Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Sjå Gjengangere, skriv aleine og tolk saman

No skal du sjå skodespelet Gjengangere av Ibsen. Etterpå skal du skrive om og diskutere dramaet. Stykket er mangfaldig, så det blir spennande å sjå om de har lagt vekt på det same internt i klassen.
Framme sit Pastor Manders i presteklede på ein benk. Bak han står fru Helene Alving framfor ein dørinngang full av planter. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1: Sjå Gjengangere

Sjå skodespelet Gjengangere sett opp av Riksteatret på nettsida til Applaus scene. Framsyninga varer i 1 time og 45 minutt. Du treng Feide-innlogging for å sjå stykket.

Gjengangere på Applaus scene

Tips til lærar

Det beste er nok å sjå stykket saman i klassen ved at du viser det frå datamaskinen din.

Elevane kan logge inn med e-postadressa dei har via skulen viss dei vil sjå stykket heime eller sjå noko på nytt medan dei løyser oppgåvene.

Del 2: Skriv ned førsteinntrykket ditt

Skriv aleine i 15 minutt. Svar på desse spørsmåla:

  • Kva meiner du er det viktigaste i Gjengangere?

  • Kva vil Henrik Ibsen fortelje publikum med dette dramaet?

Del 3: Lag ein kollasj

Lag ein kollasj av det de skreiv på del 2. Målet er å gjere tekstane tilgjengelege for alle i klassen. De kan til dømes

  • sende tekstane inn til læraren, som samlar dei i ein Powerpoint eller eit anna program og legg dei ut på plattforma til skulen

  • samle alle tekstane i eit samskrivingsdokument

  • skrive ut alle tekstane og lag eit hefte

Del 4: Les og diskuter tolkingane til klassen

  1. Les alle tolkingane medelevane dine skreiv i del 2. Medan du les, skal du skrive ned stikkord som viser kva for ulike moment klassen har lagt vekt på.

  2. Diskuter i plenum: Korleis har de tolka dramaet? Skreiv de om det same, eller er det store forskjellar i oppfatninga av det viktigaste i Gjengangere?

Kvifor skal eg gjere dette?
  • Denne oppgåva ber deg først skrive aleine. Når du skriv ned førsteinntrykket av dramaet, utan å diskutere med medelevar på førehand, er det den personlege tolkinga di av Ibsens drama som blir skriven ned.

  • Etterpå skal du lese 25–30 andre tolkingar. Å lese tolkingane til andre av tekst utvidar forståinga di. Kanskje har nokon skrive om noko du ikkje hadde tenkt på i det heile?

  • Når alle i klassen skriv ned tolkingane sine, for så å lese kvarande sine tolkingar, blir alle høyrde (lesne). Då deltek òg dei som ikkje liker å snakke høgt i grupper eller i plenum.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 22.02.2022

Læringsressursar

Familien i litteraturen