Hopp til innhald

Fagstoff

Familien i norrøne og moderne tekstar

Ein likskap mellom den norrøne litteraturen og samtidstekstar er at familien speler ei viktig rolle. Kva kan samanlikning av eldre og nyare tekstar seie oss om temaet? Her skal vi gå i djupna på familietemaet i litteraturen frå norrøn tid og i moderne tekstar.

Før du startar lesinga av denne teksten, kan det vere greitt å få avklart dei tre omgrepa "familie", "ætt" og "slekt":

Familie viser til ei avgrensa gruppe nære slektningar – ofte dei vi bur saman med. I Vesten er det til dømes vanlegast å bu saman i kjernefamiliar (foreldre og barn).

Ætt viser til noko større enn familien. Ifølgje Store norske leksikon betyr ordet "slekt" eller "slektsgruppe". Orda ætt og slekt betyr altså stort sett det same. Vi kan seie at vi stammar frå ei ætt eller er i slekt med ein kjend person. Ordet ætt var eit vanleg omgrep i norsk mellomalder, og vi bruker det ofte når vi snakkar om slekt i vikingtida.

Ættesagaene

Vi skal først gå inn på korleis familien blir framstilt i ættesagaene. Ættesagaene har blitt overlevert munnleg i mange år, og handlinga er frå like før og etter år 1000.

Ættesagaene er rett nok islandske, men dei fortel om landnåmtida. Det vil seie den perioden nordmenn busette seg på Island. Det må derfor vere riktig å seie at historiene også karakteriserer det norske familielivet. Kva fortel desse ættesagaene om norrønt familie- og ætteliv?

Storfamilien

Dei islandske ættesagaene fortel oss at storfamilien spelte ei mykje større rolle enn han gjer i dag. Vanlegvis budde besteforeldre, barn og barnebarn saman på ein gard. Alle hjelpte til med drifta, og mannen var overhovudet til storfamilien. Ein av dei viktigaste verdiane i samfunnet var å vere lojal mot slekta di. Det gjaldt ikkje berre mor og far, men også kusiner, fetrar og onklar.

Ætta signaliserer status

Om du har lese ein ættesaga, vil du leggje merke til at alle dei viktigaste personane blir introduserte med eit slektstre. Opplysningane om slekt skal setje personane i sagaene i samanheng. Dessutan fortel slekta kva slags sosial status personane hadde. Om faren var ein mektig mann, har sonen store sko å fylle. Det blir forventa at han gjer sitt for at ætta si ære ikkje skal gå tapt.

I Sagaen om Floafolket er det til dømes Torgils som er hovudpersonen, men han blir ikkje introdusert før i kapittel 10. Kapittel 1–9 fortel om ætta hans tre generasjonar tilbake. Motivet er å vise at Torgils stammar frå ei ærefull slekt.

Individet og ætta

Først og fremst viser sagaene at ætta var viktigare enn individet. Om eit individ gjorde noko godt, fekk heile slekta ære. Det same skjedde om ein gjorde noko skamfullt: Då hadde du ikkje berre vanæra deg sjølv, men bringa skam over heile slekta.

Samtidig har individet stor plass i ættesagaene. Dei største mennene har fått eigne sagaer oppkalla etter seg. Mange av dei største konfliktane i sagaene er konfliktar mellom enkeltpersonar. Ætta si rolle i desse konfliktane er først og fremst at dei er trufaste alliansepartnarar om det skulle oppstå ein konflikt. Om du stod i fare for å miste livet, kunne du alltid stole på at bror din stilte opp.

Men også vener kunne stille opp i konfliktar. Sagaene viser oss at vel så ofte som ætta, så var det vener heltane vende seg til for hjelp.

Ætta i Sagaen om Gunnlaug Ormstunge

Sagaen om Gunnlaug Ormstunge er ei historie om korleis helten, Gunnlaug, reiser rundt i Europa på jakt etter ære og kjempar for livet mot motstandaren Ravn om den vakre kvinna Helga sin gunst. Sagaen gir oss òg innblikk i den rolla ætta speler for individet. Mellom anna nektar Illuge, Gunnlaugs far, sonen sin å reise ut i viking før han har blitt vaksen. Han kjenner sonen sin godt og er redd han vil gjere skam på ætta med den kraftige åtferda si og dei provoserande utsegnene sine. Slik viser sagaen ein far som aktivt deltek i barneoppsedinga og passar på slekta si ære.

Å setje ut barn

Men sagaen fortel òg om eit fenomen som dei fleste av oss vil oppleve som svært brutal åtferd mot eigen familie. Torstein, ein av dei mektige mennene i sagaen, har ein draum i starten av sagaen. Vikingane var overtruiske og trudde at draumar spådde framtida. Draumen handlar om ei ung jente som forårsakar død. Torstein får draumen tolka av ein nordmann som meiner denne jenta er barnet Torstein si gravide kone har i magen.

Torstein seier då til den gravide kona si:

Det er jo så, at du er med barn; føder du et jentebarn, da skal du sette det ut; men er det en gutt, skal du fø det opp». Det var skikk dengang, da hele landet var hedensk, at fattige menn, som hadde mange å syte for, satte barnene ut. (Kent, 1928)

Kva betyr det eigentleg "å setje eit barn ut"? Vi kan vel på mange måtar kalle det vikingtida sitt svar på abort. Om familien ikkje hadde nok mat, eller fekk eit vanskapt barn, hende det at dei la det ut i skogen for å døy. I dag ville vi karakterisert handlinga som hjarterå. Forteljaren av Sagaen om Gunnlaug Ormstunge skriv at det var skikk, men òg at det "gjaldt likevel alltid for ille gjort". Historia viser oss likevel at vikingane hadde eit anna menneskesyn enn vi har i dag.

Ætta i Egilssoga

Egilssoga er blant dei aller mest kjende historiene frå norrøn tid. Årsaka er at helten sjølv, Egil, er ein karakter som langt frå er eindimensjonal. Han blir beskriven som veldig aggressiv, stygg og utan kontroll på temperamentet sitt.

Men sagaen fortel òg om Egil sitt nære forhold til barna sine. Då sonen hans, Bodvar, døyr, går han til sengs og nektar å ete eller drikke. Den einaste som får kontakt med han, er dottera Torgerd. Ho legg seg på soverommet hans. Egil seier til henne: "Er det å vente at jeg livet orke med en slik sorg"? (Larsen, s. 1989, s. 195). Torgerd får faren til å drikke og spør han om å lage eit kvad etter Bodvar. I løpet av kvadet snakkar Egil seg gjennom sorga og orkar å leve vidare.

Sagaen viser oss slik at det i vikingtida, sjølv for dei tøffaste heltane, var rom for sorg og store kjensler for familien.

Den industrielle revolusjonen riv opp storfamilien

Viss vi skal peike ut ei hending i historia som hadde store konsekvensar for familielivet, er det den industrielle revolusjonen. Denne kom til Noreg på slutten av 1800-talet. Overgangen førte til at mange flytta inn til byane for å ta seg arbeid. Den tradisjonelle storfamilien med tre generasjonar i eitt og same hus blei mindre vanleg. I tillegg førte revolusjonen til ei viktig endring: No kunne individet i større grad vere "si eiga lykkes smed". Tidlegare var innsatsen til individet ein del av eit større kollektiv med same mål: Å skaffe føde til familien. No kunne individet flytte bort og søkje lykka på eiga hand.

Ein konsekvens av denne urbaniseringa er ein overgang frå storfamilien til kjernefamilien. Professor i litteratur, Janne Stigen Drangsholt, beskriv det slik:

Det var i løpet av den industrielle revolusjonen at organiseringen av familiestrukturen gikk fra å inkludere mange slektninger i form av en «storfamilie» til bare å gjelde foreldre og barn, eller den såkalte «kjernefamilien». Det vil si at kjernefamilien er en av det moderne industrisamfunnets byggestener, som både sikrer at man har tilgang på arbeidskraft, og at individet selv har et sosialt og økonomisk sikringsnett (Drangsholt, 2019).

Spørsmålet blir då: Korleis blir familielivet skildra i moderne tekstar? Her skal vi prøve å svare på spørsmålet ved å gå gjennom fire skjønnlitterære verk og ein TV-serie.

Legg merke til medan du les:

Kan vi svare på korleis familielivet blir skildra ved å sjå på berre fem verk?

Nei, eigentleg ikkje. Men vi prøver å peike på ein tendens. Tenk over undervegs: Har eg sett eller lese framstillingar av familielivet som er heilt ulike desse fem?

Familielivet i Skam

Første episode av TV-serien Skam kom ut i 2015. Serien handlar om norske ungdommar og blei ein av NRK sine største suksessar nokosinne.

Det påfallande med serien er at han nesten ikkje handlar om familieliv i det heile. Nesten all handlinga handlar om relasjonane mellom ungdommane. Men felles for fleire av hovudpersonane i SKAM er at dei kjem frå oppløyste eller dysfunksjonelle familiar. Dei har deprimerte/rusavhengige mødrer eller fedrar som ikkje er til stades. Unntaket er siste sesong, som viser Sana, som kjem frå eit trygg og velfungerande heim.

Eit av dei få innblikka vi får i karakteren Vilde sitt liv med familien, er ein rørande episode der Vilde må opptre som den vaksne i familien, som elles berre består av henne og mora.

Familielivet i Karl Ove Knausgård sin Min kamp

Eit hovudtema i Noreg sitt mest kjende forfattarskap dei siste åra har vore eit far- og son-forhold. Karl Ove Knausgård har blitt internasjonalt kjend for seksbindsserien sin Min kamp. Serien er kompleks og har mange tema, men sentralt i alle verka er hovudpersonen sine kjensler for sin eigen far.

Karl Ove, både forfattar og hovudperson, tørstar etter den autoritære og distanserte heideren til far sin. Men denne får han aldri. Han både elskar, fryktar og hatar sin eigen far. Dei ambivalente kjenslene kjem til dømes til overflata i bind 4. Faren skal flytte saman med den nye kjærasten sin, og den elles uinteresserte faren tek på Karl Ove, noko som utløyser sterke kjensler:

-Vi holder kontakten, sa han.
Så la han hånden på skulderen min.
Det hadde han aldri gjort før.
Øynene mine ble blanke, og jeg så ned. Han tok hånden til seg, kløv opp i førersetet, startet motoren og kjørte sakte nedover bakken.
Likte han meg?
Kunne det være mulig?
(Knausgard, 2010, s. 137)

Yahya Hassan og familien

Også ein av Danmark sine mest kjende forfattarar har hatt eigen far som hovudtema. Yahya Hassan voks opp i ein heim der barna blei fysisk straffa om dei gjorde noko gale. Han enda opp med å skrive dikt om forholda i heimen. Dikta er skrivne i ein aggressiv tone, alle med store bokstavar. Hassan tok sitt eige liv i 2020.

Helga Flatland

Ein moderne familie heitte Helga Flatland sin roman som kom ut i 2017. Kva viser romanen at kjenneteiknar "ein moderne familie"?

Oppstarten er i alle fall idyllisk: Mor og far inviterer alle dei tre vaksne barna sine til 70-årsfeiring i Italia. Men idyllen brest då dei to fortel barna at dei skal skiljast. Romanen handlar om korleis dei tre barna reagerer på ulike måtar på skilsmissa. Felles for dei alle er, at sjølv om dei er vaksne, går skilsmissa svært inn på dei. Dei opplever at det som alltid har vore eit trygt ankerfeste i ei elles kaotisk verd, er i ferd med å losne.

Er det dette som karakteriserer den moderne familien – oppløysingstendensar?

Diskuter:

Meiner de at orda "oppløysingstendensar" er riktig ord for å karakterisere den moderne familien? Klarer de å finne andre ord de meiner kan brukast?

Vigdis Hjorth om familielivet

"Vigdis Hjorth og Helga Hjorth, et ekte familiehelvete", skreiv Dagbladet på nettsidene sine 9. august 2017 (Hvidsten, 2017.) Bakgrunnen var at Vigdis Hjorth hadde skrive ein roman der hovudpersonen Bergljot, etter fleire års tausheit, fortel familien at faren misbrukte henne då ho var lita.

Korleis kan ein roman, altså fiksjon, utløyse verkelege familiefeidar? Bakgrunnen var at Vigdis Hjorth i intervju uttalte at ho bygde på eigne erfaringar. Samtidig understreka ho at boka var ein roman og fortalde ikkje kva erfaringar frå privatlivet ho brukte i boka. Men familien hennar følte seg i alle fall råka, og Helga Hjort svarte med å skrive ein roman der ho fortalde familiehistoria på sin måte.

Ulike tider, ulike mål

Det går ikkje an å samanlikne sagaer og moderne tekstar utan å kome inn på desse to momenta:

Kva mål har forfattarane?

Målet til mange moderne forfattarar kan vere å skildre kor stor påverknad familien har på individet. Karl Ove Knausgård skildrar korleis han framleis, etter faren sin død, kan få angst og tru at faren er i rommet. Bergljot i Hjort sin roman tenkjer ikkje på anna enn familiefeiden. Forfattarane viser slik korleis vanskelege relasjonar mellom barn, søsken og foreldre påverkar psyken til hovudpersonane deira.

Dette var langt frå målet til sagaforfattarane. Dei ville skrive ned historiene om dei store mennene som var med på å busetje Island rundt år 1000. Målet var å skape realistiske og truverdige tekstar, samtidig som dei skulle gi sagahelten eit godt ettermæle. Dei var altså ikkje interesserte i korleis den truande åtferda til ein far kunne skade sinnet til ein liten gut. Hadde ein viking lese Min Kamp, hadde han nok synst Karl Ove Knausgård var ein feiging, som langt frå fortente nokon høg posisjon i samfunnet.

Kva synsvinkel bruker forfattaren?

Sagaene er fortalde av ein autoral forteljar som ikkje går inn i tankane til personane i historia. Vi veit ikkje kva Gunnlaug tenkjer når han er i konflikt med far sin om ferdagods som 15-åring. Vi veit heller ikkje kva Torgrim tenkjer då stesonen hans Torgils i Sagaen om Floafolket drep ein hest som sjuåring. Sagaen seier kort at Torgrim sender Torgils bort med orda "”Ikke har vi to samme sinn,” sa Torgrim, ”reis nå til Loft, vennen din, for vi vil ikke ha samme lynne” (Bliksrud, 2014)."

Dei moderne forfattarane bruker oftast ein personal forteljar. Vi får full tilgang til tankane til hovudpersonane. Dette er jo ein naturleg konsekvens av det målet forfattarane har: Når dei vil vise oss korleis familielivet påverkar individet, må vi få tilgang til det indre livet til personane.

Oppsummert: Familien i historia før og no

Vi har gått gjennom fem tekstar som skal vise korleis familien blir behandla som tema i litteraturen i dag. Ingen av desse tekstane kan seiast å vere god reklame for kjernefamilien. Betyr det at den moderne kjernefamilien ikkje er ein god stad å vere? Eller har vi berre valt tekstar som tilfeldigvis skriv om dårlege erfaringar? Det finst kanskje uendeleg mykje litteratur og andre medium som framstiller familien som den trygge basen?

Tenk over:

Har du lese bøker, sett filmar eller TV-seriar som framstiller familien på ein positiv måte?

Uansett kan vi konkludere med å seie at:

  • Både ættesagaer og moderne tekstar viser at slekt og familie er viktig for individet: I ættesagaen er dei allierte og forsvararar av ære og status, medan dei i moderne tekstar heller viser kva for ein negativ påverknad eit dårleg familieliv har på individet.
  • Ein forskjell mellom ættesagaene og dei moderne tekstane er at slekta er viktigare for sagaheltane enn for karakterar frå fiksjonen i samtida. I moderne tekstar høyrer vi først og fremst om kjernefamilien.
  • Ein annan viktig forskjell er at moderne tekstar handlar meir om dei kjenslene karakterane har for familien sin. I sagatekstane speler kjenslene ei mindre rolle. Det viktigaste er korleis individet skal forsvare æra til familien og hemne urett.
  • Trass i lite fokus på kjensler i ættesagaene gir dei plass for den sorga ein far føler på når han mistar eit barn. Forteljaren dveler ved augneblinken og lèt sorga komme til uttrykk gjennom replikkar og kvad. I moderne tekstar blir sorg ofte formidla gjennom tankereferat frå ein personal forteljar.

Kanskje kan konklusjonen bli at slekt og familie er eit tidlaust tema? Uavhengig av om han er ein trygg allianse i krigstid på Island eller ein kjernefamilie i oppbrot på 2000-talet.

Kjelder

Drangsholt, J (2019). Fenger familien fortsatt? frå Aftenposten innsikt (7), 2019. Henta frå http://www.aftenposteninnsikt.no/kulturtrender/fenger-familien-fortsatt.

Hvidsten, S. (2017. 9. august). Et ekte familiehelvet. Dagbladet. Henta frå https://www.dagbladet.no/kultur/et-ekte-familiehelvete/68578175

Knausgard, K.O. (2010). Min kamp 4. Oslo: Oktober.

Norrøn saga 1: Egil Skallagrimsson (1989, J. Larsen. Overs.). Oslo: Aschehoug. Henta frå http://urn.nb.no/urn:NBN:no-nb_digibok_2007081504032.

Sagaen om Floafolket (2014, Bliksrud, A. Overs.). Oslo: Saga forlag AS.

Sagaen om Gunnlaug Ormstunge (1928, Kent, C. Overs.). Oslo: Aschehoug. Henta frå https://ndla.no/en/subjects/subject:19/topic:1:186579/topic:1:47954/resource:1:138926?filters=urn:filter:f3d2143b-66e3-428c-89ca-72c1abc659ea

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 06.11.2020

Læringsressursar

Familien i litteraturen