ganske perfekte. Bergljot seier til dømes: «Jeg og særlig mine barn har ofte hørt min mor og mine søstre fortelle om hvor hyggelig og harmonisk de har hatt det i Bråteveien og på Hvaler i alle år.» (Hjorth, 2016, s. 196). Men i eit arveoppgjer hos advokaten sprekk fasaden, og det er Bergljot som står for det:

Jeg har vært redd min far hele mitt liv, fortsatte jeg. I hvilken grad har jeg ikke skjønt før den søttende desember i år, da han døde. Det skjedde helt fysisk en lettelse i kroppen min. Far har vel fortalt meg, da jeg var mellom fem og sju år og ble utsatt for gjentatte seksuelle overgrep, at hvis jeg fortalte noe, ville far komme i fengsel eller mor dø. (s. 197).

Mora og søstrene til Bergljot reagerer med sinne og nektar å ta inn over seg det Bergljot fortel. Dei ønskjer å verne den perfekte fasaden, sjølv om romanen viser at mora nok har visst kva som gjekk føre seg.

Til liks med Karl Ove Knausgård viser òg Vigdis Hjorth at familien kan vise ei perfekt lykke til andre, men det kan finnast problem som utanforståande ikkje har innsikt i. Hos familien Knausgård er faren ein godt likt lærar i lokalmiljøet, men Karl Oves tilbakeblikk viser at den same mannen terroriserte barna sine med ugrunna sinne og mistru. Den same perfekte fasaden har familien til Bergljot. Men også her bruker forfattaren tilbakeblikk for å vise det grufulle som skjulte seg bak fasaden: Ingen aner at ei av døtrene i familien får besøk av faren sin på natta. No er det ikkje slik at familiefasade er eit nytt tema i litteraturen. Henrik Ibsen problematiserte temaet familiefasade i både Et dukkehjem og Gjengangere. Men det kan verke som at vi på 2000-talet er like opptekne av å skjule problem og setje opp ein perfekt fasade som folk var tidlegare.

Og for eit utstillingsvindauge vi har fått: No kan mor og far leggje ut bilete av dei vellykka og smilande barna sine på Facebook og Instagram og fortelje at dei er «stolte av Hermine som har jobba så hardt og kom inn på jus i Oslo». Dei kan knipse bilete av glade barn på skitur og badeferie på Mallorca. Men det Knausgård og Hjort viser, er at det bak fasaden kan skjule seg mange løyndommar som ikkje blir lagde ut i sosiale medium.

Samtidstekstane våre handlar likevel ikkje berre om kjernefamiliar i oppbrot. Novella «Vi kan ikke hjelpe alle» (2014) av Ingvild H. Rishøi handlar om fattigdom og dei konsekvensane det får for ein familie. Historia blir fortald gjennom den kvinnelege eg-forteljaren som er aleinemor for dottera Alexa. Alexas far, Alex, involverer seg lite i dottera. Han har nettopp gløymd bursdagen hennar og er mest oppteken av å hengje med nye damer. Eg-forteljaren er så fattig at ho har problem med å kjøpe heilt nødvendige ting til dottera. Novella viser den fortvilinga som kan oppstå når ein ikkje klarer å gi barna sine dei goda som dei fleste i Noreg tek for gitt. Konflikten i novella oppstår då pengane som skulle halde heile helga, må brukast på ny truse fordi dottera tissar på seg:

Alexa tisser på seg når vi kommer til Linderud. Vi skulle gå helt hjem, hun var jo enig i det, det er ingen vits i å bruke penger på fem bussholdeplasser. Men nå er vi bare litt forbi senteret, vi er ikke halvveis en gang. (Rishøi, 2014, s. 271).

Det som dei fleste tek som sjølvsagt, ei ny truse, blir ei utgift som sprengjer budsjettet for aleinemora. Mange vil nok tru at dette er eit marginalt problem, men FN anslår at nesten 10 % av barn i Noreg kan dele Alexas skjebne: Dei lever under den relative fattigdomsgrensa (FN, 2021).

Men sjølv om eg-personen i novella er lutfattig og forteljinga er trist, så viser i alle fall historia eit ope og ærleg forhold mellom mor og dotter. Mora innrømmer for dottera at dei ikkje har råd til ny truse. I tillegg blir novella avslutta med at Alexa lener seg mot mora og lukkar auga. Avslutninga viser at trass vanskelege tider, så er det i alle fall atterhaldslaus kjærleik mellom dei to. Slik står denne novella i kontrast til romanen til Knausgård og Hjorth. Medan romanane handlar om ein fråverande eller for pågåande far som har ein fin fasade, viser novella til Rishøi ein fattig fasade, men eit kjærleg forhold. Ein likskap mellom alle tre tekstane er at mora til Alexa, til liks med familiane i Min kamp 4 og Arv og miljø, lenge prøver å skjule det som er gale. Ho vil helst ikkje at nokon skal sjå, eller høyre om, fattigdommen deira.

Til spørsmålet om familien blir beskriven idyllisk eller konfliktfylt, så er svaret – begge delar. Tekstane som handlar om det moderne familielivet, tematiserer ofte det vanskelege ved å leve så tett saman. Det oppstår konfliktar mellom foreldre og barn eller mellom barna. Men ofte er det slik at desse konfliktane blir gøymde unna. Foreldre verkar svært opptekne av den perfekte fasaden, noko som er viktigare enn å gi barna ekte kjærleik. Alle tre tekstane viser òg at dette går hardast ut over barna. Foreldra slit med indre konfliktar som dei i lengda ikkje klarer å skjule for dei aller næraste. Men om du går inn på Instagram eller Facebook ein heilt vanleg ettermiddag, så er det jo ikkje dette du ser. Kanskje er det nettopp derfor mange forfattarar skriv om dette i dag. Dei ønskjer å vise kva som kan skjule seg bak den perfekte fasaden.

Kjelder:

FN (2021, 25. februar). Utrydde fattigdom. Henta frå https://www.fn.no/om-fn/fns-baerekraftsmaal/utrydde-fattigdom

Hjorth, Vigdis. (2016). Arv og miljø. Cappelen Damm AS.

Knausgard, K.O. (2010) Min kamp 1. Forlaget Oktober.

Rishøi, I. (2014). Vi kan ikke hjelpe alle. Vinternoveller. Gyldendal.

SSB (2021, 8. mars). Ekteskap og skilsmisser. Henta frå https://www.ssb.no/ekteskap


CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 08.03.2021

Læringsressursar

Familien i litteraturen